Mykje fornuft i skiftebeiting

17.12.2019 (Oppdatert: 17.12.2019) Odd Ingebret Paulsen, Ole Arnfinn Røysland

Med ein klar beitestrategi kan bruk av skiftebeite vere med på å auke grovfôropptaket og senke kostnadane.

Stadig på flyttefot: Ved skiftebeiting flytter du dyra ofte frå skifte til skifte. Slik vil du kunne utnytte beita betre, samt auka fôropptaket frå beita. Prinsippa er ganske enkle, men gjennomføringa er meir utfordrande. Blant anna må du gjerda mykje og godt. Foto: Lars Kjetil Flesland

Inspirerte av «beiteguru» Trevor Cook sitt besøk i Rogaland i oktober, har me sete oss ned og sett på moglegheita til å utnytta beitet me har her i fylket enda betre og i større omfang enn i dag. I Norge er det i all hovudsak kontinuerleg beiting på eit skifte som er normen i dag. Cook sitt bodskap var meir bruk av ”rotasjonsbeiting” eller det me i Norge kjenner best som skiftebeiting. Bruk av skiftebeite er særs vanleg i New Zealand, Irland og Skottland. Beitemetoden blir brukt til sau, ammeku og i mjølkeproduksjonen. Ved bruk av skiftebeiting vil ein kunne utnytte beita betre samt auka fôropptaket frå beita. Det er også liten tvil om at kostnadane per FEm blir monaleg redusert når dyra haustar fôret sjølv. Prinsippa er ganske enkle, men gjennomføringa er meir utfordrande.

Beite treng kvile og stell

Ved skiftebeiting flytter ein dyra ofte frå skifte til skifte. Cook haldt fram 48 timar som ein tommelfingerregel. Det er også viktig at beitet får kvile lenge nok før dyra kjem tilbake -  tre-fem vekers kviletid alt etter årstid og grasvekst. Talet på  skifter må difor regulerast i høve til grasvekst og beitetrykk. Ein treng difor fleire skifter og meir areal utover sesongen ettersom grasveksten minkar. Ved beiting av innmark vil det vera naturleg å ta ut ein del av skifta til slått for å kunna regulera veksten. Ved skiftebeiting får dyra langt gras i staden for nye skot som ved kontinuerleg beiting. Dette fører til at ein del gras blir vraka og kvaliteten går ned. For å utnytta beita maksimalt kan det vere lurt å bruka etterbeitarar som ikkje har same krav til kvalitet som mjølkekyrne, eksempelvis ungdyr eller sinkyr. Om dette ikkje er aktuelt, bør ein pusse skiftet maskinelt etter flytting for å oppnå jamn vekst og kvalitet til neste runde. Ved bruk av etterbeitarar til avpussing bør ein ha fleire skifte for at skiftet skal få lang nok kviletid.

Ved skiftebeiting er det viktig at dyra kjem tidleg nok ut frå våren av. Dette for å unngå at graset kjem for langt før dei kjem tilbake.  Det kan vere ein fordel å dela beitesesongen inn i to, tre, eller fire periodar avhengig av lengda på sesongen og forventa vekstkurve i området.

"Ved bruk av skiftebeiting vil ein kunne utnytte beita betre samt auka fôropptaket frå beitet."

Dette vil vere ein fordel da arealkravet vil endra seg i takt med grasveksten. For storfe skal graslengda vere mellom 8-12 cm ved beitestart på våren og dyra må flyttast vidare ved 4-6cm. Seinare på sommaren bør påslepp skje på 15-20cm og flytting på 6-8 cm. Sauen beitar litt ulikt storfe og kan med fordel sleppast på litt før. Dersom rapp er den dominerande grasarten på beitet, skal ein òg sleppe dyra på ved lågare graslengde. Ved skiftebeiting i kulturbeita er tidleg beitestart ekstra viktig for å hindre at graset blir for høgt.

Samanlikna med kontinuerleg beiting er skiftebeiting meir arbeidskrevjande, det er meir utfordrande å styra grasveksten samt at det er ein del jobb med gjerding. Det er difor viktig å ha ein plan frå våren av. Kor stort areal treng ein og kor mange skifte skal ein dela opp i? Først og fremst må ein ha ein tanke om kor stor del av fôret som skal hentast på beite. Kyr i mjølkeproduksjon ynskjer ein kanskje å kunne gi litt grovfôr i tillegg til kraftfôr inne, medan ammekyr, sau og ungdyr skal henta alt fôret på beite. Det er viktig med tilgang på vatn  på beita. Det er også viktig med gode drivvegar for dyra slik at dei kjem seg ut på beita utan å måtte vasse i ein halvmeter med ”sorpa.” Vegen er også viktig for å kunne kome til med traktor i kulturbeita for blant anna gjødsling, kalking og ugraskamp.

Gode beite gir høgt fôropptak Norske forsøk har vist eit fôropptak på mellom 8-20 kg TS per dag, med ein middel på 12-13 FEm, per dag for mjølkekyr i høg-laktasjon. For å oppnå eit slikt høgt opptak frå beite, er det viktig at tilgangen på fersk og godt gras er stort. Ein del av graset vil bli vraka og noko vil bli trødd ned. Difor bør beitetilbodet vera mellom 30-40 prosent større enn planlagt fôropptak. Lengd på graset påverkar også fôropptaket. Når graset er høgt, blir kvar munnfull større og det trengst færre bitt og kortare beitetid for å oppnå høgt grovfôropptak.

Val av beitegras. Når det kjem til val av beitegras er det viktig å velje grasartar som spreier seg godt, toler hard medfart og trivst under vekslande høve. Fleirårige beitevariantar av raigras er godt eigna for beite. Graset er smakleg, gir god avling og høg kvalitet. Beiteraigraset er tilpassingsdyktig og toler godt hard beiting. Beiteraigraset trivst best på godt kalka (pH 6,0-6,5), næringsrik jord med god vasstilgang. Ein bør vere forsiktig med gjødsling og hard pussing mot slutten av beitesesongen for å unngå vinterskader.

Engrapp passar også godt som beitegras. Rappen har eit lågt veksepunkt som gjer at arten toler hyppig og kraftig avbeiting, samt dannar ei tett grasmatte med god bereevne. Engrappen krev jord med god næringstilstand. Raudsvingel er i litt same kategori som engrapp, men mindre smakleg. Den er hardfør og dannar ei god bereflate på beitet. Raudsvingelen skyt tidleg og fôrkvaliteten går dermed fort ned utover sommaren. Båe desse artane passar godt i ei blanding med raigras. Engsvingel eignar seg også til beite. Det er eit bladrikt gras som toler hyppig beite og slått, samt gjev gode avlingar.

Kløver er nesten som eit «must» å rekna i beite. Dyra likar kløveren svært godt og den gir difor eit høgt fôropptak på beite. Kløver har eit høgt innhald av protein og mineral. Dette gir ekstra effektivitet i vomma og dermed større utnytting av alt beitegraset. Kløveren gir god gjenvekst etter beiting, men likar dårleg skugge frå høgtveksande gras. Kløveren krev litt høgare temperaturar enn vanleg gras og den kjem difor ofte betre utover i sesongen. Det er viktig med høg pH og generell god næringsstatus i jorda for at kløveren skal trivast. Fyrst og fremst er det kvitkløver som er å føretrekke i beita, då raudkløveren ikkje toler beitinga fullt så godt. Med tanke på symbiosen med rhizobiumbakteriar som fikserer nitrogen frå lufta, kan ein redusera nitrogengjødslinga litt når kløveren står sterkt i beite/enga.

 

Jamn gjødsling i løpet av sesongen Eit skiftebeite skal beitast/haustast fleire gonger gjennom sesongen. Difor er det viktig at gjødsla blir fordelt utover vekstsesongen. Med gjødsling av beite skal ein sjølvsagt ta omsyn til forventa avling på beite. Mellom 15-20kg N per daa fordelt utover sesongen, har i forsøk synt seg å kunne vere passeleg, på intensive beiter. Gjødsling er ein grei måte å justere grasveksten på, spesielt i kulturbeita kor det er vanskeleg å regulera på andre vis, (les: slått/ pussing). Det kan vere lurt med moderat mengd frå våren av når veksten i utgangspunktet er på topp, for så å kunne trappe opp utover i sesongen. Ein tommelfingerregel kan vere 1kg N per daa. per veke. For å oppnå jamn plantevekst, vil det i praksis seie fire-fem kg N kvar fjerde-femte veke. (Svarer til 15-20 kg med 27-0-0). 

I vår region er det svært vanleg å bruka husdyrgjødsel også på beita. Den organiske delen av husdyrgjødsla virker utover heile sesongen, noko som taler for tidleg utkøyring av husdyrgjødsla. For å unngå at dette skal gå på bekostning av smaklegheit og fôropptak er det ein fordel at tidsrommet mellom gjødselkøyring og beiteslepp blir lengst mogleg. Bruk av vassblanda blautgjødsel er å føretrekkja. 

Regn eller vatning etter utkøyring er ein fordel. Bruk av stripespreiar eller nedfelling i område kor det er aktuelt, gjev mindre gjødselrestar i bladverket og betre utnytting av nitrogenet.

 

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.