Heimelaga hakker og salt mot tistel

01.02.2021 (Oppdatert: 01.02.2021) Ole Arnfinn Røysland

Tistel kan gjerne bekjempast mekanisk med tilstelhakke. I denne artikkelen kjem det døme på ulike tistelhakker som ein kan lage sjølv, samt nokre prinsipp ved tistelhakking.

Tistelhakke som er ei omslipt gamald grafse. Det vert ei lett men svært solid tistelhakke. Laga av Kristin Høgemark.

Artikkelen stod først på trykk i fagbladet Økologisk Landbruk 2018 nr. 1

 

I mange område er myr- og vegtistel eit stort problem. Dette gjeld spesielt i beiteområde. Heldigvis er det gode moglegheiter for å nedkjempe desse tisteltypane med enkle reiskapar.

Både myr- og vegtistel er toårige planter. Fyrste året dannar dei ein bladrosett og bygger opp næringsreservar. Denne rosetten overvintrar, før planta dannar stengel med blom og frøsetting andre året. Begge tisteltypane formeirar seg utelukkande med frø. Frøa hos begge tistelartane er  svært spirevillige. Det betyr at dette er eit ugras som lett tek overhand dersom ein ikkje fører ein kontinuerleg kamp mot det.

Slår til i vekstpunktet

Begge desse tisteltypane har eit grunt rotsystem og vekstpunktet like under jordoverflata. Fleire forsøk utført av NLR Rogaland har vist at kutting av planta like under jordskorpa er ei effektiv bekjemping. Det er viktig at ein får med seg alt det grøne av planta for å vere sikker på at vekstpunktet er øydelagt. Under normale forhold vil både rota og dei overjordiske delane av planta tørke ut og døy etter ei slik behandling. Dersom ein får med svært mykje jord når ein høgg av tistelen kan det vere naudsynt å dele han opp i fleire bitar for å vere sikker på at tistelen skal tørke ut. Dette kan òg vere naudsynt i tilfelle med store planter, eller der planta står i full blomst for å vere sikker på at planta tørker ut. Bekjemping av tistel kan utførast både vinter, vår og somar.

Reiskap du fiksar sjøl

Det er mange reiskapar vi kan bruke for å ta knekken på tistel, og fleire kan lagast heime. Det er ikkje nokon fasit på kva som er best, men prinsippet er å kutte planta under jordskorpa. Kva patent ein vel kjem an på mengde tistel, terreng og personlege preferansar. Her har me teke med eit utval av heimelaga hakker som inspirasjon.

 

Dette er ei heimelaga hakke laga av ein fôrhausterkniv der det er sveisa på eit stålrøyr for montering av skaft. Hakka har ei god tyngdefordeling, som gjer det lett å slå av tistlane og komme til litt ned i jorda. Hakka er til gjengjeld tyngre å drasse med seg rundt om i beitet.
Laga av Ivar E Espeland

Hakkehovudet er laga av ei skålhorv. Fordelen med denne er at ho er lett å dra med seg. Ein har både ei brei og ei smal side som begge er kvasse. Dermed kan ho òg brukast på tronge stader, mellom stein og kratt.
Laga av Otto Apeland

Dette er to tindar frå ei gamal fjørhorv som er sveisa saman i lengderetning. Her er det òg valt å slipe den eine enden flat og den andre spiss, dette for å utvide fleksibiliteten til hakka. Eit solid alternativ med høg effektivitet og lang levetid.
Laga av Jan Sveinung Heskestad.

Her er ein variant som ikkje krev sveising. Det er ei ordinær potethakke som er slipa om. Lettare å lage enn dei øvrige hakkene. Ho er òg lett å bære med seg i beite, men noko svak i overføringa mellom skaft og hakke.
Laga av Birge Bådsvik

Denne varianten er eit resultat av omsliping av ei gamald grafse. Fordelen med denne hakka er at det er eit solid skaft, og solid overføring mellom skaft og hakke. I tillegg er ho lett å bære med seg. Kristin Høgemark har laga den.

Dette er eit alternativ som ikkje krev omarbeiding. Det er ein forskalingshammar. Her nytter ein "kloa" på baksida av hammaren til å hakke opp tistelen med. Det er ein fordel at "kloa" er rett som på biletet, og ikkje krumma som på ein vanleg hammar. Denne varianten passar godt dersom ein har store areal og relativt få og spreidde tistlar. Hammaren er lett å bære med seg, og kan ligge i traktor og firehjular utan at han ligg i vegen. Dermed har ein alltid ei tistelhakke tilgjengeleg.

Salt:

Her er prinsippet å tre på seg solide gummistøvlar og ta med seg ei bøtte med salt. Dersom ein set hælen godt ned midt i tistelen, vrir foten for å lage eit solid sår i tistelplanta før ein plasserer ein neve med salt i krateret, vil dette òg føre til uttørking og død for planta.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.