Kveke i eng Del 2 - Bekjemping av kveka

25.09.2018 , Ole Arnfinn Røysland

Det er fleire ulike oppskrifter for å ta knekken på kveka. Felles for desse er at ein må tømme eller øydelegge næringslageret og sørge for at ho ikkje trivest.

Kveka gir lite att i siloen, og kan vere ein fordel å bli kvitt. Foto: Ole Arnfinn Røysland

Dette er den andre av to artikklar om kveke i eng. Den fyrste omhandler veksemåte, preferanser og kjenneteikn på kveka.

Les Kveke i eng Del 1 - kjenneteikn og veksemåte

 

Det er fleire ulike oppskrifter for å ta knekken på kveka. Felles for desse er at ein må tømme eller øydelegge næringslageret og sørge for at ho ikkje trivest.

Brakking med glyfosat ein er vanleg metode. Men då kveka er tidleg til å avslutte veksten om hausten og sein på våren, kan det vere vanskeleg å treffe rett sprøytetidspunkt. Er det mykje kveke i enga, kan ein òg oppleve at sprøytinga ikkje tek fullstendig knekken på kveka.

Oppdeling av jordstenglane med pløying og harving er ein effektiv metode for å tømme næringslageret. Oppdelte jordstenglar vil skyte nye skot, men dei vil ha små næringsreservar, og derfor lettare bukke under ved ei ny sprøyting, eller ved gjenteken ugrasharving.

Dersom ein ser at det heng jordstenglar frå kveka på harva, er det eit godt tiltak å reinske harva etter at ein har køyrt ein runde for å unngå at desse etablerer seg i enga.

Då kveka er lyselskande, men treg om våren, er det beste tiltaket å sørge for at kulturgraset trivest. Ved å kalke til pH 6,0-6,5, balansert og god gjødsling samt ein god jordstruktur ligg forholda til rette for at kulturgraset har optimale forhold. Eit tett grasdekke som ikkje slepp lyset ned på kvekespirene, vil kvele kveka, og tømme jordstenglane for energi. Kveka er heller ikkje glad i intensiv drift med mange slåttar. Dermed vil raigras vere eit godt alternativ for å utkonkurrere kveka.

Eit spennande regime for å utsvolte kveka, er å bruke eitt- og toårig raigras. Dette er det mest aggressive graset me dyrkar, og har gode føresetnader for å knekke kveka. Dette både ved å hindre lystilgang, og ved at eitt- og toårig raigras som oftast fører til 3-5 slåttar i Rogaland, noko kveka på ingen måte liker. To år med desse grasartane vil i dei fleste tilfella kvele det som måtte vere av kveke like effektivt som glyfosat.

Døme på eit regime med eitt- og toårig raigras:

I haust:

Brakking av enga etter siste slått.

Dersom du brakker etter 25. september, vil du truleg ikkje ta knekken kveka. Men du vil brakklegge det meste av den øvrige vegetasjonen og legge forholda klare til neste år. Raigraset er svært glad i kalk, og ønsker pH over 6,0. Helst opp mot 6,5 for maksimalt resultat.

Fyrste vår:

Fresing eller harving av arealet for å sikre at frøa får god jordkontakt. Såmengde: 1 kg eittårig raigras blanda med 3 kg toårig raigras /daa.

Gjødsling:

Vår.

3 tonn husdyrgjødsel / daa

30 kg/daa 27-0-0

Etter 1. slått:

40 kg /daa 27-0-0

Etter 2. slått

25 kg / daa 27-0-0

Etter 3. slått

10 kg / daa 27-0-0

NB! Nye spirer er svært følsomme for husdyrgjødsel på bladverket. Det er derfor ikkje tilrådd å nytte husdyrgjødsel før etter 2. slått.

Hugs at det eitt- og toårige raigraset veks så lenge det er plussgrader. Då dette ikkje skal overvintre, kan ein beite dette heilt til snøen kjem.

Neste år følgje du same prosedyre. Då vil arealet truleg vere kvekefritt og klar for pløying og ordinært attlegg tredje våren.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.