Kjenn beitet ditt - Del 1 - Kva gras finn me i beitet?

11.06.2018 (Oppdatert: 14.06.2018) , Ole Arnfinn Røysland

Sauer og kyr er som barna: Kresne i matfatet. For å oppnå god produksjon på beite, er det derfor viktig å tilby dyra eit gras dei liker, som toler å verte beita og som gir høg produksjon. Kva gras finn me i beite? og kva gras er ønska der?

Nokre områder er snaubeita, medan andre stader veks grasarter som sauen ikkje er like begeistra for. Desse lar han stå. Foto: Ole Arnfinn Røysland

Mange har erfaring med at nokre områder i beitet vert hardare avbeita enn andre stader. I mange tilfelle speglar dette kva gras som veks på dei ulike stadene i beitet. Sjølv om dyra sitt beitemønster gir ein god indikasjon på kva beitegras som veks dei ulike stadene kan det vere nyttig å kjenne nokre teikn for å skilje dei ulike grasartane frå kvarandre.

Kva gras finn me i beitet?

Generelt er det tre typar gras som dominerer i beite. Det er artar av rapp, kvein og  svingel. Av desse regner ein artar av rapp for å vere det gjævaste beitegraset. Dette er òg det mest kravstore beitegraset med omsyn til pH/kalktilstand og næringstilgang.

Kvein vert regna for å vere eit middels beitegras. Dette stiller lågare krav til kalktilstand og næringstilgang. Kvein vert somme gonger regna for å vere ein indikatorplante på skrinn  (næringsfattig) og sur jord. Dersom det er god tilgang på betre beiteplanter som rapp, beitevariantar av raigras og kløver, vil kvein varte vraka. Dette ser ein ved at den får skyte og blomstre.

Raudsvingel har dårleg smak og vert regna for å vere eit lågverdig beitegras i innmarks-/kulturbeiter. Er det tilgang på andre beitegras, vert denne vraka. Raudsvingelen er eit nøysamt gras, har låge krav til pH/kalktilstand i jorda og til næringstilgang. Den har òg stor toleranse for tørke og skygge. Derfor vil den etter kvart overta i beitet der forholda er marginale for dei øvrige grasartane. Frå Danmark er det likevel gode erfaringar med den spesifikke raudsvingelsorten  Gondolin. Denne vert beita betre enn dei øvrige sortane av raudsvingel. Det generelle rådet er likevel at beitet har eit forbetringspotensiale dersom ein finn mykje raudsvingel i beitet.

Raigras er kjent for å ha svært god vekst og god smak når ein legg forholda til rette for det. Ved å så slåttesortar av raigras kan ein oppleve at dette veks fortare enn beitedyra greier å halde det nede; Raigraset skyt, og dyra vrakar det. Etter erfaringar frå Storbritannia er det importert eigne beitevariantar av raigras. Desse er noko meir lågt- og seintve ksande enn slåttetypane, men er likevel det beitegraset som gir mest avling. I lag med rapparter er beitevariantar av raigras det som gir best avling i beite og best avbeiting. Men desse er òg svært krevjande når det kjem til pH/kalktilstand og næringstilgang. Raigraset har generelt eit begrensa rotsystem og er difor ikkje spesielt sterk t mot tørke. Det har heller ikkje evne til å hente næring frå djupare jordlag, og er difor avhengig av  god gjødsling. Ein kan finne små innslag av ville variantar av raigras i beitet, men generelt må dette såast inn dersom det skal verte ein dominerande art i beitet.

Eit godt innmarksbeite vil ofte òg vere prega av mykje kvitkløver. Kløveren skil seg frå gras på ma nge vis. Kløverplanta har  evna til å nytte nitrogen frå lufta. Difor er ikkje kløveren avhengig av nitrogengjødsling. I tillegg inneheld den meir protein enn gras. Den inneheld òg stivelse som er med på å stimulere til god vomfunksjon. På same måte som raigras og rapp, oppnår ikkje kløveren full trivsel før pH er kring 6.

Halvgras vil for dei fleste sjå ut som gras. Men det er nokre botaniske trekk som skil dei frå graset. Artar av starr og myrull vil mellom anna gå inn under denne klassifiseringa. I beitesamanheng ser me at dyra ikkje er særleg begeistra for desse plantene. Halvgras er ofte eit større innslag i utmarka (areal som ikkje vert gjøds la og kalka). Sjølv i utmarka vert halvgraset  ofte vraka til fordel for blåtopp, sølvbunke  og gulaks. Dyra byrjer å ete halvgras om lag samstundes som dei et lyng, buskar og tre. Dei ulike halvgrasa kan nytte meir marginale vekstområder, men er ikkje ønska i eit godt innmarksbeite.

Ugras vil alltid vere ein kamp i beitet. Ugras er pr. definisjon planter me ikkje vil at skal vekse i beite. I neste runde kan ein difor seie at ugras er planter som dyra ikkje vil ha. Difor vil planter som vert regn a for å vere ugras, til dømes i eit kubeite og i eit sauebeite, vere noko ulikt. I eit kubeite vil planter som løvetann, soleie, landøyda og høymole oppfattast som ugras, medan dette er beiteplanter i eit sauebeite. I begge typer beiter vil tistel, lyssiv, einer og einstape vere ugras. Lodnegras vil òg opptre i beita som eit gras dyra ikkje vil ha, og dermed vere eit ugras.

 

Meir fagstoff:

Kjenn beitet ditt - del 2 - Korleis kjenner ein att dei ulike beitegrasa?

Kjenn beitet ditt - del 3 - Korleis legg ein forholda til rette for det høgverdige beitegraset?

Vanlege ugras i eng og beite

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.