Klipping av bærbuskar

23.02.2021 (Oppdatert: 23.02.2021) Lars Kjetil Flesland

No i februar og mars, er det tid for klipping av bærbuskane i hagen. I denne artikkelen vil vi visa prinsippa bak klipping av solbær, rips og hageblåbær, buskar som vert klipt på same tid og etter nokolunde same norm.

No er tida for å klippa bærbuskane i hagen. Foto: Lars Kjetil Flesland

Kvifor klipper vi bærbuskane.

All forsking viser at buskar som vert klipte får jamnare og større bær. Store bær har betre kvalitet enn små bær, og er raskare å hausta. Unge greiner er meir effektive enn gamle greiner til å produsera bær. I ei amerikansk gransking viste det seg at 3-10 år gamle greiner av hageblåbær fordelte 50% av vatn og næring til produksjon av bær, medan 10-20 år gamle greiner berre fordelte 25% av vatn og næring til bærproduksjon. Resten gjekk til produksjon av blad. Det same gjeld for andre bærbuskar. I tillegg får klipte buskar kraftigare vekst og mindre problem med einskilde sjukdomar. Vi kan også forma buskane slik at dei vert lettare å hausta og at vi kjem lettare til med slåmaskin og plenklyppar. Det er difor mange gode grunnar for å ta seg tid til klipping. Vil du ha bær som naboen misunner deg, må du klippa bærbuskane kvar vår.

Korleis klippe

 Vi startar med å klippa bort alle skadde greiner. Desse vil aldri gi skikkeleg avling okke som er. Desse svake greinene er også ofte inngangsport for sjukdomsorganismar. Vidare klipper vi bort overflødige årsskot. Dersom vi tek oss arbeidet med å få bort alt ”pjusket” ved basis av busken vil vi få eit mykje luftigare klima der og dermed mindre problem med sopp til sommaren. Kor mange årsskot vi skal setje igjen varierer frå bærslag til bærslag. Hjå hageblåbær let vi dei 3-4 sterkaste årsskota stå att, og fjernar dei andre. I solbær og rips kan nokre fleire stå igjen. Så må vi gjera noko med dei greinene som er så svake at dei vil leggje seg ned på bakken når dei er fulle av bær. Er dette unge greiner, kan det vera nok å korte dei inn. Er dei eldre, - bort med dei. Til sist så må vi ta bort dei eldste greinene. I hageblåbær og rips, dei som er eldre enn 6 år, i solbær dei som er eldre enn 4 år. Klipp dei ned, heilt til bakken. Dei eldste greinene avslører seg med mørkare farge på barken og greiner som er sterkare forgreina. Nå er vi ferdige med klipping av solbær og rips, - og kan byrja å bæra dei avklipte greinene ut frå bærfeltet.

I hageblåbær må vi ha ein siste finpuss til, - i april. I april er våren komen så langt at vi kan skilje blomeknoppane frå bladknoppane. Einskilde buskar har veldig mange blomeknoppar. Får alle desse lov til å utvikla seg vil busken setje så mykje bær at dei ikkje klarar å bæra dei fram. Dei vert små, modnar seint og får ikkje den gode smaken dei elles ville fått, -og busken sluttar å vekse. På slike buskar må vi klippe bort den ytre delen av greinene. På kraftige skot lar vi dei 3 inste knoppane stå att, og klipper bort resten. På svakare greine let vi ein blomeknopp stå att, eller fjernar heile sidegreina.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.