Vatnet blir bunde på overflata av jordpartiklane. Dei store partiklane i sandjord har relativt lite overflate til saman, og kan difor lagre lite vatn. Leirjord og siltjord har små partiklar og stort overflateareal til saman, og lagrar masse vatn. Men dette vatnet blir så hardt bunde mellom partiklane at det kan vere vanskeleg for plantene å nå tak i. Mest tørkesterk er difor siltjord. Mold i jorda er også med på å binde vatn.

Lagringskapasitet og behov for vatn i jord
Andre kolonne viser kor mykje vatn ulike jordtypar klarer å lagre. Tredje kolonne viser tal dagar utan nedbør før det blir behov for å vatne (varierer med kor stor fordamping vêret gir). Middels behov for vatning startar når 25 % av vasslageret er brukt opp. Når 50 % av vatnet er brukt opp, går vi over til sterkt behov for vatning. Tabellen har vi fått av Sigurd Eggen i NLR Innlandet.

Tørke hemmar veksten av graset uansett når i vekstsesongen den oppstår. I eit tørkeår kan avlingspotensialet er svært høgt, dersom ein sørgjer for nok vatn. Det ender også i sesongar med høgare prisar ved sal av fôr. Gjenlegga er svært sårbare for tørke. Elva renn ofte forbi jordbruksarealet, og det kan vere ille å sjå på avlinga som visner vekk på jordet like ved. Kan det vere aktuelt å investere i vatningsanlegg?

Jan Karstein Henriksen i NLR Agder har rekna på kostnadane med vatning. Ei ny vatningsvogn kostar om lag 170 000,- kr. I tillegg kjem pumpe og faste installasjonar, der vi kan sette ein pris på 90 000,- kr. Med dette utstyret kan du vatne om lag 150 - 180 daa. Faste kostnader pr. sesong enten vatninga blir brukt eller ikkje, tilsvarar dermed 60 FEm gras/daa. Om vogna blir brukt til ei vatning i eit år, vil sjølve bruken koste om lag 40 FEm/daa, inkludert traktor til pumping og flytting av vogn med uttrekk og inkludert 200,- kr/time for personarbeid. Totalt 100 FEm/daa ekstra pr. år ved ei vatning, 140 FEm ekstra ved to vatningar. I desse berekningane er det også teke omsyn til at meiravlinga kostar å hauste inn. Ved tørkeår, og særskilt på tørkeutsett jord, vil ein oppnå langt større gevinst enn dette. Så spørst det kor mange tørkeår ein ser for seg framover. Beredskap for sikker avling vil også vere ein faktor i denne vurderinga.

Kva slags vasskjelde du har, vil ha stor verknad på kostnaden. Vatn med naturleg trykk er så klart billegast (1,- kr/m3 vatn). Elektrisk pumpe (2,70 kr/m3) er billegare enn traktorpumpe (5,60 kr/m3). Kommunalt vatn kan bli veldig dyrt (4 – 13,- kr/m3).

Til slutt: Har du vatningsvogn må du bruke ho! Det er viktig å starte tidsnok slik at ein kjem rundt på alt arealet før tørken gjer for mykje skade. Tala i denne artikkelen er gjennomsnittstal. Vi hjelper deg gjerne med å vurdere tiltak på eigen gard. Ta kontakt!