Optimaliser grovfôret

03.06.2016 (Oppdatert: 19.07.2016) ,  Ane Harestad

Norsk Landbruksrådgiving arrangerte i mai fleire mardagar med tema kvalitetsutvikling i eng.

Markvandringa var på garden til Bjarte Njå, Rennesøy. Foto: Liv Kristin Sola (Bondevennen)

Sporer

Mausyrebaserte ensileringsmiddel i vått fôr gir rask pH-senking som hemmar smørsyreutvikling og sporedanning.

Under tørre forhold kan mykje jordstøv etter raking og ranking overføre sporer til rundballar. Kofasil Ultra hemmar sporer i tørt gras.

Andre kjelder til sporer kan vera restar av husdyrgjødsel på bladmassen og jordvatn frå hausting på blaut jord.

 

Tørkefart

Om ein breislår om morgonen, kan ein oppnå 30 % TS same ettermiddag. I streng vil graset oppnå 30 % først dagen etterpå.

 

Stengelbehandling til høg TS

Ulempar med stengelbehandling er at det krev meir vekt og kraftbehov, og fotosyntesen (sukkerproduksjonen) i planten stoppar med ein gong.

Stengelbehandling vil ofte vera mest interessant i rundballar med 40-45 % TS eller høy.

Les meir om tørrstoff, fortørking, ensileringsmiddel i Bondevennen sin artikkel (BV 2016-22) frå markdagane våre med Sverre Heggset.