Kva tid skal me slå tredjeslåtten?

22.08.2018 (Oppdatert: 24.08.2018) , Bård Oliver Gjellestad

Å prøva å setja ein dato for tredjeslått er prøvd mange gonger, men er eigentleg vanskeleg å gjere på førehand då vêret er heilt avgjerande. Men nokre ulike faktorar ein kan tenkja på kan komme vel med i vurderingar av slåttetidspunktet.

Tredjeslåtten står tett og fin mange plasser. Foto: Haakon N. Halvorsen

Haustetid

Ein faktor i vurderinga av tidspunktet er overvintringa. Strågras som for eksempel timotei trenger lenger tid til å førebu seg til vinteren, og kan med fordel takast først. Raigraset kan tole å stå noko lengre.

I eit forsøk gjort frå 2011 til 2014 viste det seg at overvintringa ikkje vert betre om ein slår veldig seint samanlikna med slått rundt vekstavslutning, slik ein ofte høyrer. Vekstavluttninga her sør på vestlandet ligg rundt månadsskiftet september/oktober. For overvintringa sin del er det mest gunstige å få nokon veker med vekst etter slått, noko som vil sei ein slått i midten av september. Avlingsmengd er også viktig og her viste det seg at ein middels sein tredjeslått ga størst totalavling fordi dette gir grei avling på tredjeslåtten og samtidig lite vinterskade.

Uansett kva ein ønskjer med tanke på avling og overvintring er det aller viktigaste å prøve å få til ein slått utan å øydelegge for mykje. Derfor er nok det viktigaste kriteriet for slått at jorda ikkje er for våt. Statistisk vil det bli vanskelegare å oppnå køyrbare jorde ut over hausten, så ein må ikkje ha for mykje is i magen om vêret vert bra.

Kvalitet og avling

Gjenveksten i tredjeslått utviklar seg seinare enn andreslåtten. Om hausten er periodane med dagslys kortare og en større del av veksten går til å førebu graset til vinteren. For å oppnå en fôreiningskonsentrasjon på 0,90 FEm per kilo tørrstoff er råda at tredjeslåtten haustast når det har gått rundt 700 døgngrader etter andreslått. Med ein andreslått i slutten av juli vil ein truleg oppnå dette i måneskiftet august/september.

Innholdet av fiber (NDF) er lågere sammenlignet med andreslåtten, og ofte i tredjeslått av tidlig utviklingstrinn er proteininnhaldet høgt. I år med lite fôr, vil avlingsnivå vera viktigare og ein kan med fordel gi graset fleire døgngrader.  

Fortørking og ensilering

Med tanke på både ensileringa, men ikkje minst med tanke på handteringseigenskapane vil fortørking vera ein stor fordel. Ein må hugse på at det er dårleg tørk på hausten og ein bør gi graset mange fleire timar tørk no samanlikna med både første- og andreslåtten. Dessverre spelar vêret ikkje alltid på lag med oss og gjer at det ikkje alltid er rom for fortørking.

Tredjeslåtten kjem nok til å ha eit høgt proteininnhald, blant anna på grunn av rikeleg med gjødsel i år, noko som gjev gras som er vanskeleg å ensilere. Ein bør derfor nytte ensileringsmiddel, då helst syrepreparat i fôret som vert hausta no.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.