Jordprove bilen. Foto: Odd Ingebret Paulsen
UTV (firhjular med tak) som er rigga for jordprøvetaking. Denne har gjort det mogeleg å ta fleire posisjonsfesta jordprøvar, noko som må til når vi skal lage tildelingsfiler til presisjonskalking. Foto: Odd Ingebret Paulsen.

Dei siste åra er det fleire kalkentreprenørar som har oppgradert reiskapen sin og kan tilby kalking med variabel tildeling. Det vil seie at dei i praksis kan køyra ulike mengder kalk på skifte, etter behov.

For at slik variabel tildeling skal ha noko hensikt er me avhengig av å ta fleire jordprøvar enn me tradisjonelt har gjort. Med bakgrunn i jordprøvane blir det utarbeida ei fil som kan lesast av i traktoren eller kalkvogna sitt system.

Vinteren 2020-2021 har me i NLR Rogaland disponert ein UTV (firhjular med tak) som er rigga for jordprøvetaking, noko me skal fortsetje med til neste år. Dette har gjort det meir aktuelt å ta fleire posisjonsfesta jordprøvar.

I store delar av Europa og i korndistrikta på austlandet har dette med presisjonskalking etter kvart blitt meir og meir vanleg. Me har brukt erfaringa frå kollegaer på austlandet for å utarbeide kart og kalkfiler.

Etter å ha lodda interessa blant medlemmene våre har me vore ute på ni bruk og tatt jordprøvar og laga tildelingsfiler. Me har laga tildelingsfiler for heile garden eller for eit utvalt skifte, alt etter kva bonden ønskjer. Ikkje overraskande ser me stor variasjon i pH innan skifta.

Jordprove bilen inne

Ved variabel tildeling av kalk vil ein kunne tilpasse og optimalisera dei områda på skifte kor det er behov, å bruke ressursen der den trengs. Som sagt ser me stor variasjon innan skifta og det er ofte områder ein ikkje treng kalke i det heile medan andre områder kanskje treng fleire rundar for å få tildelt nok. Det er difor ikkje sikkert at mengdene kalk ein må køyre totalt blir noko mindre med å bruke denne metoden, men me vil utnytte kalken betre, noko som kan bidra til jamnar og betre kvalitet på avlinga.

Vidare skal me sjå på to av skifta me har teke hyppige posisjonsfesta jordprøvar på i vinter. På begge skifta er det variasjon i pH og jordtype. Kartet illustrere tydeleg korleis behovet for kalk er på dei ulike skifta, med raud farge som indikerer stort behov og grønt lite, grått område er det ikkje behov for kalk i det heile

Kalkbilde 1. Odd Engebret Paulsen

Eksempel 1

På dette skiftet varierte pHen frå 5,0 som lågast til 7,7. Dette var eit av skifta med størst variasjon, men me såg same tendensen mange stader med stor variasjon på pH. I snitt var pHen på dette skiftet 6,0.

Ved tradisjonell prøvetaking og kalking kan ein jo tenke at dette skiftet ikkje har behov for kalk, då pH i snitt på heile skiftet er 6,0. I dette tilfellet ønskja bonden å kalke opp til 6,2. Ved ein pH som i snitt låg på 6,0 føreslår Skifteplanprogrammet å køyra på 320kg på heile arealet som er 93,6daa. Dette med ein kalktype som gjev 37% verking første år og 50% etter fem år. Totalt ville me ha enda opp med å køyra på 29 856kg kalk på skiftet.

Ved bruk av presisjonsteknologi blei det totalt teke 13 prøvar på dette skiftet og på bakgrunn av den store variasjonen i pH ser me at det er heile 37% av arealet som ikkje treng kalk i det heile. Resten av arealet blir kalka etter pH og jordtype. Total mengde kalk ender nesten nøyaktig på same mengde som ved tradisjonell kalking, 30 428kg med same typen kalk, men kalken blir fordelt meir riktig, me får utnytte kalken betre og me vil oppnå jamnare og betre kvalitet på avlinga.

Kalkbilde 2. Odd Engebret Paulsen

Eksempel 2

I eksempel nr to var variasjonen i pH innan skiftet mindre, men her var det litt variasjon i jordtype med blant anna ein del myr. Dette skiftet er på totalt 109daa.

Snitt pHen på dette skiftet var 5,9. Ved tradisjonell kalking føreslår Skifteplanprogrammet å køyra på 351kg kalk pr daa. Totalt blir dette 38 260kg. Me enda til slutt opp med 15 posisjonsbestemte jordprøvar på dette skiftet. Resultatet av dette blei til at snautt 30daa ikkje trengte kalkast. Ved å presisjonskalka enda me opp med å bruka 26 470kg kalk på dette skifte. Altså ein differanse på ca. 12 000kg kalk, totalt.