Høymolekampen – nå eller seinare?

15.04.2019 (Oppdatert: 15.04.2019) Annlaug Fludal

Høymole er eit vanleg ugras hjå mange. Den kan gjera mykje av seg i eng og på storfe-beiter. Sauen beitar høymola og på gode sauebeite er den derfor sjeldan stort problem. Det er mange middel som kan brukast mot dei to høymole-artane som er vanlege hjå oss. Bildet viser begge artane. Byhøymola, t.h., «den rauda», er rekna for å vera litt vanskelegare enn den vanlege høymola.

Når høymoleplantene er i god vekst vegetativt, har vi rett stadium for å få god effekt av plantevernmiddel. Byhøymole t.h.

Best verknad vil ein få når høymoleplantene er godt i gang og har utvikla god bladmasse, men helst før den har begynt å strekka seg. Ennå kan det vera litt tidleg dei fleste plasser i NLR Rogaland sitt område, men i låglandet det nærmar det seg.

Val av middel i etablert eng må gjerast ut frå verknad på ugras-samansetnaden, gras og kløver. Den som er avhengig av maksimal  avling kan med fordel legga sprøytinga til ettersommaren eller velja middel som er snille mot graset.  (Starane-preparata;  Flurostar, Cleave, Tomahawk, Spitfire, Starane XL). Desse midla verkar òg godt mot løvetann og syregras, men skadar kløveren. Dersom det er viktig å skåna kløver kan Gratil brukt på ettersommaren vera eit alternativ mot høymola. Mange har gjort seg kjend med Ally som i nokre år har hatt Off- Label-godkjenning i grasmark. Dette middelet er på veg ut  men dette er på veg ut og kan ikkje brukast lovleg etter 1.juli. NB – vær ekstra nøye med dosering på Ally. I gras og beite må ein ha tilleggsetikett og bruka redusert dose i forhold til korn.

Har garden eit stort høymoleproblem må ein vera særleg obs ved fornying av enga. Dei fleste aktuelle middel til gjenlegg har god effekt mot frøplanter av høymole, men gamle planter som spirer frå røter vil oftast overleva. Glyfosat er eit effektivt middel mot kveke og andre grasartar, men krev høg dose for å ta høymola. Tankblanding med andre middel har blitt meir vanleg ved brakking. Ally har blitt mest brukt og Harmony blir nemnt som aktuell erstattar. Mekoprop har god verknad mot mange ugras, men kan ha redusert effekt ved tankblanding med glyfosat. Sprøyting i to omgangar med ei veke og to mellom kan derfor vera aktuelt dersom ein vil bruka mekoprop. Haustbrakking har blitt innarbeida og har mange fordeler. Men av ulike grunnar kan det ha blitt utsett til våren. Er det jord som er eigna for pløying kan ein nytta godværsperioden og hoppa over brakking.  



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.