Før lagringa er det viktig å tenke gjennom «kva er utfordringane i år?» Er det noe utanom det vanlege som har konsekvensar? Faktorar som: næringsmangel, drukning, tørke, sjukdomspress eller andre ufordelaktige vekstvilkår, har ikkje lik effekt på lagringsevna.
Potet som er skada eller støyta under risknusing, opptaking, eller sortering ved innlegging på lager kan krevje ekstra tiltak for å ivareta ei god lagring.
Trass i alle produsentars målsetting om å ta opp ei frisk og sunn potetavling, er det fleire sjukdommar som kan gi mindre eller større tap av avling under lagringa. Dei viktigaste lagringssjukdommane er: Sølvskurv, fusarium, tørråte, raudråte, pytiumråte, blautråte og foma. I tillegg kan tørrflekksjuke og svartprikk vera viktigare enn vi trur. Generelt er blautråte den alvorlegaste av desse sjukdommane, men knollar med dei andre sjukdommane er ofte meir mottakeleg for sekundærangrep av blautråte. Noe som ofte fører til råtereir («hot spots»), og samanbrot i kassen og kassestabelen.
Sårheling
Sårheling og sårhelingsperioden er det viktigaste hjelpemiddelet for å «reparere» kutt og slagskadar, redusere sjukdomsspreiing og vekttap. Avhengig av temperatur tar sårhelinga som regel 2-3 veker, når temperaturen er mellom 10-13 °C. Ved lågare temperatur tar det lengre tid og motsett om det er over 13 °C. Sårheling og oppbevaring av potet ved temperaturar over 15-16 °C er risikosport og ikkje tilrådd.
Av frisk potet
Sårheling er viktig for å lage eit godt skal for å redusere vekttap på grunn av uttørking og risiko for råteutvikling. Sårheling ved temperatur mellom 10-13 °C og med luftfukt frå 92-97 % er best for det meste. Unnataket er sølvskurv, svartprikk og blæreskurv. Da blir resultatet best ved lågare luftfukt, frå 85-90 % RH.
For potet som skal til prosessindustrien, kan det vera nødvendig å forlenge sårhelingsperioden opp til 4-5 veker for å få betre friteringsfarge (Canadian Horticultural Council). For å vera sikker på at potet til prosessindustrien får ønska farge, bør ein ta ut steikeprøve kvar veke under sårhelinga.
Av problempotet
Dersom ein på slutten av sesongen tar opp potet med temperatur under 7 °C, bør ein gjera tiltak for å heve temperaturen til eit ønska nivå for sårheling. Gjennom tørking og naturleg varmeutvikling, kan ein heve temperaturen med om lag 2 °C pr døgn. Dermed kan ein jamne ut temperaturen i heile lageret og legge grunnlaget for ei god sårheling og eit godt lagringsresultat.
Når det er risiko for blautråte, uansett årsak, har opptørking 1. prioritet. Om det er berre litt knollar med blautråte, skal ein ventilere samanhengande med luft som har mellom 85-95 % RH (relativ luftfukt). Dersom det er mye blautråte, skal ventilasjonslufta ha luftfukt mellom 80-90 % RH. I den kanadiske tilrådinga blir det frårådd å ventilere med luftfukt under 80 % RH. Når det er mye blautråte kan det ta veker eller til og med fleire månader før ein har kontroll på råteutviklinga.
I noen tilfeller kan det på grunn av sterke blautråteangrep eller frostskade, vera nødvendig å senke temperaturen i lageret til 8-9 °C og ha den i 3-4 veker, før senking av temperaturen til 3-4 °C. Den låge temperaturen held sjukdomsorganismane i sjakk, mens tørkeprosessen blir fullført.
Dersom prosesspotet er innblanda, må ein gjera ei vurdering på om det er betre å miste farge pga. låg lagringstemperatur, eller auka risiko for råteutvikling ved høgare temperatur for å få rett farge.
Denne artikkelen er åpen for NLR-medlemmer
Registrer deg i dag og få tilgang til alle våre fagartikler!
Som medlem i NLR får du også tilgang til alle våre rådgivingstjenester.
Allerede medlem?
Logg inn