Det er viktig å stogge opp av og til og spørje både seg sjølv og andre om dette. Og ikkje minst, gje seg tid til å kjenne etter og høyre det lange svaret, ikkje berre det korte «Jau takk so nokolunde».

Svaret kan fort vere ulikt frå dag til dag, prega av kva som ligg fremst i tankane, vêr og føre, og hendingar rundt oss. Og ikkje minst om det går bra med drifta på garden, dyra produserer og har det bra, møka kjem ut og ein får harva og sådd åkrane i rett tid.

Vi har nett feira 17.mai, kanskje med større ettertanke og takksemd for fred og fridom enn tidlegare, men og med ei lita uro for framtida. Likevel kan vi kjenne at det nett no går rette vegen, slik Ivar Aasen skriv i «Nordmannen»

Fram på vetteren stundom han tenkte:

Giv eg var i eit varmare land!

Men når vårsol i bakkane blenkte,

fekk han hug til si heimlege strand.

Og når liene grønka som hagar,

når det laver av blomar på strå,

og når netter er ljose som dagar,

kan han ingen stad venare sjå.

Korleis går det med deg, er eit viktig spørsmål når vi er ute og skal gje HMS-råd til bønder. Vi snakkar om moglegheit og ynskje om meir ferie og fritid, og om ein har nokon til å avlaste eller leige med seg i hektiske arbeidsperiodar. Svært ofte er der lite ferie og fritid, og få til å spørje om hjelp eller avlasting. Ei frihelg annankvar månad og ei veke ferie i året er langt under minimum!

Mangel på fritid og avløysing er både ei fysisk og psykisk belastning. Kroppen treng fri for å hente seg inn att, det same gjer hovudet. Ein treng og å vite at der er hjelp å få til det daglege dyrestellet om noko skulle hende. Positivt i årets jordbruksoppgjer er at satsane for avløysing ved sjukdom og fritid auka, og det er spesifikt nemnt auka fokus på at bønder må få tidlegare hjelp og støtte i kritiske situasjonar. Men kva med din eigen beredskap? Passar du på å halde familie, grannar og andre oppdaterte om gardsdrifta di? Det kan vere avgjerande i ein kritisk situasjon dersom landbruksvikaren ikkje er ledig.

Vi er no i den mest hektiske tida på garden, og før vi veit ordet av det er slåtten i gang. Vi prøver så godt vi kan å gje gode råd om mat og kvile, ha alt i orden, risikovurderingar, setebelte og gode rutinar i arbeidet. Likevel viser statistikken at ulukker og hendingar skjer, og at årsakene bak er mykje dei same no som for ti år sidan; Uoppmerksam, skulle berre, hastverk. Dette kan vi gjere noko med! «Sunt bondevit» er å tenke, planlegge og sikre før du startar, og stogge umiddelbart om du mistenker at noko kan gå gale.

Korleis det går med meg? Tja, eg har eit meiningsfyllt og viktig arbeid som HMS-rådgjevar og fagleiar i NLR Vest, lamminga har gått bra og åringshingsten Figaro fekk sløyfe på unghestsjå. Eg har fått dyrka nokre mål jord der det før var ei myrsump og ei steinrøys, og kjenner meg litt stolt over det. Berre steinplukking, horving og såing att no. Kanskje skal eg ringe ein av jordbruksrådgjevarane i NLR Vest og få nokre gode råd?

Eg har dårleg samvit og litt angst for ei lang liste med bønder som ventar på HMS-oppfølging frå meg. Men eg har eit håp om å vere i rute fram mot jul 2023. Eg trøystar meg med eit sitat frå Mark Twain: «Løyndomen bak å kome i gang med noko er å starte. Løyndomen bak å starte, er å bryte den tilsynelatande uoverkomelege store oppgåva opp i små delar, og starte på den fyrste delen med ein gong.»

Dyrking