Kalking del 1: Kvifor kalkar me?

22.07.2019 (Oppdatert: 12.08.2019) Bjørg Karin Dysjaland

Kalking gjer at du får henta ut potensialet av jorda di. Dersom jorda er veldig sur, tener du meir på kalking i form av auka avling enn det det kostar å kalka.

Kvifor kalka?

Det meste av jordsmonnet i Noreg trengst å kalkast for å oppretthalda gode veksehøve for plantedyrking. Den viktigaste effekten av kalking er at næringstoff vert godt tilgjengelege for plantene. Ved for låg pH (eller for høg), klarer ikkje planten å ta opp næringa frå jorda, sjølv om den finst i rikelege mengder.  Figuren (1) under viser plantetilgjenge etter pH for dei tolv næringsstoffa som er nødvendige for planter. Samla sett er pH i området 6,0-6,5 det som gjer best tilgjenge for næringsstoff .

Figur 1 

 

I sur mineraljord kan det verta frigjort aluminium som har ei giftig verknad på plantene og øydelegg røtene. Myr og rein moldjord har ikkje den faren. Det vil seie at per definisjon er ikkje sur jord i seg sjølv skadeleg. Likevel er fleire andre grunnar til å halda pH-status god.

Jorda si evne til å halde på og lagre næringsstoff kan reduserast av låg pH, til dømes for kalsium og magnesium, og gjere den meir utsett for utvasking.

Kalking verkar og inn på jordlivet med sopp, bakteriar og meitemark, som trivst best i god pH. Når jorda vert sur, jobbar dei seinare med omdanning av organisk materiale. Det gjer mindre frigjering av næringsstoff av organisk opphav som nitrogen, svovel og til dels fosfor. På den måten gjer kalking ein betre utnytting av næringsoff i husdyrgjødsla,  i tillegg til jobben dei kan gjere for jordstrukturen.

Jorda treng stadig tilførsel av kalk, då forsuring skjer naturleg over tid. Forsuringsprosessane skjer fortare i område med sterk N-gjødsling gjennom ein lang vekstsesong og mykje nedbør som gjer utvasking. Les meir om forsuringsprosessar og omfanget her.

 

Kva er rett pH?

pH er eit mål på surhetsgrad/ kalknivå i jorda. Det er uttrykt som pH, der 7 er nøytralt på skalaen, lågare er surt og høgare er basisk. Tilførsel av kalk nøytraliserar jorda og gjer at pH stig. På eng og beite siktar me hovudsakleg på å ligga i området 5,5-6,5 og helst over 6,0 på dyrka mineraljord.

For å vita kva som er rett pH, må ein ta omsyn til to ting, forutan at næringsstoffa er best tilgjengelege rundt pH 6,0-6,5. Den eine er kulturen ein dyrkar og den andre er jordtypen med moldinnhald.

 

Tabell 1 viser optimalt pH-intervall for ei rekke kulturvekstar. Her gjeld den lågaste delen av intervallet for lett mineraljord og jord med høgt moldinnhald.

Kulturvekst

Optimalt pH-intervall

Raudkløver

6,2-7,0

Kveite og bygg

6,0-6,5

Havre

5,8-6,3

Timotei, engsvingel, engrapp, bladfaks og hundegras

5,8-6,5

Raigras

6,3-7,0

Potet

5,5-6,0

 

Ein toler lågare pH på lett mineraljord og jord med høgt moldinnhald enn på stiv leire. Samanhengen synast i tabell 2 og 3 som viser minimum pH-verdi på ulike jordtypar for eng og beite. I praksis kan ein på myr bruka innhaldet av kalsium (Ca) og magnesium (Mg) frå jordprøvane til å bestemma om det er kalkbehov.

 

Tabell 2: Krav til minimum pH-verdi for eng og beite på ulike jordtypar og moldinnhald/innhald av organisk materiale (OM). 

Jordtype

0-12% OM

12-20% OM

Sand

5,4

5,2

Siltig sand

5,6

5,4

Silt

5,4

5,2

Lettleire og mellomleire

5,8

5,6

Stiv leire

6,0

5,8

 

Tabell 3: Krav til minimum pH-verdi for eng og beite på jord med høgt moldinnhald. 

Mineralblanda moldjord (21-40% OM)

5,4

Organisk jord (41-75%)

5,2

Organisk jord (>75%)

5,0



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.