Ei farleg tid

Tida mellom april og oktober er den «farlegaste» når det gjeld skader og ulukker i landbruket. Dette heng sjølvsagt saman med at dette er vår korte vekstsesong her i nord, og at alt må skje i denne perioden. Det er lite vi kan gjere med lengde på vekstsesong og vêret, bortsett frå å klage då.

Det vi kan gjere noko med

Mange av innsatsfaktorane kan vi styre og gjere så optimale som mogleg i god tid før sesongen. Skulle berre, uoppmerksam, hastverk, tok ein sjanse, manglande sikring, dårleg arbeidsstilling. Dette er årsaker bønder oppgir som grunn til at uhell skjer. Uhell skjer alltid når det passar minst, og du er minst budd på at det kan skje. Svaret er då å alltid bu seg på at det verste kan skje, og syte for at ein alltid har marginar å gå på dersom det skjer.

Kvile
Alle treng kvile av og til

Førebuinga:

  • Sørg for at traktor og maskiner er i orden, dekk, lufttrykk, styring og bremser, setebelte, ventilasjon. Olje og filterskift er fint vinterarbeid. Sjekk at alle vernedeksel er heile, at dei dekkjer overgangar og at lausakslingar har vern med kjetting i begge endar. Gjer reint i traktorhytta, unngå lause gjenstandar i hytta.
  • Sørg for at du sjølv er i orden, og i god form. Prøv gjerne å trene litt gjennom vinteren, då er du meir robust til å tole sesongen. Har du gode og ledige arbeidsklede? Gode og høvelege sko? Ver obs på eiga helse, søk lege om du kjenner på noko unormalt, ikkje vent.
  • Les gjennom bruksrettleiing dersom du har kjøpt nye maskiner. Sørg for at du og tilsette får opplæring og trening på bruk før det blir for hektisk. Lag gjerne ein opplæringsplan, basert på instruksar og farar nemnde i bruksrettleiinga.

Gjennomføringa:

  • Finn farane i det arbeidet du skal gjere eller på den maskina du skal bruke. Ikkje berre utifrå eigne erfaringar, men så objektivt som mogleg, kva kan vere farleg.
  • Vurder risiko basert på farane du finn, og området der arbeidet skal foregå. Ta omsyn til aktuelt vêr og føre. Kor sannsynleg er det at noko gale kan hende, og kor alvorleg kan konsekvensen av ei hending bli.
  • Gjer tiltak for at arbeidet eller bruken av maskina blir så trygg som mogleg. Hugs at litt tryggare er mykje betre enn å ikkje gjere noko.
  • Legg inn pausar og regelmessige måltid i arbeidsdagen, uansett kor travelt det er. Niste er bra.
Forstehjelp er ferskvare
Fyrstehjelp er ferskvare

Rutinane:

Alle kjelder til det som kan gå gale, ligg i detaljane

  • Bruk setebelte i traktoren
  • Dra alltid til handbrekket når du skal ut av traktoren
  • Sving hjula mot bakken viss du skal av traktoren i bratta
  • Stå aldri mellom traktor og reiskap ved tilkopling
  • Stogg alltid kraftuttak før du går ut av traktoren
  • Hugs tryggleiksavstand ved roterande delar
  • Stig aldri over akslingar som går rundt, uansett om der er vern
  • Sørg for god lufting og trekk når du rører opp møk
  • Stogg i tide dersom du er det minste i tvil om det går – vurder risiko på nytt
  • Ha med mobiltelefon og la andre vite kvar du er og arbeider
  • Få alltid med deg nokon når du flytter storfe
  • Bruk alltid personleg verneutstyr ved bruk av motorsag
Vernmangel
Akslingsvern må vere heile og dekke alt

Beredskapen:

Beredskap er dei tiltaka vi tenkjer oss å setje i verk dersom ei alvorleg hending stoggar oss. Kva gjer vi ved fysisk skade, brann, dyr på avvegar, brå sjukdom, flaum, ras?

  • Veit nokon andre om kvar du er og kva du held på med?
  • Har du god førstehjelpskunnskap?
  • Har du førstehjelpsutstyr med deg i maskina/på arbeidsplassen
  • Kan du naudnummera? Har du dei på telefonen din?
  • Kven kan du ringe når du står fast?

Det vil helst gå godt , dine tankar, handlingar og rutinar avgjer.

Lukke til!

Hms landbruk 12
Fest setebeltet -alltid