På Vestlandet finst det mange, små areal som er eigna for grønsakproduksjon. I det siste har interessa for dyrking av grønsaker auka, også i område der det ikkje tradisjonelt blir dyrka grønsaker.

Marknadshage som driftsform

Prinsippa for drift av ein marknadshage handlar om å dyrke intensivt med grønsaker på under eitt til over 20 dekar, med faste bed i eit vekstskifte, og grønsakene vert omsett lokalt. Sal gjennom Bondens marked, REKO-ring og eigne gardsutsal, gjer det mogleg å bevare nærleik til marknad og faste kundar. Driftsforma er spesielt tilpassa økologisk drift, men passar også til tradisjonell småskala grønsakproduksjon.

1 1
Insektduk er til god hjelp mot insektangrep i kålåkeren, i marknadshagen på Sogn Jord- og Hagebruksskule, i Aurland i indre Sogn. Foto: Frøydis Lindén

Lokal småskala produksjon av grønsaker kan både vere enkelt og utfordrande å starte opp med. Hausten 2019 starta 30 ivrige deltakarar på kurset «Etablering og drift av marknadshagar» i regi av Bondens marked, NLR Økologisk og NLR Vest. Til saman dekte kurstilbodet heile spekteret frå planlegging, etablering og drift av ein småskala grønsaksproduksjon, med utgangspunkt i prinsippa marknadshagedrift, der næringsstoff, avling, jordkvalitet, arbeidskraft, kunnskap, marknadskanalar og forbrukarar heng saman. I midten av november starta kurset på nytt: Marknadshagekurset i Vestland 2021.

Prøveår på Stølen i Strandvik

Simon og Jovana Wolff i Strandvik har dyrka litt grønsaker til eige bruk på garden sin. I vår tok dei sats og etablerte ein eigen grønsakhage. Målet var å bygge erfaring med å dyrke økologiske grønsaker for sal, og kjenne på om dei likte det. Og likte det gjorde dei – både dei som dyrka og dei som kjøpte grønsakene. Denne sesongen har dei prøvd ut mange ulike grønsaker, både for å få erfaring med å dyrke dei, men òg for å finne ut kva kundane vil ha. Dei ville tidleg sikre seg at kanalane for å få omsett varene er der, når dei er klare for å selje. Simon har laga fleire små filmsnuttar frå produksjonen sin. Desse er lagt ut på Facebook, og no veit mange i bygda at dei ynskjer å selje meir grønsaker neste år. Dei har rekna seg fram til at dei kan klare 15-20 abonnentar til grønsakkassane sine neste sesong. Dei har også vore med å starta opp lokale REKO-ringar, og skulen og restauranten i Strandvik er interessert i å kjøpe grønsakene til Simon og Jovana.

Simon Wolff i Strandvik opnar hjortegjerdet til grønsaksåkeren. Foto: Frøydis Lindén

2

– Det er viktig for oss at det er sambygdingar som får glede av grønsakene vi dyrkar. Det er så lett å tenkje at det er mest i byen grønsakforbrukarane finst, men vi har fått gode tilbakemeldingar frå folk i bygda. Fleire av dei ser fram til å teikna abonnement til neste år, og vi ynskjer å opne opp garden fleire gonger i sesongen for omvisingar og ein liten pop-up kafé.

Simon og Jovana har mange framtidsplanar. I 2021 skal dei byggje geitefjøs og foredle mjølk til ulike meieriprodukt. Grønsakproduksjonen skal vere det andre beinet å stå på, i gardsdrifta. Paret kjem opphaveleg frå Tyskland og dei har hatt stor nytte av å følje med på tyske nettsider og sosiale medium, for å lære om marknadshagearbeid derifrå. Dei ynskjer seg eit tettare nettverk i Noreg og Vestland, for å få ein god og trygg start på grønsakverksemda si. Marknadshagekurset til Bondens marknad var ein god start, og dei håpar nettverket vil bygge seg sterkare i åra framover.

Hagen på Nes

Kristine Moldenhauer Biseth bur på Mundheim i Hardanger, på ein gard med stor skogsdrift og liten jordveg. I fleire år hadde ho drøymd om å skape ein jobbkvardag på garden der ho kunne bruke jordene kring garden. Då kurset i småskala grønsakdyrking starta, vart dette springbrettet til å satse på det som til no hadde vore ein hobby. Kurset fekk henne til å sjå alvoret i å gjere grønsakdyrking til ein leveveg. I vår sådde ho sine fyrste frø i det vesle drivhuset på 8 m2, og fekk fram småplantane sine. Kjøkkenhagen blei utvida til ein sjølvforsyningshage, og då fekk ho press på seg til tenkje på marknaden sin i framtida.

Kristine M. Biseth har sådd alle småplantane sine sjølv i drivhuset, og hadde fleire hold av salat denne vekstsesongen. Foto: Frøydis Lindén

3

– Det eine tok det andre, når naboar og kjente ville kjøpe, og eg måtte annonsere og vite prisar. Eg fann ut at eg kunne like så gjerne få laga ein logo og oppretta ein instagramkonto og ei Facebook-side for annonsane. Då eg fyrst starta med å annonsere, så tok det jo heilt av. Restaurantar og naboar ringde om kvarandre, og då var det berre til å henge med i svingane!

Vinteren vil Kristine bruke til å planlegge ei utviding, og ikkje minst lage planar for å kunne få investeringsstøtte frå Innovasjon Norge. Ho skal òg finne ut om ho vil drive garden økologisk, eller konvensjonelt. Ein brukt tunell er allereie kjøpt, og ho vil bruke rådgivinga til å lage ein plan for korleis resten av arealet på garden skal takast i bruk. Ho ynskjer også å satse på fleirårige kulturar, så ho treng fleire fagfolk på tunet komande år.

Prøvesesong ga meirsmak

Eivind Myrdal i Jordalen ved Eidsvåg i Bergen driv ein konvensjonell gard med mjølkeproduksjon som hovudnæring, men har òg mindre flokkar med sauer, grisar og høner. Han gjekk ikkje på marknadshagekurset, men vart inspirert av satsinga på Toppe gartneri i nabobygda, der dei har starta med å dyrke meir grønsaker ved sidan av blomeproduksjonen. Dei to gardane fann ut at dei kunne dele på traktormontert utstyr og produksjon av småplantar, og så var dei i gang med prøveproduksjonen sin. Etter ein familiedugnad med å sette småplantane frå gartneriet i jorda, var dei i gang. Han har berre brukt kunstgjødsel på grønsakene, og tenkjer i utgangspunktet å halde fram med tradisjonell grønsakdrift, då resten av garden vert driven med konvensjonelle innsatsmiddel.

– Å dyrke grønsaker har gittmeirsmak og har vore moro, seier Eivind Myrdal, men me må planlegge vidare drift så vi har tid nok. Vi har dyrka potet i attlegga kvart år så lenge eg kan hugse, men berre nok til oss sjølve og nokre naboar. I år fann vi ut at det var lett å utvide og prøve med litt fleire grønsaksslag. Og det var ikkje så vanskeleg, men vi skulle gjerne hatt meir tid til å bry oss om innhausting, pakking og sal.

I år har Eivind hatt gardsutsal frå kjølerommet i garasjen. Skilt med prisar og kassar med grønsaker har vore der for dei faste kundane som pleier å kjøpe egg. Men til neste år tenkjer han å fokusere litt meir på rotgrønsaker og andre haustvekstar, som er klare etter andreslåtten. Han er framleis usikker om han skal satse på gardsutsal eller REKO-ringen, men vil uansett melde til Mattilsynet at han sel grønsaker, slik at det formelle er i orden for sal på REKO-ringen.

Stadsbruk: nettverks- og inkubatorprogram for nye grønsakdyrkarar

Fylkesmannen i Vestland, Bergen kommune, Trøndelag og Oslo/Viken er involvert i eit nettverksprosjekt som heiter Stadsbruk Europe.

Denne artikkelen står på trykk i fagbladet Økologisk landbruk nr. 3-2020

Les også: Etablering av markedshageareal