Kløver er ein god plante for pollinerande insekt

08.04.2019 (Oppdatert: 09.04.2019) Ragnvald Gramstad, Annlaug Fludal

Mange bønder er opptatt av å legga til rette for insektliv. Frøforhandlarane merkar auka etterspørsel etter blomsterfrø som kan vera vanskelege å få tak i på kort sikt. Velkjende belgvekstar kan gjera nytta. Meir kløver i enga og randsonane vil vera positivt for pollinerande insekt. Dette vil i tillegg verka positivt i fôrrasjonen og redusera behovet for nitrogengjødsel. Regionalt miljøprogram for Rogaland har ei støtteordning for tilrettelegging for pollinerande insekt.

Beite med godt utval av viltveksande kløver og andre erteblomster. Fotograf: Annlaug Fludal

Insektmangfaldet er redusert

Forskarar har ei stund ropt varsku om at talet på insekt minkar, både i mengde og artsmangfald. Dyreartar blir utrydda, det gjeld òg desse små som nesten ingen av oss kjenner namna på. Pollinerande insekt har som kjent ei svært viktig oppgåve i naturen. Mange kulturplanter og ville vekstar er avhengig av insekt for å utvikla frukt og frø. «Alle» har blitt opptatt av insekt. Det blir laga strategiar og interesseforum, folk heng opp humlehotell og plantar bie-vennlege planter i hagen. Bøndene forvaltar store areal og me i landbruksrådgivinga merkar at mange bønder er opptatt av å legga til rette for insektlivet.

Pollineringa

Pollineringa eller befruktninga er overføring av pollen, plantene sine «sædceller» til «egget». Sidan plantene står godt festa i bakken treng dei hjelpemiddel eller hjelparar for å gjennomføra «paringa». Mange viktige kulturplanter, særleg i grasfamilien, har vindpollinering. Enkelte planter kan pollinera seg sjølv, men hovudregelen er at pollen må komma frå eit anna individ. Enkelte planter har reine hann og ho-individ som til dømes seljetrea. Andre planter kan ha hann – og hoblomster som ser ulike ut – men sit på same planta. Det vanlegaste er likevel at det som ein tenker på som ein blom er ei samling av både hann og ho-blomar, botanisk sett. Når insekta rotar rundt i blomen får dei på seg pollen som blir og ført med vidare til neste blom.

Villbier og humler

Planter kan få hjelp til pollineringa av biller eller sommarfuglar, ja til og med små dyreartar, men dei viktigaste pollinatorar er bier, humler og blomsterfluger. I tillegg til honningbia er det registrert 207 villbier og humler. Veps samlar ikkje pollen og blir derfor ikkje rekna blant dei pollinerande insekta. Villbiene kan vera spesialiserte slik at dei går at dei berre går på ein enkelt planteart som kan ha gitt den namn. Når ein art av villbie heiter blåklokkebie er det fordi den er vanleg å finna i blåklokker enkelte deler av landet.

Tilskot til pollinerande insekt

Regionalt miljøprogram er eit sett med fylkesvise støtteordningar som skal legga til rette for miljøtiltak. Dei fylkesvise ordningane held på å bli revidert i år. Rogaland har allereie offentleggjort dei nye tilskotsordningane i RMP og bønder i fylket kan få inntil 5000 kr for å legga til rette for pollinerande insekt. Ordninga gjeld både om ein sår inn blomar eller legg til rette for det som veks naturleg.

Raud- og kvitkløver i eng. Fotograf: Annlaug Fludal

Ugras eller pollenplante

Kor går grensa mellom å legga til rette for pollinerande insekt og la det veksa over med ugras? Den svenske forfattaren og blomsterflugesamlaren Fredrik Sjöberg fortel i ei av bøkene sine at han har hatt sine beste stunder i ein skråning med skvalderkål. Skjermplanter kan tiltrekka seg utruleg mykje liv. Mange planter som er rekna for å vera ugras er gode planter for insekt; hundekjeks, landøyda, tistel og særleg løvetann.  Vil det kvalifisera til tilskot om ein lar det stå igjen ei stripe med løvetann i åkerkanten? «Det er ikkje det som er tenkt»,seier Monica Dahlmo hjå Fylkesmannen i Rogaland. Ei stripe ugras kvalifiserer ikkje til tilskot. Det bør vera litt variasjon på den naturlege blomeenga.

Kløver er positivt

Frøforhandlarane vil ikkje kunna skaffa blåklokkefrø eller store mengder frø for å laga blome-eng. Kløver kan derfor vera eit godt val i første omgang. Kløver er bra for insekta, det er ikkje rekna for å vera ugras og det er positivt for beitedyr og i fôrrasjonen.

Areal som grensar til vatn og vassdrag kan vera pålagt å ha ei randsone der ein ikkje får gjødsla eller sprøyta med plantevernmiddel. Støtteordninga for pollinerande insekt gjeld ikkje for vegetasjonssonar langs vassdrag. Dette er likevel areal der det kan passa å etablera kløverplanter.

 

 

Kjelder:
Artsdatabanken.no
Tor Bollingmo: Norges humler. 2012. ISBN 978-82-999189-0-9



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.