Feltvertar var Berit Rolandsen og Jarl Gravem. Med i forsøket var fem marknadssortar og fem nye sortar frå Graminor. Verdiprøvinga i potet er som vanleg i regi av NIBIO og Per Møllerhagen.

I feltet i Sunndal var avlingsnivået veldig bra med unntak av G09-1057. Kvalitten var og jamt over bra. Når det gjeld kvalitetsfeil var det vekstsprekk (Lunarossa og P02-13-7) og grøne knollar (G07-1655) som gav størst utslag mellom sortane. Elles var det lite kvalitetsfeil.

Asterix og Pimpernell er velkjende sortar for dei fleste. Innovator er ein pommes frites-sort som ikkje er aktuell i vårt område. Desse blir ikkje nærare omtalt her.

Verdiprovingsresultat LNV 2020

Labella

Tysk sort. I Sunndal gav den so vidt høgare avling enn Asterix, men i andre forsøk har den lege litt lågare. Tørrstoffinnhald ligg vanlegvis litt under Asterix. Knollansett omtrent likt som Asterix. I forsøka spirte sorten likt med Asterix, men var klart tidlegare moden (omtrent som Laila). Vanlegvis sterk mot skurv. Utsett for vekstsprekk og kolv.

Lunarossa

Konsumsort frå Danmark. Lågare avling enn Asterix i forsøk. Sein sort, både spirte seint og var seint moden i forsøk. Litt høgare knolltal enn Asterix. Beldig utsett for vekstsprekk. Sterkare enn Asterix mot sølvskurv.

G09-1057

Konsumsort frå Graminor med kraftig mørkeblå til lilla innvendig farge og mørkeblått skal. I forsøket i Sunndal slo den veldig dårleg til, riset gjekk tidleg ned og avlinga var låg. Stor andel små knollar. Lite ris som dekkar dårleg.

G07-1147

Konsumsort frå Graminor. Gule, rundovale knollar med grunne grohol og lysegul innvendig farge. 10 % lågare avling enn Asterix i Midt-Norge. Ein del grøne knollar og skurv i felta i Midt-Norge (men ikkje i Sunndal). Elles sterk mot skurv og mot tørrote på riset.

G07-1655

Pommes frites-sort frå Graminor. Gule knollar med oval til langoval form, grunne grohol og gul indre farge.

Konsumsort frå Graminor. Knollane er mørkeraude, runde med middels grunne grohol og sterk raud innvendig farge. Omtrent like sein som Asterix. Avlinga 17 % under Asterix i Midt-Norge. Ein del vekstsprekk, kolv og misform i forsøka.

Kjelde: Per Møllerhagen. Jord og plantekultur, 2021.

Verdiproving Hilde
Rådgiver Hilde Hegnes i gong med potetsetting på verdiprøvingsfeltet i Sunndal.