Kva seier vegetasjonen om forholda i beitet?

25.06.2020 (Oppdatert: 26.06.2020) Ole Arnfinn Røysland, Lars Kjetil Flesland

Kva som veks i beitet avslører som regel mykje om korleis vekseforholda er i beitet. Ein del vekstar vert kalla for indikatorplanter, då dei indikerer forhold som sur jord, hardt beitepress, næringsfattig jord osv. Generelt dukkar desse plantene opp på grunn av at det gode beitegraset ikkje trivest. Derfor vil ein ha eit godt verktøy til å sette inn rett tiltak dersom ein lærer seg å lese kva indikatorplantene fortel.

Blir beitet for hardt beita, får vi trakkskader der ugras kan etablera seg, slik som revebjølle på dette bildet. Foto: Magnus Haugland

Våt jord

 


Engsyre. Foto: Lars Kjetil Flesland

Dersom det er våt jord vil som regel finne større mengder av desse plantane: Knereverumpe, paddesiv, sølvbunke, mannasøtegras, krypsoleie, engsoleie og lyssiv. Nokre av desse vil vi også finne der jorda er sterkt pakka, og difor har lite porevolum (Knereverumpe og paddesiv).

Tiltak ved våt jord:
Drener dei våte partia. Det er sjeldan lønsamt med systematisk grøfting av beite.  Men ei og anna open avskjeringsgrøft har stor effekt og vil ofte heve beitekvaliteten mange hakk.

 

Sur jord

 
 
Beite med mykje matsyre. Foto: Lars Kjetil Flesland
 

Dersom det er sur jord vil ein som regel finne større mengder av ein eller fleire av desse plantene:

Engsyre, småsyre, engkvein, sølvbunke, stemorsblom

Tiltak ved sur jord
Kalking kan gjerast heile året, så lenge det er køyrbart. Sjekk alltid pris pr. tonn opp mot CaO-verdien på varen. Det går bra å køyre 400 kg kalk/daa i beitene. Der er ikkje noko problem å kalke medan det går dyr på beitet.

 

 

Næringsfattig jord

 

Kystmaure. Foto: Lars Kjetil Flesland

Dersom jorda er næringsfattig vil vi som regel finne større mengder av ein eller fleire av desse plantene:

Kvein, Raudsvingel, Småsyre, følblom, mose, finnskjegg, smyle. Kystmaure, Gulaks

Tiltak ved næringsfattig jord:

Auka gjødsling. Dersom arealet er godkjent som spreieareal, vil husdyrgjødsel ofte gjere underverk på slik jord. Dette tilfører organisk materiale i tillegg til lett tilgjengeleg næring og stimulerer dermed jordlivet. Er beitet ikkje godkjent som spreieareal vil gjødselslag som HELgjødsel eller fullgjødsel 22-2-12 og Fullgjødsel 18-3-15 vere gode alternativ.

Hardt beitepress

 

Hardt beita. Lite gras og mykje mose på dette beitet. Foto: Lars Kjetil Flesland

Dersom beitet er utsett for hardt beitepress vil ein som regel finne større mengder av ein eller fleire av desse plantene:

 Vassarve (god jord), kjeldeurt (våt jord), mose. Hardt beitepress vil ofte føre til trakkskader der eit- toårige ugras kan etablera seg. Slike som myrtistel og revebjølle.

Tiltak ved  for hardt beitepress:

Redusert beitepress eller auka gjødslingsnivå. Vassarve og kjeldeurt er begge eittårige, og vil raskt forsvinne dersom graset ikkje vert snaubeita.

Næringsrik jord

 
 
Sau på beite med brennesle. Foto: Dagfinn Ystad.
 Bringebær og brennesle indikerer at det er god og næringsrik jord (veks ofte bak utedoen og liknande). Dermed er rådet mot denne å bekjempe planta ved gjentatt slått (3 gonger i året), eller kjemisk ved Starane/tomahawk/cleave/roundup) og eventuelt så i med beitegrasblanding. NB! Brennenesle spreier seg via krypande jordstenglar. Ver derfor forsiktig med å flytte jord frå staden der brennenesla har stått då du risikerer å ta brennenesla med deg.

Godt beite

 


Storfe på kulturbeite. Foto: Ole Arnfinn Røysland

Godt beite. I eit beite der kalktilstanden er i orden, og som er balansert  gjødsla, vil engrapp, markrapp og raigras dominere. Ofte finn vi godt med kvitkløver. Men her vil også mange ugras også lika seg, slike som høymole og løvetann.

Du kan kalke beita heile året.

Kalking av beite kan skje heile året, når vi brukar moderate kalkmengder. For store mengder med kalksteinsmjøl, eller dersom vi bruka brent- eller halvbrent kalk, er det fare for at graset vert svidd.

 

Kalktilstanden på beita bør væra høgare enn pH 5,5. Ved å auke pH, vil vi få inn grasplanter med høgare avlingspotensiale, og med bedre smaklighet. Men forsøka våre tyder på at kalking åleine ofte ikkje er godt nok. Ei moderat gjødsling med nitrogen og fosfor vil påskunda tilveksten av gode beiteplanter.

 

Er beitet svært surt (Ph ned mot 5,0), må oppkalkinga skje gradvis. Bruk ikkje meir enn 500 kg grovkalk pr dekar i ein omgang. Men så må du kalke igjen alt om 2-3 år,  -med dei same mengdene. Viser jordanalysane lågt innhald av magnesium (Mg-AL under 7), bør du bruke grovdolomitt. Er Mg-AL talet større, er grovkalk, - eller skjelsand eit godt alternativ.

 

Der ein kan nytta husdyrgjødsel på beite, er innblanding av mikrokalk eller biokalk i husdyrgjødsla eit alternativ mange bør vurdera. Innblanding av ca 30 kg kalk pr. m3 gjødsel vil over tid gje brukande kalknivå i beitet. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.