Planlegg høymolekampen nå

14.04.2020 (Oppdatert: 14.04.2020) Annlaug Fludal

Høymole er framleis eit stort problem på mange gardar. Kampen blir forskjellig etter driftsmåte og dyreslag. Rett sprøytetid av etablerte planter er når dei har fått ein kraftig rosett etter vinteren eller avkutting. God vekst og temperatur ved sprøyting gir best resultat. Byhøymole er vanskelegare å bekjempa enn vanleg høymole. Har garden eit høymoleproblem bør ein planlegga tiltak ved gjenlegg.

Vanleg høymole og byhøymole med god bladrosett. For optimalt sprøytetidspunkt, treng ein ikkje venta til dei vert fullt så store. Foto: Annlaug Fludal.

Høymoleartane 

Høymole er velkjend for dei fleste. Det finst fleire artar, men i praksis skiller ein på vanleg høymole og byhøymol. Artane kan veksa side om side. Byhøymola, «den rauda» har breiare blad og raudfarga og spinklare blomsterstand. Rota er meir forgreina og dei fleste reknar denne som mest problematisk både i kjemisk og mekanisk bekjemping Høymola kan formeira seg gjennom rotdeler, men særleg gjennom frø. Frøa kan vera spiredyktige etter svært lang tid i jorda og frø kan òg overleva og bli spreidd ved hjelp av husdyrgjødsel. 

 

Eng 

Rett tid for sprøyting i enga er når fått ein del bladmasse etter overvintring eller slått. Ein bra temperatur gir generelt sikrare resultat ved all kjemisk bekjemping . Ved bruk av fenoksysyrer (mekoprop, MCPAog fluroksypyr-middel (Flurostar, Starane XL mfl) er det ønskeleg med 12-15 grader.  Ved vårsprøyting er fluroksypyr-middel eller mekoprop-preparat mest brukt. Begge desse skadar kløver. Fluroksypur-midla er rekna for å vera mest skånsomme mot graset, medan mekoprop kan setta grasveksten synleg tilbake i enkelte tilfelle. Lågdosemiddel som Gratil og Harmony skåner kløveren mest, men kan setta enkelte grasartar sterkt tilbake og har mest blitt råda til å bruka etter slått. Det gamle middelet Banvel heng framleis med i sortementet. Det er dyrt, har lang behandlingsfrist og skadar både gras og kløver 

 

Beiter 

Sauen beiter høymola godt, men i storfebeiter kan høymola ta stor plass. Det kan derfor vera rett å prioritera beitene om ein får tid til sprøyting om våren. I beita er det òg større problem at høymola får stå lenge og frøa seg. Beitepussing før plantene har fått utvikla seg er derfor eit godt tiltak der ein kjem til. 

 

Gjenlegg 

Har garden eit høymoleproblem bør ein vera ekstra nøye under etablering av nye gjenlegg. Ein bør sikra at gamle høymoler blir fjerna gjennom brakking eller ekstra behandling mot høymole. Følg med på nyspiring og vær klar med ein behandling mot frøspira høymole. Frøspira høymole kan vera vanskelege å kjenna igjen på eit tidleg stadium.  
  

 

Meir på nettet:  

 

Ane Harestad, NLR Rogaland : Rotlausveka 

https://rogaland.nlr.no/fagartikler/rotlausveka/ 

 

NLR Agder: Høymola er straks sprøyteklar 

https://agder.nlr.no/fagartikler/hoeymole/ 

 

Olav Martin Synnes, NLR Vest. Høymolekamp i økologisk produksjon 

https://vest.nlr.no/fagartikler/2872/ 

 

Gunnar Jarle Forbord, NLR Nord Norge. Kampen mot høymole i eng og gjenlegg 

https://nordnorge.nlr.no/fagartikler/kampen-mot-hoeymole-i-eng-og-gjenlegg/ 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.