Plantevern i hageblåbær

16.04.2018 (Oppdatert: 17.04.2018)

Ugras utgjer den største plantevernmessige ufordringa i hageblåbær. Det er viktig å får bort fleirårige ugras før etablering av feltet. Av soppsjukdomar har Phytophtera skapt problem i einskilde felt, samt Godronia greindaude. Av insekt er det særleg snutebiller vi er redde. Bladlus kan redusera tilveksten einskilde år.

Bladflekker på "Bluetta" hageblåbær.

Ugras.

Blåbærfelt har lang omlaupstid. Ugras kan difor skapa alvorlege problem, sidan blåbærbusk-ane har liten konkurranseevne. Ugraskontroll er difor viktig, spesielt tidleg i omlaupet. Ugraskampen startar alt før planting. Det er viktig at alle fleirårige ugras er drepne før ein plantar feltet. Beste måten er å starta med ein åkerkultur, t.d. potet året før planting og brakking om hausten. Seinare år må ein så hindra ugras å etablera seg på nytt. Dette kan gjerast med både mekaniske og kjemiske hjelpemiddel, og med hjelp av jorddekke i ei eller anna form. 

Jordarbeiding mot ugras er mykje nytta i ut-landet. Denne må vera grunn for å redusere skadane på rotnettet. Ofte, grunn jordarbeiding i begge retningar, kan gje tilfredsstillande ugraskontroll, men jorddekke og/ eller bruk av kjemiske ugrasmiddel er å tilrå nær buskane. Eit 7-10 cm tjukt lag med bork eller flis, lagt ut ved planting og auka til 15 cm etter nokre år, vil gje god kontroll av ugras. Plastdekke kan og nyttast. Plastdekke vil i tillegg redusera for-dampinga og auka temperaturen i jorda. Kostnadene med innkjøp av dekkemateriale og arbeidet med å legge det er høge, så heildekkande jorddekke er sjeldan brukt. Plantar ein på drill, bør denne haldast fri for vegetasjon med eitt eller anna jorddekke. Området mellom drillane kan godt såast til med gras. Bruk av flis og/eller bork er sjeldan nok for effektivt å hindra ugras. Ein kombinasjon av jorddekke og bruk av kjemiske ugrasmiddel er difor mest brukt. Ugrasmidlar verkar selektivt på mange eitt- og fleirårige ugras, og kan gje god ugraskontroll i etablerte plantingar og kontrollere eittårig ugras i nye blåbærfelt. Bruk av ugrasmiddel i nye plantingar må bli gjort med varsemd, sidan unge planter har eit lite rotnett nær jordoverflata. Plantene kan bli alvorleg skada av kjemikalium som vert påført i for store dosar.

Få middel er registrert for bruk i blåbær, sidan kulturen er heilt ny her i landet. Nokre middel vil likevel kunna nyttast med framifrå resultat. Kva middel ein skal bruka, vert avgjort av fleire faktorar i samspel, som ugrasart, jordart, og verforhold. Bruk den lokale rettleiingstenesta for å få råd om kva som er rett for deg. Norsk landbruksrågiving sender kvart år ut "Plantevernplan Frukt og Bær" med oversikt over tilgjengelege plantevernmidlar.

 

Fugl.

Mange fuglearter et bær. Trast er den viktig-aste skadegjeraren hjå oss, men skjære og måke kan også gjera stor skade einskilde stader. Fugl kan hausta 100 % av avlinga om ikkje noko vert gjort. Å dekka feltet med fugle-nett er einaste effektive løysing. Fuglenett er laga av lett plastmateriale og vert halde over feltet av wirar og stokkar. Skikkeleg oppsett, vil nettet halda fugl effektivt borte frå bæra. Kostnadane til investering og oppsett av fuglenett, er relativt store, men meiravlinga vil normalt betale kostnadane attende på få år. Nettet må takast ned etter hausting og setjast opp at før bæra vert blå neste år. Vert nettet ikkje teke ned, kan snø og is om vinteren bryte ned rammeverket og skada plantene.

 

Beitedyr

Med beitedyr meiner vi alt frå mus til storfe. Desse kan koma inn på feltet og gjera stor skade med beiting og trakk. Særleg mus og hare kan gjera stor skade på buskane vinterstid. Mot større beitedyr er gjerde einaste effektive middel. Det finst særskilde viltgjerde som er meir finmaska nær bakken enn lengre oppe, som difor hindrar alt frå hare og opp til elg å koma gjennom. Mus trivest best der det er mykje ugras i felta, og der det er nytta dekkemiddel som musa trivst i.

 

Sopp

Mumiebær. Mumiebær er til no ikkje påvist i Noreg. I det nordvestlege USA er mumiebær den vanlegaste, og mest alvorlege soppsjukdomen. Sjukdomen skadar skot, lauv, blomstrar og frukt, og kan redusere avlinga med opp til 70 %. I mumiebæra, vert fruktkjøtet erstatta med soppvev. Dette soppvevet dannar harde mumifiserte bær, eit sclerotium, som er overvintringsstadiet til soppen. Om våren infiserer soppen blåbærknoppane straks dei opnar seg. Skot og blomstrar vert brune som om dei var skadde av frost. Om lag tre veker etter fyrste infeksjonen, vert embryo infisert gjennom blomsteren. Mumiebær må bekjempast med kjemiske middel. 

Gråskimmel (Botrytis) er ein annan lei sjukdom på blåbær. Gråskimmel vert eit problem i regntunge år. Om våren skjer den farlegaste skaden, når soppen angrip blomstrane. Desse får eit grått soppbelegg og visnar og daudar. Svakare skadar viser seg fyrst når bæra byrjar og moda. Angripne bær vert raudfiolette rotnar og får etter kvar det same gråe soppbelegget. I særleg fuktige og varme somrar kan gråskimmel også angripe nye skot og blad. Sterkt gjødsla felt er meir utsett for gråskimmel enn andre.

Godronia (Visnesjuke, greindaude, greinkreft) er den enkelssjukdomen som til no har gjort størst skade her i landet. Særleg andre året etter planting kan denne sjukdomen setje feltet sterkt tilbake. Visnesjuke angrip eitt- og toårige greiner og kvister. Angrepet startar frå infiserte bladarr og mekaniske sår. Etter kvart får vi danna avlange brune flekker langs greina som etter kvart vert grå inni. Når denne sjukdomen utviklar seg rundt heile greina, visnar den delen av greina som er lengre oppe. Enno har vi ingen effektive kjemiske middel mot denne sjukdomen. Alle angripne greiner bør klippast og fjernast frå feltet. Dette gjeld også brune, vinterskadde toppar om våren, då desse ofte også inneheld denne sjukdomen.

 

Insekt

Få insekt er skadedyr i blåbær. Blant problem-atiske insekt finn vi ymse bladlus, skotviklarar, rotsnutebiller og midd. Får du problem med insekt, kontakt rettleiingstenesta før du tek til kjemiske rådgjerder. Vis omtanke til tidspunktet for sprøyting, sidan dette kan vera ein nøkkel for å lukkast med behandlinga. I tillegg må du ta omsyn til biene. Mange insektmiddel som vert brukt føre blomstring, er sterkt giftige for bier, og må ikkje nyttast i bløming. Bier og humler er naudsynt for pollinering av blåbæra. Dårleg pollinering resulterer i lågare avling og mindre bær. Kontakt næraste birøktar før du brukar sprøytemiddel som er farlege for bier. Dette vil hindra deg i å drepe biene, og skapa eit betre forhold mellom birøktar og dyrkar. 

Rotsnutebiller. I Noreg er rotsnutebille viktig skadegjerar i t.d. jordbær. Men også i hageblåbær kan lita jordbærrotsnutebille og veksthussnutebille skapa problem. Dei overvintrar som larver i jorda, og beitar på planterøtene. Vaksne biller er 5 - 8 mm lange. Lita jordbærrotsnutebille er vanlegvis svart, men kan vera lys- til mørkt brune. Veksthus-snutebilla har vanlegvis nokre få gule eller oransje flekker på bakkroppen. Larvene er like, unnateke i storleik. Dei er beinlause åmer med kvite kroppar og brune hovud. Dei er kjenneteikna med bøygd kropp lik bokstaven "C". Puppa, som er om lag like stor som det vaksne insektet, er kvit. Den er mjuk og viser konturane av det vaksne insektet. I april-mai forpuppar larva seg. Vidare omdanning til vakse insekt skjer sist i mai eller tidleg i juni. Dei vaksne billene beitar på blad og startar egglegginga tre til fire veker etter dei dukkar fram. Rotsnutebiller legg egga sine på jord. Larvene som klekkjer frå egga, borar seg ned i jorda og lever på røter. Dei beitar og utviklar seg på ei rekkje planter. Infiserte nabofelt, skogteigar, hekkar, o.s.v., kan alle infisere nye plantefelt. Størst skade gjer larvene som beitar på røtene. Beitinga dei vaksne gjer på blada, gjer liten skade, men er tydeleg merke på at billene er i feltet. Billene beitar om natta, og vender attende til bakken om dagen. Billene kan ikkje flyge, så dei vil bruka 2-3 år på å spreie seg over eit stort nytt felt. Billekontroll er nesten alltid avhengig av kjemikalium. Haustpløying av areal som skal plantast til, vil verna plantene førstkomande vår. Det er viktig å vita om biller har invadert plantefeltet. Eit felt utan biller treng ingen behandling. Dette sparar dyrkaren for pengar, og reduserer faren for andre problem som følgje av at nyttefaunaen vert skadd.

 

     
 Godronia griendaude  Veps kan bli plagsam enkelte år.