Kveke i eng Del 1 - Kjenneteikn og Veksemåte

25.09.2018 , Ole Arnfinn Røysland

Kveka ser ut til å ha klart seg godt i tørken, og er tydeleg til stades i enga mange stader i Rogaland. Men kjenner du eigentleg att kveka når du ser ho? Veit du korleis du mest effektivt tek knekken på kveka? Er eigentleg kveka noko problem?

Ei rose med kveke i ei raigraseng

Kva er problemet?

Kveka er ei grasplante som fyller i siloen, ho er ikkje giftig og dyra et ho. Dermed er kveka på ingen måte det verste me kan få i enga. Men skal ein få maksimalt utbytte av jorda, er kveka likevel problematisk. Dersom me held kveka opp mot ønska og sådde grasarter som raigras, timotei og engrapp, kjem kveka serdeles dårleg ut avlingsmessig. I tillegg skyt ho raskare enn kulturgraset, og vil difor gi ein dårlegare fôrkvalitet enn dei sådde grasartane. På grunn av veksemåten sin, vil ho etter kvart konkurrere ut det sådde graset, og danne tepper i enga der anna gras ikkje slepp til. Oppsummert er problemet: med kveke får ein mindre avling og dårlegare kvalitet.

Korleis veks kveka, og kva preferansar har ho?

For å vete korleis ein effektivt skal verte kvitt eit ugras, må ein kjenne til kva preferansar ugraset har, og dermed kva me kan gjere for at ugraset skal mistrivast. Kveka er ikkje noko unntak.

Kveka sitt store fortrinn i konkurranse med andre grasartar, er rotnettet. Kveka har lange underjordiske utlauparar. (Sjå biletgalleri under). Desse veks horisontalt i jorda og ligg relativt grunt i jorda (0-10 cm). Utlauparane har to hovudfuksjonar:

  1. Lagre næring
  2. Spreie kveka

På grunn av kveka sitt store næringslager i rotmassen er kveka godt rusta til å tole tørke. Det ser ein òg av at ho trivst godt på lett jord. Næringslageret i jordstenglane fører òg til at kveka er kjapt i gang etter slått.

I tillegg til å tene som næringslager, fungerer rotutlauparane òg til å spreie kveka. Såleis har kveka eit felles spisskammers som alle plantane både bidreg til å bygge opp, og som alle kan tære på. I tidlegare tider har dei næringsrike rotutlauparane nytta som dyrefôr.

Utlauparane er sett saman av mange ledd. Kvar av desse har moglegheit til å danne ei ny plante. Det vil seie at dersom ein kutter av ein kvekeutlaupar, så vil denne spire og danne nye kvekeplantar.

Kveka er ei lyselskande plante. Mykje skugge vil derfor føre til at kveka mistrivst. Ho bruker òg ein del energi på å komme i gang etter slått. Eit intensivt slåtteregime vil difor vere med på å tømme kvekerøtene for næring. Når kveka veks vil ho tappe rotsystemet for næring fram til ho har 3-4 blad. Etter det vil fotosyntesen produsere meir energi enn planten bruker på å vekse, og planten vil sende næring ned til røtene.

Kveka er blant dei grasartane som avsluttar veksten tidlegast om hausten. Allereie i slutten av september har kveka samla all næring i rotsystemet og avslutta veksten. I tillegg til å vere raskt til å avslutte veksten om hausten, er kveka sein til å spire om våren. Desse forholda gir både utfordringar og moglegheiter i nedkjempinga av kveka.

Korleis kjenne att kveka?

Det er fullt mogleg å skilje kveka frå andre grasartar. Her er fleir kjenneteikn ein kan sjå etter. Desse er nærare illustrert i galleriet under.

Då kveka stort sett formeirar seg ved hjelp av underjordiske stengelutlauparar, vil ho som oftast opptre i "matter". Dersom ein ser eit område av enga som tydeleg skil seg frå resten av graset i enga, er det grunn til nærare ettersyn.

Grønfargen på kveka er tydeleg lysare enn raigras og engsvingel, men har til forveksling lik grønfarge som timotei. Til liks med timotei er det øvste bladet (bladstillinga i skotet) rulla, men når kveka skyt, har ho tilsvarande aks som raigraset. Men samanlikna med raigras, er aksa hjå kveka snudd 900 slik at den flate delen vender inn mot strået.

Blada til kveka er lange og spisse. Desse kan vri seg utover som ein spiral (sjå bilete). I motsetning til timotei, har kveka tydelege bladøyre (sjå bilete) og ei svært kort slirehinne. Dersom ein held eit tørt kvekeblad opp mot lyset, kan ein sjå at det er små hår på oversida av kvekeblada. På unge planter kan ein sjå at håra òg veks nedover bladslira.

For å vere heilt sikker, kan ein ta grave med seg nokre centimeter med jord under kveka, og finne stengelutlauparane (Sjå bilete). Kveka har stengelutlauparar både over og under jordoverflata.

 

Dette er fyrste artikkel av to om kveke i eng. Artikkel nummer to omhandler ulike metodar for å bli kvitt kveka.

Kveke i eng Del 2 - Bekjemping av kveka



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.