Leige av haustbeite til lam

12.09.2017 (Oppdatert: 19.09.2017) ,  Ole Arnfinn Røysland

Leige av eng som haustbeite til lam kan vere ein vinn-vinn situasjon. Eigar av enga vil få fjerna mykje bladmasse med minimal tråkk/køyreskade med ei inntening på kring 100 kr/daa og lammeeigar vil få lamma slaktemodne på ein rimeleg måte.

Leige av eng som haustbeite til lam kan vere ein vinn-vinn situasjon. Eigar av enga vil få fjerna mykje bladmasse med minimal tråkk/køyreskade. Det er realistiks med ei inntening på kring 100 kr/daa og lammeeigar vil få lamma slaktemodne på ein rimeleg måte.

Vanleg sats for beiteleige er mellom 1,-1,50 kr pr. lam/dag litt avhengig av beitekvalitet. Lamma veks om lag 300 g/dag. Det tilsvarer ei auke på 120 g slaktevekt/dag. Ved ein slaktepris på 41 kr/kg vil dette resultere i ei verdiauke på 5 kr/dag/lam. Dersom det ikkje har gått sau på enga på over eit år, vil beitet vere fritt for snyltarar og tilveksten til lamma vil verte betre. Snyltarar hemmer tilveksten sjølv om ein behandlar lamma mot desse.

Dersom enga står 10 cm høg, vil her som ein generell regel vere mat for 2,5-3 lam/daa i 1 mnd. Ved mykje raigras vil veksten vere betre og ein kan auke tettleiken noko. Det er viktig å ikkje beite enga for langt ned, då dette vil gå ut over overvintringa til graset, særleg for timotei. Som ein hovudregel bør det stå att om lag ei handsbredde når graset slutter å vekse.

NB! Sørg for god tilgang av drikkevatn for lamma. Vatn er for billig til å vere den faktoren som avgrensar lammetilveksten.