Helgjødsel til eng og beite

10.01.2018 , Ragnvald Gramstad

Helgjødel har vore på marknaden i mange år, og er godt innarbeida som eit bra alternativ som mineralgjødsel til beite og eng. Helgjødsla er i stadig utvikling, og ein har etter kvart fått til ein betre pellets med mindre støv.

Helgjødsel bør vera eit rimeleg og bra alternativ til til dømes 22-2-12. Helgjødsel 18-1-10 kan i tillegg fungera bra som ei NK gjødsel på fulldyrka jord der ein treng både kalium og kopar.

Bruk av Helgjødsel til beite

Helgjødsel 18-1-10 kan ein i dag få levert med Selen (Se). Dette er eit viktig mikronæringstoff for å kunna oppretthalda eit godt immunforsvar til sau, ammeku og drektige kviger på beite.

I tillegg kan ein få kjøpt både Helgjødsel 18-1-10 og Helgjødsel 18-1-2 tilsatt kobolt og kopar.

Helgjødsel 18-1-2 er særs aktuell på beite om våren i kombinasjon med husdyrgjødsel. Til dømes vil 20 kg/daa 18-1-2 tilsatt 4 kg koboltsulfat per tonn sikra tilstrekkeleg forsyning av kobolt gjennom heile vekstsesongen.

Bruk av Helgjødsel til eng

Næringsinnhald i fulldyrka jord og beite i Rogaland er rimeleg godt med omsyn til pH, fosfor og kalium. I tillegg er det som oftast god status med omsyn til innhald av magnesium.

Det er imidlertid som oftast større variasjon i innhald av kopar. Kopar er viktig for god vekst i plantene og i neste omgang viktig i grovfôret til dyra.

Alle dyr må som oftast ha ekstra tilskot av kopar. Dette vil normalt bli dekka gjennom kraftfôr og anna mineraltilskot. Når det gjeld å syta for tilstrekkeleg tilgang av kopar for normal plantevekst, må ein etter kvart vedlikehalda kopargjødslinga.

Av mineralgjødsel er det i dag berre Helgjødsel som inneheld kopar. Helgjødsel tilsett kopar (15 kg koparsulfat/tonn gjødsel) kan vera med på å vedlikehalda koparnivå i jorda.

Tilføring med til dømes 40-50 kg/daa Helgjødsel 18-1-10 tilsett kopar vil tilføra om lag 150 gram kopar/daa.

Det er viktig å ta med desse vurderingane i samband med utarbeiding av dyrkings- og gjødslingsplan for 2018.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.