Me får mange telefonar om sprøyting og er ute på synfaring i gjenlegga. Det me ofte ser er at sprøyting blir utsett for lenge, og at det då er vanskeleg å få godt resultat.

Ver tidleg ute!

Det er sjeldan me ser at folk sprøyter for tidleg. Då kan ein i tilfelle oppleve at ugraset spirer på ny før graset er konkurransedyktig. Ver klar og prøv å sprøyt på rett tidspunkt, det kjem ofte fortare enn du trur. Har du sådd kløver er denne både avgjerande for val av middel og for sprøytetid. Kløveren kjenner du igjen med at den har eit karakteristisk blad som stikk opp - me kallar det spablad. Tidspunktet er når eitt eller to varige blad er utvikla. Dei varige blada kjem etter frøblad og spablad.

I gjenlegg utan kløver bør graset ha fått varige blad. Litt forenkla kan ein sei at det må ha fått meir enn berre den første spira som kjem opp frå jorda. Dette må du sjølvsagt vega opp mot køyreforholda på jorda. Ingen vil øydelegge gjenlegget på første overkøyring. Men om til dømes vêrmeldingane melder regn, er det betre å vera for tideleg enn å risikere for langt komme ugras ved å vente.

Les alltid etikettane nøye med tanke på tidspunkt og dose. Å bruke rett dose er viktig i gjenlegg, då overdosering fort gir skade på små planter. Gjenleggsprøyting er meint for å ta frøugras, kampen mot fleirårig rotugras gjer ein i engåra.

Kloverspire Foto Lars Kjetil Flesland
Rett tidspunkt: Her er ei kløverplante med eitt varig blad, eit teikn på kva tidspunkt ein bør sprøyte gjenlegg med kløver. Foto: Lars Kjetil Flesland

Brakking er sentralt

Grunnlaget for eit fint og vellukka gjenlegg startar derfor før du set plogen i jorda. Sidan gjenleggssprøytinga som nemnt berre tek frøugrasa, er dermed problemugras som for eksempel høymole som spirer frå røter og kveke vanskeleg å gjera noko med nå. Vellukka brakking, der du gir gras og ugras lov til å komme godt opp før sprøyting, ser me gir gode resultat.

Me ser også ein del tilfelle der grasugras som knereverumpe og tunrapp dominerer gjenlegga, og desse kan du heller ikkje sprøyte mot nå. Problem med desse får ein der det er fuktig eller pakka, til dømes kan du fort ende opp med mykje knereverumpe i gjenlegg med dårleg drenering. Ei anna årsak kan vera at du har drive jordabeid medan jorda ennå ikkje var tørr nok.

Tunrapp kjem når jorda er tett, vanlegvis rundt innkøyringar til teigane, men også andre stader, om jorda er for pakka. Tenk derfor på jordpakking og køyr minst mogleg når jorda ikkje er tørr.

God teknikk: generelle råd om sprøyteteknikk

Vellukka sprøyting gjev godt grunnlag for god avling på enga i åra framover.

  • Bekjempe tidlig, mens ugraset har 2-4 blad.
  • Pass på at utstyret er i orden. Hugs krav om funksjonstest kvart tredje år.
  • Beste sprøytetidspunkt er tidlig om morgenen i 5-6 tida (som oftest lite vind, høg luftfuktighet og ein får nytta varmen ut på dagen).
  • Ved dogg på plantene kan ein redusera vassmengde/daa.
  • Reduserte doser kan vera aktuelt viss det er gode vekstforhold, små ugrasplanter, moderat ugrasmengde og konkurransedyktige kulturplanter. Dei fleste middel virker best under varme, fuktige forhold.
  • Bruk helst ikkje mer enn 3 sprøytemiddel om gangen. Auk veskemengde/daa viss fleire midler blandes. Sjekk blandbarheten og behovet for klebemiddel ved tankblandinger.
  • Regn rett etter en sprøyting med eit bladherbicid kan gi betydelig redusert virkning.
  • Hvis det er tørt, blir plantens vokslag tjukt og får ein anna struktur, som gjer det vanskelig for midlet å trenge inn i planta.