IPN prosjekt i hageblåbær. 2014-2017. "Økt norsk produksjon av hageblåbær"

18.01.2019 (Oppdatert: 12.08.2019) Lars Kjetil Flesland

Den overordna ideen for prosjektet var å auke kompetansen til Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og medlemmene deira. Auke avlingsnivå og dyrkingsomfang, samt å redusere den økonomiske risikoen i norsk produksjon av hageblåbær. Her viser vi feltet vi hadde hjå Astrid Eikemo i Skånevik.

Bluecrop var den eine sorten i forsøksfeltet i Skånevik. Foto: Lars Kjetil Flesland

Prosjektet var eit samarbeid mellom fire avdelingar av NLR, Bioforsk Øst, BAMA, Garnerhallen, Agder og Telemark Blåbærdyrkerlag og The James  Hutton Insitute. Prosjektet bestod av fleire underprosjekt. Vi, deltok i eit gjødslingsforsøk, som eit av fire felt. Det er feltet vårt, plassert hjå Astrid Eikemo i Skånevik, som vert omtala her.

Feltet

Forsøksfeltet vårt, -to rekker plassert i eit større felt. Feltet var planta i 1997. Ei rekke av sorten Bluecrop, den andre av Toro. Planteavstand er 1,3 meter, og det er 2 meter mellom rekkene. Kvar rute består av 4 planter, der vi registrerer på dei to i midten av kvar rute. Totalt 9 ruter i kvar sort.

Feltet var særs frodig, der rekka med Bluecrop  hadde buskar som var over 2 meter høge. Med berre 2 meter mellom rekkene førde dette til driftsmessige vanskar. I utgangspunket skulle feltvert gjere alt kulturarbeid med klipping, ugrasreinhald og hausting. Men like etter forsøket var etablert, vart det generasjonsskifte på garden. Dette medførte at vi også måtte gjere mykje av den normale drifta i forsøksrutene.

I utgangspunktet var feltet dekka med fuglenot. Denne blæs av og vart øydelagd i 2015. Mykje fugl i feltet i deler av 2015, 2016 og 2017 har redusert avlinga merkbart.

Feltet i Skånevik var eit gjødslingsforsøk i to sortar. Første år var det også gjennomført forsøk med soppsprøyting. Det er tatt ut bladprøvar gjennom heile sesongen dei siste åra, samt jordprøvar kvar vår.

Under har vi gjenngitt avlingsresultatet frå feltet i Skånevik. I prosjektet er det rekna statistikk på resultata. Det er ingen sikre statistiske skilnader på avling eller bærstørrelse med omsyn til gjødsling. Det var heller ikkje sikker skilnad i avling mellom planter som var soppsprøyta og blanter som ikkje vart behandla mot sopp

 

Avling i kg bær pr dekar. Forsøksvert: Astrid Eikemo, Skånevik. 

 

 

Bærstorleik, gram/bær. Forsøksvert: Astrid Eikemo, Skånevik.

 

I blåbærproduksjonen er haustekostnadane dei som er mest avgjerande for økonomien. Vi har difor valt å referera eit  av delprosjekta, gjennomført i Agder 2015, der ulike måtar å hauste bæra vart prøvd ut.

Plukke og sorteringsmetoder hageblåbær. Forsøksvert: Pia og Knut Lia, NLR Agder 2015.

I dette forsøket gav manuell plukking, rett i salsemballasjen, det beste resultatet. Sortar med store bær var også viktig for å redusere plukkekostnaden.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.