Gjødsling og N-tap

Av tabellen ser ein at det både er stor variasjon mellom plassar og jordartar når det gjeld mengde ned-/utvaska i kg N/daa. I tillegg er uansett tala berre retningsgivande. N-kalkulatoren tar ikkje omsyn til korleis nedbøren kjem. I praksis kan det spele ei rolle for over kor lang tid og kor mye som kjem i gongen. Dersom det blir ståande vatn heilt opp i overflata auker i tillegg risikoen for tam av nitrogen til luft (denitrifikasjon).

På markdagen vil det derfor både bli drøfta konsekvensane av ned-/utvaskinga og kor mye ein bør tilføre for å kompensere for tapet. I tillegg veit ein at det også er eit relativt stort tap av kalium. Noe av tapet bør derfor erstattast med NPK 12-4-18. Det ideelle hadde vore om Yara kunne levere Unika kalsium. Da hadde ein fått både lettilgjengeleg nitrogen, kalium og kalsium i same slengen.

Gjødsling

Ved å bruke Nitrogenkalkulatoren i VIPS (www.vips-landbruk.no), får ein raskt ein indikasjon på korleis stoda er. Med setting i veke 21 og ei grunngjødsling på 70 kg 12-4-18, ei forventa mineralisering på 3 kg N/ daa og ei forventa bruttoavling på 4000 kg pr. dekar viser kalkulatoren at det i Stjørdal går mot manko i veke 29 på sand og lettleire. Siltjorda greier seg ei veke til. I tabellform får ein følgjande resultat, sjå nedanfor.

I tillegg til desse målingane har vi god hjelp i bladsaftmålingar med Laquatwin og N-stikker for måling av nitrat i jord, for å komme fram til best muleg tilrådingar på markdagane.

Bladgjødsling med magnesium

Mye nedbør og fuktig jord gjer at magnesium blir dårleg tilgjengeleg. I år kan det derfor vera lurt å ta med Magtrac i første sjanse for tørråtebekjemping.

Tørråte

Fekk i ettermiddag melding om at det er funn av tørråte i økopotet på Ørlandet. Det er dårleg nytt, men truleg ikkje farleg dersom alle bruker første og beste sjanse til å starte tørråtebekjemping. Yr er i skrivande stund tilsnakkande. Det blir opphaldsvêr både laurdag og søndag. Arbeidshelg.

Ved sida av funnet på Ørlandet , er akkumulert risiko på negativprognosen i dag (4/7)

Frosta_____158

Kvithamar_143

Mære_____110

Skjetlein__100

Skogmo___85

Når verdien overstig 150, er det generelt risiko for utvikling av tørråte frå smitte i egen settepotet. Sjølv om det generelt er lite tørråtesmitte i settepoteten, er det ingen grunn til å gamble. Det er betre å starte litt for tidleg. Tørråtesoppen gjer ikkje skilnad på om riset er 15 eller 50 cm høgt. Når det landar ei spore på bladet, er 3 timar med fukt (vatn) nok til å starte angrepet.

Middelval

Mindre viktig enn tidspunkt. Revus er og blir eit godt middel i periodar med stor tilvekst. Ridomil Gold har i tillegg noe kurativ effekt, bør veljast om det er mistanke om smitte i settepoteten. Ridomil Gold kan på grunn av risiko for resistensutvikling gi falsk tryggleik.