Ligg eit steg framfor

25.01.2019 (Oppdatert: 25.01.2019) Ole Arnfinn Røysland

Det er mykje som kjenneteiknar ein dyktig bonde. Eit trekk hjå mange dyktige bønder er at dei alltid ligg eitt steg framfor. Dei nyttar ledige stunder til å gjere forefallande arbeid slik at ein slepp å gjere det i travle stunder. Kan du til dømes reparere slåmaskinen nå, eller vil du helst vente til det er bruk for han i juni? Under har me laga ei punktliste over nokre arbeidsoppgåver som er fornuftige å bruke vinteren til:

Ein dyktig bonde er ofte eit lite steg framfor. Foto: Anders W. Aune

Ligg du eitt steg framfor, er det mykje lettare å få gjort ting til rett tid.

Vedlikehald av maskinar

I ein travel vekst- og haustesesong er det vanskeleg å finne tid til å fikse maskinar. Maskinar som ikkje fungerte som dei skulle i fjor sommar, kan du med fordel ta ein runde med vedlikehald på i vinter. Når det vert opplett og mulighet for å hauste til sommaren, er det mykje kjekkare å hente fram maskinar der du veit at knivane er nyslipte, og maskina elles er topp overhalt.

Rekneskapslaga finn òg ein tydeleg samanheng mellom dei som har godt vedlikehaldt utstyr, og dei som har eit godt resultat på botnlinja.

Kalk

Graset trivst best med ein pH kring 5,8-6,2. Blir pH for høg eller for låg får ikkje graset tak i næringsstoffa i jorda, og det er vanskeleg å gjødsle seg ut av sur jord. Kalk er mineral (stein) som skal løyse seg opp over tid. Difor kan kalking gjerast heile året. Unntaket er bratt terreng, der ein risikerer at kalken vert vaska vekk av nedbør, og engareal som ein ikkje skal pløye. Køyring på frossen mark kan knuse plantane, og du vil kunne sjå køyrespora heile neste sesong. Dersom du vil blande kalk i husdyrgjødsla, så kan du like godt gjere det nå. Då er det klart til våren når vêret er på plass og lorten skal ut.

 

Tiltak i beite

Vinteren er ei fin tid til stell av beite. Ein klassisk rogalandsvinter gir mulighet for både gjerding, hakking av tistelrosettar, pussing av lyssiv, rydding av kratt med meir. Det er fantastisk å sleppe å fikse gjerder når dyra skal sleppast på beite til våren.

 

Drenering

Treng du ei ny avskjæringsgrøft? Eller har du eit område der snøen ikkje legg seg (oppkomme)? Eller skulle kanalen vore reinska? Ser utløpet reint og ryddig ut?

Meir om grøftetilstand her

Meir om avskjæringsgrøft her

 

Effektivisering

Kor er flaskehalsane på garden? Kva går det unødig mykje tid til? Bruk ledige vinterkveldar til å tenke gjennom og evaluere kva som kan effektiviserast. Og gjer noko med det før våronn og haustingar fyller kalenderen.

Kalve og lammeinnredning

Så sant vêren og inseminøren har gjort jobben sin, så vert det lemming og kalving. Fungerte lemmegardane skikkeleg i fjor, eller kan du bruke ledige vinterkveldar på å reparere og evt bygge om lemmegardane? Kva mangler du til lemminga? Kan det bestillast alt nå? Trivst kalkvane der dei står? Eller er her rom for forbedring i kalveoppstallinga? Er det trekk? Andre utbedringar som skulle vore gjort?

 

Kantsonar og vegetasjon langs vegar

Greinene på tre langs jordekanten og traktorvegen er sannsynlegvis ikkje kortare enn i fjor. Nye speglar til traktoren er ikkje gratis. Og ein tur med motorsaga kan vere skikkeleg triveleg…

Meir om stell av kanstsonar her

 

Ligg du eitt steg framfor, er det mykje lettare å få gjort ting til rett tid.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.