Nederland: Brukar rådgjevarane aktivt

17.12.2019 (Oppdatert: 17.12.2019) Helga Hellesø

Nederlandske bønder brukar landbruksrådgjevarane sine aktivt. Eit godt samarbeid er viktig for å optimalisere drifta og for å dokumentere næringsstoff- og klimarekneskap

Ein delegasjon frå Norsk Landbruksrådgiving var i august på fagtur til Nederland for å studere organisering av rådgiving i landbruket. Denne artikkelen stod i Bondevennen nr. 30-2019. Foto: Inger Birkeland Slågedal, NLR Agder.

Ein delegasjon frå Norsk Landbruksrådgiving var i august på fagtur til Nederland for å studere organisering av rådgiving i landbruket. Nederland er eit jordbruksland med rundt 60 prosent dyrkamark og den nest største eksportøren av landbruksprodukt i verda etter USA. Dei driv eit svært moderne og intensivt jordbruk, og bøndene har mange krav og kvoter å forhalda seg til, blant anna på tap av fosfor og nitrogen.

Landbruksforskinga dannar grunnlaget for rådgivinga. Utan forsking vil ein ikkje ha noko nytt å tilføra næringa. Bøndene brukar rådgivinga aktivt for å optimalisere drifta. Samstundes tar dei ansvar sjølve for å dokumentere næringsstoffbalansen og klimagassutslepp på garden, for å sleppe enno fleire statlege reguleringar. Nokre av dei vi møtte er med i prosjekt der dei saman med forskarar og rådgivarar arbeider for å dokumentere lågare utslepp overfor styresmaktene. Dei håpar dermed å kunne auke grensa for kor mykje av eiga husdyrgjødsel dei har lov å bruke.

Grøderikt: Raigrasenga til mjølkebonden Johan Dekker gir 1800 kg tørrstoff gras per dekar. Dekker jobbar aktivt med andre bønder for å auka jord- og avlingskvaliteten, og for å avgrense tap av næringsstoff og klimagassar. Foto: Inger Birkeland Slågedal

Privatisert rådgiving Vi besøkte ein av dei største rådgivingsorganisasjonane, Delphy. Dei har eigen forskingsstasjon med 240 tilsette og rådgiving i 55 land, men førebels ikkje i Norge. Før 1990 var landbruksrådgivinga i Nederland statleg og gratis. I løpet av nokre år var all rådgivinga privatisert som konsulentselskap, ikkje medlemsorganisasjonar som i Norge.

– Det var ei krevjande omstilling, og mange rådgivarar takla ikkje omstillinga. Desse fann seg annan jobb. I dag er både rådgivar og produsent innforstått med at ein må betala direkte for rådgivinga, fortel Jacco van der Wekken, direktør for Delphy.

«Ved kjøp og sal av fosfor, inndrar staten 20 prosent av kvoten. Dermed blir det stadig mindre fosfor i omløp.»

Suksesskriterium for rådgivinga – Rådgivaren har stor autonomi i jobben sin, og kan utføra den korleis han vil og når han vil, berre han leverer på dei økonomiske resultata som er sett opp, fortel rådgivar Adri Streef frå Delphy.

Skal rådgivaren lukkast, er det avgjerande at rådgivaren er oppmerksam på produsenten sine behov, og tar utgangspunkt i det som er viktig for han. Det betyr mykje å bygge gode relasjonar mellom rådgivar og bonde, og dette kan ta lang tid. Direktør Jacco van der Wekken hos Delphy fortel at skriftleg, individuell avtale mellom partane regulerer omfanget av rådgivinga. Då avklarar ein forventingar, og forholdet mellom partane er føreseieleg. Dei betalingsvillige er først og fremst dei med dei største ambisjonane for drifta.

Forskinga er ein viktig føresetnad for å kunne drive aktuell og relevant rådgiving. Rådgivaren må kunne dokumentere ny kunnskap. Derfor har Delphy organisert arbeidet i forsking- og rådgivingsteam innan alle kulturar. Forskingsstasjonen ligg i byen Bleiswijk. Her er store veksthus med teknologisk avanserte forsøk med blant anna jordbær i table top-system, tomatar og roser. Dei samarbeider også med Wageningen universitet om formidling av forskingsresultat derifrå. Rådgivarane er gode kunnskapsformidlarar, medan forskarane står ansvarlege for sjølve forskinga. Forskinga og prosjekt er finansiert via forskingsmidlar som i Norge. Rekruttering til rådgivarjobben er ei stor utfordring også i Nederland. 

Gras på gamal havbotn:
Carla og Johan Dekker sine kyr på beite i Zeewelde.
Foto: Inger Birkeland Slågedal

Tar ansvar sjølve for klima og miljø – Den største utfordringa for landbruket er alle reguleringane og kontrollane. Det treng ein ikkje meir av. Landbruket har derfor sjølve tatt ansvar for miljømåla, seier direktør Zwier van der Vegte hos KTC Marke/Wageningen universitet.

Produksjonsmåla er nådd, og no treng landbruket å optimalisere produksjonen for å førebu seg på dei avgrensingane som vil kome. Det er eit auka krav frå samfunnet om at landbruket skal vere transparent; ein skal vite kva som skjer i næringa, og ein må tilpasse seg forventingane frå omverda. For å nå måla sine treng landbruket stadig meir kunnskap, held van der Vegte fram. Næringa må profesjonalisere seg og ta kontrollen sjølv, då det ikkje er rom for å bli større. Den same tilnærminga møter me også hos dei nederlandske bøndene.

Kva samfunnet rundt oss meiner om landbruket, er også viktig å ta omsyn til. Derfor er det sjølvsagt for oss å ha dyra på beite. Me ønskjer ein transparent produksjon. Det vil seia at samfunnet skal vita korleis me driv.

Arja og Marinus lagar strategiplan for garden, med mellom anna næringsstoffbalanse ved hjelp av dataprogrammet ”Kretsløpstolken”, økonomiske data og utviklingsområde. Både nitrogen og fosfor har vore regulert i mange år med kvoteordning på næringsstoffa. Ved kjøp og sal av til dømes fosfor, inndrar staten 20 prosent av kvoten. Dermed blir det stadig mindre fosfor i omløp. Ordninga er avgrensa til mjølkeproduksjonen.

Danna eige selskap. Me møtte også rådgivar Sjon de Leeuw frå PPP-AGRO-ADVIES. Han hadde gått frå Delphy, og etablert eit nytt rådgivingsselskap i lag med 13 andre. Selskapet har inga offentleg støtte, og bonden betaler for rådgivinga. Dei har spesialistar på ulike fagområde, og har mellom anna sju rådgivarar som berre arbeider med regelverket. Derimot får dei tilskot til prosjekt som skal bidra til kunnskapsutvikling, som er ein føresetnad for å tilføre ny kunnskap og dermed halde på kundane.

Rådgivaren besøker garden éin gong i månaden, og sparrar bonden om utviklinga av drifta. I tillegg er det viktig at rådgivaren held seg oppdatert på regelverk, og kan passe på at bonden får kjennskap til det regelverket som er viktig for han. Rådgivaren hjelper bonden med dokumentasjonen på garden, slik at han kan vite at han held seg innafor regelverket, og kan sette i verk aktuelle tiltak.

 

 

Med spaden i jorda

Både bonden og direktøren hadde spada med ut for å grave i jorda då NLR var på gardsbesøk og markvandring på forskingsstasjonen til Wageningen universitet. Jordkvalitet er viktig og då må ein kjenne jordtypen og strukturen, sjå på
rotutvikling og livet i jorda. Direktør Zwier van der Vegte hadde òg med eit penetrometer for å måle jordpakkinga. Mjølkeprodusentane Carla og Johan Dekker driver gard på gamal havbotn i Zeewelde, ei fantastisk grøderik jord som gir opp til 1800 kg tørrstoff gras per dekar. Dei er med i prosjektet ”Kyr og moglegheiter”, og er spesielt opptatt av jord- og avlingskvalitet. Dei er også med i ei erfaringsgruppe med fem bønder og svært medvitne på å avgrense tap og utslepp av
næringsstoff og klimagassar ved hjelp av god agronomi. Ved å dokumentere lågare avrenning, kan dei kanskje få lov til å bruke meir av eigen husdyrgjødsel enn nitrogenkvota tillet i dag. Dei gjødslar til dømes aldri etter 1. august, sjølv om det er lov fram til 1. september.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.