Det er geitebonde og gründer Oscar Hovde Berntsen frå Nord-Møre som står bak utviklinga av verdas første virtuelle gjerdeløysing for husdyr. Idèen kom allereie på 1990-tallet, og selskapet blei stifta i 2011. I 2018 blei de første klavane selt til geitebruk rundt om i Norge, og no er det fleire geitebønder som har hausta verdfull erfaring med dette systemet.

Betre utnytting av beiteressursane

I NLR Agder har me fleire geitebønder som bruker Nofence og som ser mange fordeler med å sleppe fysisk gjerding, noko som er både tidkrevjande og dyrt å sette opp. Gjerde skal også haldast i stand, samtidig som dei hindrar fri ferdsel i utmarka og det kan vere fare for at dyr kan sette seg fast. I følge oppfinnaren er visjonen å bidra til betre dyrevelferd, enklare dyrehald, berekraftig matproduksjon og betre utnytting av arealressursane. Med Nofencesystemet kan både inn- og utmark utnyttast til beite på ein ny måte, og kulturlandskapet kan haldast i hevd. Dyra får tilgang til gode og varierte beiter, og dei kan leigast ut til areal som elles ville grodd igjen.

Den nye bjølla krev mobildekning

Dyra får ein klave rundt halsen, og den er drevet av solceller og batteri med GPS-teknologi og eit digitalt kart. Om dyra går over den definerte Nofencegrensa og inn i varslingsfeltet, begynner klaven å pipe som varsel om elektrisk støyt. Dyra lærer raskt kva signala tyder og snur for å unngå støyt. Slik held dei seg innanfor beiteområdet. Bonden kan laste ned en app og ha god oversikt over dyreflokken på beitet. Blir dyra skremt over grensene, koblast lyd og straumstøyt ut og ein får varsel på mobiltelefonen. Systemet krev at det er god GPS-dekning, og appen krev mobildekning. Straumen dyra kan få svarar til berre 1-2 % av eit vanleg straumgjerde, omtrent som ein kutrenar. Dyra må venjast til dette, og det er lurt å definere eit avgrensa område i eit kjent beite og være saman med dyra der i starten. Dei lærer fort kva signala frå klaven tyder og snur for å unngå straumstøyt. Alle vaksne dyr bør ha klave, og kje/lam/kalvar må ha klave når dei begynner å gå bort frå flokken. Firmaet reknar med å ha systemet klar for sal til sau og storfe i 2020. Det er fleire gardar som testar ut klaven på desse no.

Nofence i Setesdal

"Me har NoFenceklavene på mjølkegeitene", seier nederlandske Caren Krul som bur på Flateland i Valle kommune. Dei driv med ysting på garden Uppistog og vil legge om til økologisk drift. Foreløpig driv dei utan kunstgjødsel og dei 13 geitene får litt økologisk kraftfôr i tillegg til beiting i kulturlandskapet. Ho legg til at sidan "alle geiter er 'Intermediate feeders', og liker å beite på busker og trær, i tillegg til gras, så er eg veldig nøgd med moglegheiten til å bruke Nofence. Dyra blir sunne og dei gjev god kvalitet på mjølk og ost." Geitene kjear i mars-april og bukkekjea blir slakta etter 4-5 månader. Om sommaren beiter geitene langs elva, langs vegane og rundt slåtteenga i tillegg til i gjengrodde innmarksbeite. Dei ryddar effektivt i kulturlandskapet, og det er enkelt å definere kor ein vil at dei skal beite. Av mjølka ystar dei ost som blir selt på Nordibø Landhandel, Stasjonen Landhandel og Smak i Sirdal. Mysen går til åtte frittgåande griser det kjøtet seljast frå garden.

Caren meiner Nofencklavane er ganske dyre, men dei fekk støtte til å investere i det. Systemet fungerer stort sett veldig greitt. "Geiter er kloke dyr, dei veit akkurat kor grensene går. Heile flokken får omkring 200 varslingslyder om dagen og berre eitt eller to støyt", fortel Caren. Ho legg til at det er sjeldan dei rømmer, men det skjer i blant om nokon forstyrrar dei rundt tida dei skal hentast for mjølking.

Nofence på kystgeit

Rune Landås, som er kjend frå ein TV-serie i Kristiansand Dyrepark, driv med utegangar sau og geit av den utrydningstrua rasen, kystgeit. Han driv økologisk og har gode erfaringar med å bruke elektronisk gjerde og har klave på 25 geiter. Kystgeitene egnar seg godt til beite i utmark og i attgrodd kulturlandskap. Rune leiger ut flokken til Vest-Agder fylkeskommune og i sommar beita dei i friområde rundt Farsund. Han får mange gode tilbakemeldingar frå folk som synes det er hyggeleg med beitedyr og som er særs positive til at dei ikkje treng fysisk gjerding. Farsund kommune har vært flinke til å informere om prosjektet slik at folk kjenner til det. "Systemet kostar ein del om ein har få dyr, men er nede i 2-3 kroner per dyr og dag om ein har ein større flokk", svarar Rune på spørsmålet om kostnader med systemet. Han seier vidare at batteria må byttast annankvar veke om sommaren og kva veke om vinteren, og at det krev tamme dyr. På spørsmål om dyra held seg innanfor det digitalt definerte området, svarar han slik: "Etablering av eit nytt beiteområde er utfordringa. Dyra likar seg best i kjent område, og eg må vere med dei og passe på dei første dagane. Det har hendt at dei spring gjennom, men då får eg melding på mobilen og kan greitt få dei inn att. " Når det gjeld GPS-dekning så må han passe på å sette grensene slik at det er dekning, og ikkje like under bratt fjell, for eksempel.