Du skal alltid vurdere behovet for bruk av kjemiske middel når ugras skal fjernast. Ofte kan det vere innlysande at det må kjemiske tiltak til for å bekjempe høymole og andre ugrasartar. Her ser vi litt kjapt på nokre middel og bruken av dei. Det er lite nytt for sesongen 2023.

MCPA fekk i fjor namnet Agroxone. Det er same kjemiske middelet som har vore på marknaden i «alle år», (MCPA 750). Dette har heller dårleg verknad på dei mest brysame ugrasa våre i eng. Er godt mot engsyre, krypsoleie og løvetann. MCPA fekk i 2017 redusert høgste lovlege dose til ca. det halve. Behandlingsfrist 14 dagar. I dag er det mest aktuelt til blanding med Express eller Gratil til sprøyting mot frøugras i attlegg.

Mekoprop har hatt fleire handelsnamn. I 2017 blei høgste lovlege dosering redusert til det halve. Difor reknar vi i dag mekoprop for å vere eit dårlegare middel mot bl.a. høymole enn tidlegare, og dårlegare enn fleire andre middel. Behandlingsfrist 14 dagar.

Starane XL og Cleave er same middelet med ulike namn. Godt eigna mot både høymole og løvetann i eng utan kløver. Behandlingsfrist 7 dagar.

Tomahawk 200 og Flurostar 200 er også to like middel med ulike namn. Desse er kanskje dei mest tilrådde midla mot høymole i eng utan kløver. Midla har brei verknad, og er gode også mot løvetann, syre, nesle og vassarve. Flurostar har siste behandlingstidspunkt 31.07, medan Tomahawk kan brukast ut august månad. Seinare på hausten må ein bruke andre middel.

Duplosan Super er eit preparat med 3 kjemiske stoff, og er kanskje det middelet med breiast verknad. Dette også vil skade kløver. Middelet er godt både mot høymole, soleie, syre, løvetann, vassarve, nesle, dikesvineblom, tistel mfl. Duplosan Super er kanskje det beste middelet også mot dei litt vanskelege ugrasa engkarse og hundekjeks (?). Duplosan Super har sine meir negative sider når vi kjem til pris og behandlingsfrist. Behandlingsfrist på 21 dagar kan vere problem i beite.

Banvel er det dyraste kjemiske middelet vi brukar i eng. Det er svært godt mot høymole, og kan gjerne brukast til punktsprøyting, kanskje spesielt mot byhøymole. Behandlingsfristen er også her på 21 dagar.

Gratil + klebemiddel er førstevalet mot høymole i eng med kløver. Gratil er eit lågdosemiddel som verkar seinare enn dei andre midla som er nemnde, og er hakket dårlegare enn andre middel mot høymola.

Det kan vere aktuelt å blande nokre av desse eller andre middel. Ta kontakt med ein av rådgjevarane våre for meir detaljert informasjon omkring bruk av kjemiske middel i eng, attlegg og beite.

På nettsida finn du «Verknadstabell for ugrasmiddel i ENG OG BEITE» og «Verknadstabell for ugrasmiddel i ATTLEGG».