Høge avlingar er det beste klimatiltaket

16.11.2020 (Oppdatert: 16.11.2020) Ole Arnfinn Røysland

Mange klimatiltak er både gode agronomiske tiltak, og gode økonomiske tiltak. Eit av dei mest effektive tiltaka du som grovfôrdyrkar kan gjere, er å sørge for å ta ut så høge avlingar som mogleg.

God avling av Raigras. Foto: Ole Arnfinn Røysland Fitjar

Det er fleire grunnar til at dette er eit effektivt klimatiltak. Klimautsleppa for kvart daa med grovfôrareal er om lag det same uavhengig av storleiken på avlinga. Dersom du doblar avlinga, vil du dermed ha produsert dobbelt så mykje fôr med om lag det same utsleppet av klimagassar. I tillegg vil større avling på garden føre til eit mindre behov for innkjøpt fôr. Både i form av innkjøpt grovfôr og mindre innkjøpt kraftfôr.

 

Høge avlingar har fleire fordelar

Når ein oppnår høge avlingar, har ein moglegheit til å framskynde slåttetidspunktet. Eit tidlegare slått grovfôr vil gi mindre avling målt som kg grovfôr, men det vil vere meir energi og protein i kvart kg grovfôr ein haustar. Med eit tidleg slått grovfôr vil du dermed kunne tilføre kua og sauen meir energi for kvart kg grovfôr ho et. I tillegg vil eit tidleg slått grovfôr vere lettare å fordøye. Derfor vil kua og sauen ete fleir kg av eit tidleg hausta grovfôr samanlikna med eit seinare hausta grovfôr. Slik vil du tilføre meir av energien og proteinet gjennom grovfôret og behovet for kraftfôr vil verte mindre. I tillegg til at ein treng mindre kraftfôr som supplement til eit tidleg hausta grovfôr, kan ein òg klare seg med mindre importerte råvarer i dette kraftfôret. Dermed er det òg som oftast eit billegare kraftfôr.

 

I praksis ser med dette ved at enkelte bønder bruker ned mot 20 kg kraftfôr for å produsere 100 mjølk (EKM), medan andre bruker over 35 kg kraftfôr pr 100 kg EKM. Ein ser den same effekten på oksar, der ein i forsøk har funne tilvekst på over 1400 g/dag hjå NRF oksar frå 7-15 mnd som er fôra utelukkande på svært tidleg hausta grovfôr. Som ein bonuseffekt viser all forsking at ein drøvtyggar produserer mindre metan dersom han et tidleg hausta grovfôr enn om han et seint hausta grovfôr.

 

Hugs òg at for dei alle fleste er grovfôret billegare enn kraftfôret. Og den viktigaste enkeltfaktoren for å halde grovfôrkostnadane nede er store avlingar...

 

Tips for å ta høge grovfôravlingar



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.