Kjenn beitet ditt - del 3 - Korleis legg ein forholda til rette for det høgverdige beitegraset?

13.06.2018 , Ole Arnfinn Røysland

Det er forskjell på gras, og det er forskjell på beiter. Korleis kan ein legge forholda til rette for at det høgverdige graset skal vekse og trivast?

Sauer på eit godt beite. Foto: Ole Arnfinn Røysland

Som tidlegare nemnt i del 1 og 2 er dei beste beitegrasa òg dei mest kravstore. Krava set dei i form av tilgang på lys, pH/kalktilstand i jorda og næring. Vert det mangel på nokon av desse faktorane vil etter kvart kvein og raudsvingel overta arealet. Som agronom er det di oppgåve å sørge for at det både er lys, rett pH og nok næringstilgang for graset.

Lys

Å sørge for tilgang på lys betyr i praksis å fjerne det som måtte skugge for graset. Dette er ofte tre, kratt eller anna skuggedannande vegetasjon som einstape. Hugs likevel at dyra treng skugge på varme sommardagar. Difor kan det vere lurt å spare att nokre tre til dette formålet.

Rett pH

Dersom jorda vert for sur, vil næringa verte tyngre for  plantane å hente ut frå jorda. Derfor vil høgverdige beiteplantar oppleve låg næringstilgang sjølv om du har gjødsla godt dersom jorda er sur. Optimalt bør pH ligge kring 6 for at dei høgverdige beiteplantane skal trivast maksimalt. Tilstanden i beitejorda kartlegg du enkelt med ei jordprøve. Når du skal kalke, er ein tommelfingerregel at det trengs 100 kg kalk/daa for å hevje pH med 0,1. Dette er ein grov regel, og vil variere med jordart og moldinnhald. Kalken sig sakte nedover i jorda , og brå oppkalking utan å blande kalken inn i jorda er vanskeleg. Ein vil i praksis berre kalke den øverste centimeteren det fyrste året. Difor er det ikkje tilrådd å kalke meir enn 350 kg/daa annakvart år, eller om lag 200 kg/daa kvart år til ein oppnår ønska pH. Vert jorda for basisk vil dette òg gjere det vanskeleg for planta å ta opp næring.

Om ein ikkje har jordprøve frå beitet, vil stort innslag av raudsvingel og innslag av eng-/og småsyre indikere at det er sur jord i beitet.

Nok næring

For å halde ei mest mulig jamn vekst gjennom beitesesongen , er det ein fordel å gjødsle ofte og lite. Eit godt utgangspunkt er 1 kg nitrogen/ daa / veke, med tildeling ein gong kvar 4-5 veke. Det vil seie  4 kg nitrogen (tilsvarar 15 kg 27-0-0) kvar 4. veke. Men dette er berre eit utgangspunkt . Ein må bruke auga, følgje med på avbeitinga og justere etter beitetrykk. Bruker ein husdyrgjødsel, bør denne prioriterast så tidleg som mogleg om våren. Helst bør det gå tre veker frå ein gjødsler med husdyrgjødsel til ein slepp på dyr. På den måten får UV-stråler frå sola brote ned uheldige stoff i husdyrgjødsla før dyra eventuelt får desse i seg.

 

Meir fagstoff:

Kjenn beitet ditt - del 1 - Kva gras finn me i beitet?

Kjenn beitet ditt - del 2 - Korleis kjenner ein att dei ulike beitegrasa?

Kvifor vert jorda sur?

Meir om gjødsling i beite

Stell av beite vinterstid



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.