Hageblåbær. Forming og klipping

21.03.2018 (Oppdatert: 30.01.2019) Lars Kjetil Flesland

Mars er det tid for klipping av blåbærbuskane. Svulmande blomeknoppar, faste og friske inni viser at vinteren ikkje har vore for hard.

Klipping og forming av hageblåbær er viktig for å oppnå passe avling og god kvalitet på bæra. Foto: Lars Kjetil Flesland

Blåbær vert produsert på 1.-årige greiner. Dette medfører at avlinga kjem lengre og lengre ut frå rot og stamme for kvart år som går. Næringsstoff og vatn må transporterast lengre, og busken må fø på ein større og større del uproduktive greiner og blad. Gamle greiner transporterer vatn og næring dårlegare enn unge, og vil etter kvart verka som ein flaskehals.

Svak (ingen) skjering vil etter få år føra til for tette buskar, med mange små bær. Bær som modnar for seint, som er små og har alt dårleg kvalitet. Rett klipping gir  buskar som gir god avling, store bær med god kvalitet.

Samanlikna med frukttre og andre bærbuskar, krev hageblåbær likevel lite skjering. For sterk skjering reduserer avlinga, men bæra vert store og får god kvalitet.

Skjering kan ein gjere frå slutten av hausting til blomstring, men det er no i februar-mars-april det oftast vert gjort.  Skjering om hausten fører til seinare blomstring og mindre fare for frostskadar i blomsterknoppar og blomstrar, men auka fare for tilbakefrysing av greiner og skot.

Skjering i mars (eller ingen skjering) gjev tidlegast blomstring. Alderen på buskane er også med og avgjer kor sterkt, og korleis vi skal skjera. I nye felt er hovudoppgåva vår å få god vekst i feltet og planter som raskt kan gje høg og stabil avling. Under har vi gjenngitt råd for forming av buskar, slik rettleiinga i USA tilrår. Tendensen i dei seinare åra er tettare plantingar, og dermed også kraftigare skjering.

 

Arbeidsgangen ved klipping.

Forming av buskar etter alder.

Teikningane under er henta frå: http://pubs.caes.uga.edu/caespubs/pubcd/l106-w.html

Nyplanta buskar

  1. Fjern alle blomsterknoppar det første året etter planting.
  2. Fjern svake skot og smågreiner. 
  3. Året etter planting kan ein tillata at nokre få blomsterklasar får stå att etter klipping, men berre på dei aller sterkaste skota. La berre nokre få rotskot få utviklas seg, for å få dei kraftigast mogeleg
   

Unge buskar

  1. Etter kvart som buskane vert større år for år kan ein tillate at ein stadig større del av blomsterknoppane får få utvikla seg til blomster og bær.
  2. La berre 2-3 rotskot få utvikla seg kvart år, og fjern dei andre. Når busken er 6 år gamal skal han ha maksimalt 10- 12 greiner.
   

Eldre buskar

  1. Skjer bort alle greiner som er eldre enn 6 år. Skjer desse heilt ned til rota, eller til eit nytt kraftig skot.
  2. Skjer bort alle skadde greiner.
  3. Veks det fram fleire enn to nye skot frå grunnen av, skjer dei overflødige bort. La dei sterkaste stå att.
  4. Svake greiner som ikkje vil klare å halda oppe bæravlinga over bakken, kortar ein inn eller fjernar heilt.
  5. Der greiner gnikkar mot einannan skjer ein bort den eine.
  6. Er det mykje svak, forkrøpla fruktved, fjern dette.

Sjå informasjonsvideo på nettet.

Det finst mange informative videoar på nettet. Under har vi vist nokre:

 

Universitetet i Kentucky: https://www.youtube.com/watch?v=a_GQI7ROac0

 

How to Prune your Own Blueberry Bushes: https://www.youtube.com/watch?v=27KzymAbpRA



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.