Kva fortel fôranalysen om årets gjødsling?

05.11.2018 , Ole Arnfinn Røysland

Omsider er det meste av fôret i hus for i år, og det er på tide å sette seg ned og evaluere sesongen. Kva gjekk bra? Kva lærte me av årets sesong? Korleis kunne me løyst utfordringane på ein annan måte? For dei som har teke fôrprøve m/mineralanalyse, kan denne vere med og vise korleis ein trefte med gjødsling i år.

Eksempel på surfôranalyse.

Me har lært at plantene treng både nitrogen, fosfor og kalium for å vekse. Me gjødsler med husdyrgjødsel og mineralgjødsel for å tilfredsstille graset. Mineralanalysen som ofte vert tatt ut i forbindelse med fôrprøven avslører kva av desse minerala graset faktisk har fått tak i. Dersom me ser at me ikkje har dekka behovet, kan me med fordel justere gjødslinga og såleis utnytte potensialet i jorda endå betre neste år, utan at det nødvendigvis vert så mykje dyrare.

Nitrogen

Dette finn me att som proteinnivået i fôret. For utan gjødsling vil òg slåttetidspunktet virke inn på proteininnhaldet. Ideelt sett kan proteinet ligge mellom 140-160 g/kg TS (14-16%). Ligg nivået over dette, vil det resultere i ein unødvendig høg PBV, som igjen fører til at dyret må bruke unødvendig mykje energi på å kvitte seg med overskotsprotein. Dersom du ligg over 16% protein i fôret betyr det at du har gjødsla for mykje med nitrogen, og ikkje har fått noko att for det i auka vekst. Det kan vere nyttig å ta med seg over i neste sesong.

Fosfor

Normalt innhald av fosfor i ei surfôrprøve er mellom 2,5-3,5 g/Kg TS. I dei fleste tilfelle er det nok fosfor i jorda i Rogaland. Likevel hender det at fôrprøven viser forsfornivå under 2,5. Sjølv om det er nok fosfor i jorda, kan fosforet vere vanskeleg for planta å få tak i. Dersom jorda er sur (pH under 5,8) vil fosforet binde seg kraftig til aluminium og jern i jorda, noko som fører til at planta ikkje er i stand til å få tak i fosforet. Eit anna moment å hugse på, er at fosfor beveger seg veldig seint i jorda (1 mm tek om lag 14 dagar). Det betyr i praksis at røtene må vokse seg fram til fosforet i jorda. Dersom jorda er hardt pakka, vil rotveksten gå seint, og røtene vil ikkje finne fram til fosforet som er i jorda. Difor kan fosformangel indikere eit av tre forhold: For lite fosfor i jorda, for låg pH eller for pakka jord.

Kalium

Kaliumnivået skal ideelt ligge i området 18-25 g/kg TS. Kaliumet har mellom anna ansvar for saftspenninga i planta. Dermed vil underdekning av kalium gi slappe planter. Slappe planter vil ikkje kunne utnytte sollyset, få redusert fotosyntese, og dei vil få redusert vekst. Ein skal vere merksam på at husdyrgjødsel frå gris, fjørfè, pelsdyr og fiskeoppdrett inneheld relativt lite kalium. Derfor må ein ofte gjødsle ekstra med kalium dersom ein bruker denne type husdyrgjødsel. Viser fôrprøven mangel, kan du med fordel bytte til ein meir kaliumholdig gjødsel. I dei fleste tilfelle vil 22-0-12 vere eit godt alternativ. 25-2-6 gir som oftast for lite kalium til å kompensere for husdyrgjødsel frå gris, fjørfè eller fisk.
Likevel skal ein ikkje ukritisk pøse på med kalium. Dersom planta tek opp meir kalium enn ho treng, vil ho ta opp for lite kalsium og magnesium. Dette kan i sin tur føre til sjukdomar som mellom anna mjølkefeber, graskrampe og redusert fruktbarheit i fjoset.

Svovel

Ideelt svovelnivå på ein fôrprøve ligg i området 2-3 g/kg TS. Svovelet verker i lag med nitrogenet, og utan tilstrekkeleg svovel, får ikkje planta nytta nitrogenet. Difor vil gras som lir av svovelmangel få lys grøn farge på same måte som ved nitrogenmangel. Sjølv om husdyrgjødsel inneheld svovel, treng ein at ymse bakteriar i jorda skal frigjere svovelet før planta får tak i det. Desse bakteriane treng over 8 grader i jorda før dei vakner opp frå vinterdvalen. Det betyr i praksis at det ofte er for lite svovel frå våren av, og spesielt i kald jord. Har du svovelmangel, kan du med fordel bytte frå rein N-gjødsling til OPTI NS eller Sulfan (svarer til Opti NS, men har noko meir svovel). Dei vanlege fullgjødseltypane til Yara inneheld òg svovel.

Ønsker du å diskutere neste års gjødsling, med utgangspunkt i årets sesong, ta kontakt med en rådgivar i NLR Rogaland.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.