Hageblåbær-etablering av felt

12.03.2018 (Oppdatert: 21.03.2018) , Lars Kjetil Flesland

Ei vellukka planting av hageblåbær, kan stå i mange år. I USA finn vi felt som sjølv etter 40 år er i full produksjon. Difor må vi tenkje langsiktig når vi plasserer feltet. Sidan vi befinn oss på den klimatiske yttergrensa for hageblåbær, må vil leggje feltet der lokalklimaet er best.

Høge drillar, dekka med fiberplast. Dette gir god ugraskontroll og auka temperatur i drillen.

Val av stad

Ei vellukka planting av hageblåbær, kan stå i mange år. I USA finn vi felt som sjølv etter 40 år er i full produksjon. Difor må vi tenkje langsiktig når vi plasserer feltet. Det er ein absolutt føremon å byrje denne planlegginga eitt-to år før vi plantar. Det er mange omsyn å ta: Kan feltet utvidast? Kor lett er det å ha det daglege tilsynet? Korleis er det å få fram vatn til eit vatningsanlegg? Når vi kjem til den dagen vi skal selje bæra, har vi klart ei omsetnadsform? Desse og mange fleire spørsmål bør vi ha drøfta før vi plantar. Den beste måten å starta denne førebuinga på, er ved å delta på kurs og ved å besøka etablerte dyrkarar. 

Når vi endeleg har bestemt oss for stad, og har opparbeidd jorda, bør vi gjennomføra ein grundig ugraskamp. Jordprøvar må også takast ut for bl.a. sjå kva pH som er i jorda. Vi bør og analysera jorda for innhald av fosfor, kalium og magnesium. Vi vil få eit svært godt utgangspunkt for plantene neste vår, dersom vi brakkar om våren og sår i ein forkultur, t.d. poteter. Vidare bør ein få planlagt feltet med omsyn til transportvegar, vatning og inngjerding. Ikkje minst må ein få sett opp ei liste over tal på buskar og kva sortar som skal tingast. Tinging av buskar bør skje om hausten føre planting, - kanskje tidlegare. Kor mange planter ein treng, vert avgjort av planteavstanden (Sjå tabell 2). Vanlegvis tilrår vi 3,5 meter mellom rekkjene der du skal inn med traktor, og 1,5 meter mellom plantene i rekkja. Half-High sortane kan plantast noko tettare. I tillegg treng vi vendeteig på ca. 5,0 meter i kvar ende av feltet.

 

 Tabell 1. Faktorar som bør vera med når stad for feltet skal veljast

Faktorar

Positivt

Negativt

Jordart

Høgt innhald av organisk materiale.

Silt og finsand.

Leire. Sortert sand og grus. Lågt humusinnhald. Rein torvjord på lågtliggjande område.

Laus jordstruktur

Tett jordstruktur

Vatn.

Lett tilgang til vatningsvatn.

Sikker vasskjelde, - i tørre år.

Overflatevatn

Langt til næraste vasskjelde

Usikker i tørre år

Kalkrike bergarter gjev høg pH i grunnvatn

Kalktilstand i jorda

pH 4,0-5,5

pH over 5,5.

Kalkførande bergarter i området.

Framherskande vindretning

Gode leforhold

Dårlege leforhold

Andre klimafaktorar

Stabil vinter, ikkje for kald

Normalt godt vêr i blomstring

Normalt godt vêr i haustetida

Stabile snøforhold

Vekslande vintertemperaturar

Mykje regn i blomstring og under hausting

Ustabilt snødekke.


Grunngjødsling.

Grunngjødsling og justering av pH gjennomfører vi før vi drillar opp feltet. Husdyrgjødsel kan godt nyttast. T.d. er det frå Polen tilrådd opp til 4 tonn fast storfegjødsel pr. dekar. Brukar vi fullgjødsel, er det berre klorfattig fullgjødsel som er aktuelt. Ved dosering, gå ut frå 4-6 kg N pr. dekar.

Justering av pH.

Høg pH er eit av dei viktigaste problema når nye felt skal etablerast. Symptom på for høg pH er gulaktige blad med grøne nervar, særleg på nye skot. Blada er små og vert ofte brune og dett av busken før tida. Buskane veks dårleg og nokre vil døy ut. Planter som har stagnert i vekst som fylgje av høg pH vil ikkje koma seg igjen, sjølv om pH seinare vert korrigert. Blåbær som er planta på jord med for høg pH må som oftast sanerast og feltet plantast til på nytt for å oppnå jamn og kraftig vekst. 

pH i jord til hageblåbær bør liggje mellom 4,5 og 5,5. Bruk den øvre grensa som mål når du plantar, sidan pH vil bli redusert som fylgje av N-gjødsling. Tabell 3. Viser kor mykje svovel som må til for å redusera pH i ulike jordarter. Vær klar over at svovel i seg sjølv ikkje fører til surare jord, men den mikrobielle prosessen som overfører svovel til sulfat. Denne prosessen krev varm og fuktig jord. Tilførsel av svovel om hausten vil difor normalt ikkje føra til forsuring av jorda før neste sommar.

 

Tabell 2. Plantetal i høve til rad- og planteavstand.

 

Radavstand, meter

2,5

2,75

3,00

3,25

3,50

3,75

4,00

Planteavstand, meter

1,00

400

364

333

308

286

267

250

1,25

320

291

267

246

229

213

200

1,50

267

242

222

205

190

178

167

1,75

229

208

190

176

163

152

143

2,00

200

182

167

154

143

133

125

2,25

178

162

148

137

127

119

111

2,50

160

145

133

123

114

107

100

2,75

145

132

121

112

104

97

91

3,00

133

121

111

103

95

89

83

Døme: Radavstand 3,5 meter og planteavstand 1,75 meter, krev 163 planter pr. dekar. Hugs at transportvegar kjem utanom.

 

Tabell 3. Mengder av svovel eller ammoniumsulfat* som skal til for å redusera pH i jord.Kjelde: CEO, The University of Georgia 1989.

pH i Jorda før svovling.

Ynskt pH i jorda

4,5

5,0

5,5

Sand

Silt

Leire

Sand

Silt

Leire

Sand

Silt

Leire

Kg svovel pr dekar**

7,0

93

234

376

73

186

298

59

142

229

6,5

73

186

298

59

142

229

39

98

156

6,0

59

142

229

39

98

156

20

49

78

5,5

39

98

156

20

49

78

0

0

0

*: Ynskjer ein å bruka ammoniumsulfat til å senka pH med, gangar ein tala i tabellen med 6 for å finna rett mengd.

**: For å redusera kostnaden, senk pH berre i radene. 1 dekar tilsvarer ca. 1000 meter rad.

 

Innblanding av sagflis

Er det organiske innhaldet i jorda lågare enn 3% bør det blandast inn sagflis eller anna organiske materiale i jorda før planting. På vestkysten av USA tilrår dei å blanda inn eit 9 cm tjukt lag med sagflis (frå douglasgran) i matjordlaget i drillane, ned til 25 cm. Dette vert gjort ved å leggje ut sagflisa i 90 cm breie band der drillane seinare skal lagast. Sidan sagflis bind nitrogen må det tilførast ekstra med nitrogen, tilsvarande 0,4 kg N pr m3 sagflis. Omrekna til norske forhold, vil det med 3 meters radavstand gå med 30 m3 sagflis pr dekar. For å oppvega for N-bindinga må det blandast inn 12 kg N (25 kg Urea) pr dekar.

Kva med området mellom rekkjene?

Mellom planterekkjene er det vanleg enten å så gras, eller å halde området vegetasjonsfritt. Eit grasdekke mellom rekkjene, er ofte å føretrekkje. Det er mindre fare for erosjon, og det vert mindre sølete å ferdast i feltet i våte periodar. Sår ein til med gras, vert problemet med andre ugras mindre. Såing bør gjerast etter drillane er oppkøyrde, men før planting. Dette for å hindra for sterk spiring av grasfrø i plantehola. Vel ein å ha det vegetasjons-fritt mellom rekkjene, må ein dei fyrste åra føreta gjentekne sprøytingar med spirehemmande middel. Etter kvar vil ein få eit mosedekke på jorda som vil redusera trongen for ytterlegare sprøytingar.

Jorddekke

Over alt vert det tilrådd å bruka jorddekke i hageblåbær, så også her i landet. Vanlege dekkemiddel er bork, flis og plast. Dei ulike dekkemidla har sine føremoner og ulemper, sjå tabell:

Dekkemiddel

+

-

Bork og flis

 

Tilfører organisk materiale. Vernar mot rotfrost.

Reduserer ugrasmengda

Reduserer fordamping

 

Seinkar oppvarming av jorda om våren.

Bind nitrogen og aukar dermed

gjødseltrongen.

Må fornyast med jamne

mellomrom.

Plast

 

Høgare jordtemperatur

Varer lenger enn bork og flis.

Meir effektivt mot ugras enn bork og flis.

 

Tett plast hindrar vass- og gjødseltilførsel, og krev installasjon av dryppvatningsanlegg.

Voven plastduk er kostbar i

innkjøp.


Planting.

Her i landet tilrår vi planting på drill, kanskje opp i mot 40 cm høge. Denne oppdrillinga kan ein godt gjere hausten før, medan jorda er lagleg å arbeida med. Ein kan også leggje ut aktuelt dekkemiddel på den tida dersom tida tillet det. Om ikkje bør ein sprøyte drillane med ei eller anna form for spirehemmande middel. Det er ein føremon å få planta så tidleg om våren som vêr og klima tillet. Buskar som ennå er i kvile når dei vert planta, vil klara seg mykje betre i den fyrste kritiske fasen, enn buskar som alt har fått blomstrar og lauv. Vær nøye med plantinga, at jorda vert skikkeleg klemt rundt røtene, og at busken er planta djupt nok. Når vi plantar på drill, vil jorda i drillen etter kvart siga noko saman. Plantar vi for grunt, vil buskane etter kvart stå på drillen med deler av rotklumpen over. Dette vil utsetje busken for tørke. Planteholet bør gravast minst 4 gonger så stort som klumpen på busken. Ofte kan det vera ein føremon å ha noko våt torvjord ned i planteholet når du plantar. Etter busken er planta, skjer bort alle skadde og sjuke greiner og fjern alle blomsterknoppar. Nyplanta buskar er særleg utsette for sviing av røtene med hjelp av gjødsel. Har ein difor grunngjødsla, kan ein oftast vente til neste år med neste gjødsling.

 

Planleggingskalender for hageblåbær

År(et) før planting

  • Ta jordprøve av feltet
  • Gjer jorda surare med svovel dersom pH er høgare enn 5,5
  • Tilfør fosfor (P) og kalium (K) dersom det trengst.

 

År 1.

  • Test pH og næringsinnhald i sagflis eller andre organiske materialar du ynsjer å bruke.
  • Tilset 0,4 kg N pr m3 sagflis du brukar (N i form av amonium NH3).
  • Bland gjødsel og sagflis inn i jorda.
  • Lag drillar.
  • Plant blåbærbuskane (vår eller tidleg haust).
  • Test pH i det organiske dekkematerialet, om du brukar det.
  • Tilfør organisk dekkemateriale,
  • Klipp bort alle blomsterknoppar.

Vår: Tilfør totalt 10g N (22g urea) til kvar plante. Nitrogen bør delast i 3 like prosjonar i april, mai og juni, - eller bruk ei enkel gjødsling med seintverkande gjødsel. Test pH og juster pH om det trengst.

Sommar: Ta bladprøve av dei sist fullt utvikla blada frå denne sesongens skot i tidsrommet midten av augsut til 1 veka i september. Ta 5 blad frå minst 10 planter jamnt fordelt over feltet.

Vinter: Klipp bort alle blomsterknoppar.

 

 

År 2.

Vår: Auka N-gjødslinga opp til 20 g N pr plante. Følg dei andre råda som er gitt for år 1.

Vinter: Klipp for å forma busken og gje rom for ei lita avling.

 

 

År 3. og 4.

Vår: Tilfør 23-26 g N pr plante. Følg dei andre råda gitt for år 1.

Sommar: Haust avlinga.

Vinter: Klipp.

 

 

Planter eldre enn 4 år, eller buskane har vakse saman.

Vår: Tilfør organiske dekkematerialar og andre gjødselslag enn N, etter behov. Til planter eldre enn 6 år, tilfør totalt 12-19 kg N pr dekar (27-41 kg urea pr dekar). Nitrogen skal tilførast i tre omgangar i april, mai og juni.

Sommar: Ta bladprøve for analyse som beskrive i år 1. Hauste avlinga.

Vinter: Klipp buskane.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.