Artikkelen sto først på trykk i Bondevennen 32 - 21. okt 2022

Dei opne grøftene som omgir teigane våre er dei viktigaste vi har. Dei hindrar vatn å renne inn på teigen, og har mykje større kapasitet enn lukka grøfter. Men då må dei fungere etter hensikta.

  • Opne grøfter må reinsast med få års mellomrom.
  • Vi må fjerna vegetasjon som hindrar vatnet å kome fram. Langs kanalar og bekker kan du setje igjen nokre lauvtre. Desse vil redusera veksten av nye tre.
  • Ofte finn vi stein, tre og kantar som har rasa uti grøfta, - dette må fjernast.
  • Ein vanleg feil vi ser er at grøftekanten er for bratt, og blir dermed ikkje stabil. Å plastre kanalkanten med pukk og stein kan vera ei løysing her.
  • Ein annan feil vi også svært ofte ser: - då grøfta i si tid vart laga, vart grøftemassen lagt ved sida av grøfta. Noko som nå fører til oppdemming og overflatevatn som ikkje kjem til grøfta. Resultatet er ofte eit vått og forsumpa parti 3-4 meter frå grøfta, som ofte ikkje kan hausta , - som deretter veks til med busk og kratt som forsterkar oppdemminga av overflatevatnet. Grøftemassen må lessast opp og fraktast inn på teigen der den kan bygge opp søkk og våte parti.
  • Der lukka grøfter endar i kanal eller open grøft, må utløpet til desse reinsast så grøftevatnet renn fritt. Sidan dette må gjerast kvart år, kan det væra formålstenleg å markere desse med eit merke så vi finn dei raskare neste gang.
Grofting mot kanal
Figur 1. Grøfting mot kanal. Figur: Lars Kjetil Flesland

Kummar

Kummar er viktige for å få bort overflatevatn. Her må ein kvart år fjerna vegetasjon som tettar til rista. Myr vil sige. Kummar i myr må ein justera høgda på slik at vatnet kjem til kummen. Alt for ofte er kummen det høgaste punktet på myra. Ein ting til vi må poengtera er at alle koplingar i kummen må vera tette! Det gjeld både i myr og fastmark. Om ikkje vil jord og andre partiklar rundt koplinga finne vegen inn i kummen og føre til erosjon. Meir enn ein gang har vi sett kummen som ein holme i enga, med eit krater rundt.

Hugs tette koplingar
Figur 2. Hugs tette koplinga til kum. Figur: Lars Kjetil Flesland

Spyling av tette grøfter

Har ein grøfter som er gått tette, kan spyling væra eit godt, og mykje billegare, alternativ til oppatt grøfting. Men då må ein kome til utløpet av grøfterøyret. På teigar ein veit er utsette for tiltetting av grøfterøyr (rust, silt, m.m.), bør ein leggje opp grøftesystemet slik at ein kjem til med spyleutstyr. Det kan gjerast ved at alle grøfterøyr endar i open kanal eller i kum. Ofte kan det væra nyttig å senda inn eit inspeksjonskamera for å sjå kva som er problemet. NB! Siste røyr før kanal må væra utan slisser! Går grøfta forbi treklynger skal desse røyra også væra utan slisser. Det er utruleg kor god ei selje er til å tetta igjen grøfterøyra! Har ein problem med rust, bør enden av grøfterøyret ende under vatn for å hindra luft å koma inn i røyret.

Groftespyling
Figur 3. Grøftespyling kan væra effektiv og billeg. Foto: Lars Kjetil Flesland

Siging i myr

Drenert myr vil sige. Ofte vil ho også sige ujamnt. Renn det ein bekk gjennom myra, har den i løpet av årtidene tatt med seg mineraljord som nå ligg langs bekken. På slike areal vil myra sige meir inne på feltet enn langs bekken. Der det dannar seg søkk og dammar, kan ein her lage kum eller grusfilter som får bort vatnet som samlar seg.

Prinsipp grusfilter
Figur 4. Prinsipp ved laging av grusfilter. Figur: Lars Kjetil Flesland

Steingrøfter og gamle grøfterøyr

Gamle steingrøfter kan bli køyrde sundt og må erstattast. I overgangen mellom steingrøft og nytt plastrøyr, må ein legge ei god pute med grøftesingel som gjer at vatnet finn fram. Grev ein over gamle grøfter, må dei koplast på dei nye røyra. Her er også ei god pute av grøftesingel viktig.

Drenering av steingroft Foto Fraena anlegg
Figur 5. Drenering av steingrøft. Foto: Fræna anlegg

Rådgivarar i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland kan gje råd når areal skal drenerast, og vi kan hjelpe til med å utarbeide planar og søknader. Dette gjeld både når tidlegare drenerte areal må grøftast på ny, og når nye utmarksareal skal nydyrkast. Sjå meir:

Drenering og nydyrking