Eg hugsar spesielt godt førelesaren min frå studietida, ho som underviste i drøvtyggjarernæring. Ho pleidde å terga førelesaren me hadde i svineproduksjon for at det var ikkje rare utfordringane dei hadde når det gjaldt fôring. Når du visste kva du putta inn i grisen, og grisen elles hadde optimale tilhøve rundt seg, så var det ikkje vanskeleg å vita kor mykje grisen voks, og når han var slaktemoden. Med drøvtyggjarane derimot, der var det større utfordringar, og det vanskelegaste var nok dei tilfella der det ikkje var teke grovfôrprøve. For det er stor skilnad på ein kubik med silo og ein kubik med silo. Og kanskje endå større skilnad mellom ein rundball og ein rundball.

Om du bestemmer deg for å betra grovfôrkvaliteten din, auka avlinga di, eller redusera kostnaden med grovfôrproduksjonen din, så må du starta med å kartleggja kva du oppnår akkurat no. Det er umogeleg å vita om ein blir betre, om ein ikkje veit kva ein produserte tidlegare.

Noko av det som påverkar økonomien mest, er turrstoffprosenten du klarar å oppnå om du legg graset i rundball. Di høgare turrstoffprosent du oppnår, di meir fôr i kvar ball, di mindre plastforbruk og di mindre dieselforbruk, for å få fôret bringa heilt fram til fôrbrettet. Jan Karstein Henriksen frå NLR Agder har oppsummert dette på ein framifrå måte. Han skriv at om du har 300 dekar som når ei årsavling på 600 FEm per dekar, og du klarar å auka turrstoffprosenten med 5 einingar, vil du redusera tal ballar med 100 stk. Tenk det, 100 ballar mindre å handtera, og likevel same mengde næring til dyra. Om slåttearealet ditt samsvarar meir med halvparten av arealet, er det framleis 50 ballar å spara. Det må no vera interessant å nå om målet er betre økonomi, meir fritid eller lågare klimagassutslepp. Her er det mange fluger i ein smekk!

Når fôret er plassert framføre dyra på fôrbrettet er mykje gjort, men langt frå alt! Grovfôret skal passa til den produksjonen det er tenkt brukt til. Ei høgtytande mjølkekyr med høg kraftfôrtildeling, treng eit grovfôr som inneheld nok struktur/fiber til at graset held seg lenge nok i vomma. Det må òg vera av så god kvalitet at kyri får i seg nok næring til å halda den høge ytinga. Same problematikken opplever sauebønder i lamminga. Men resten av vinteren har søya eit mykje lågare fôrbehov. Då kan det vera optimalt å utsetja slåttetidspunktet for å få nok struktur/fiber i grovfôret. Ammekyr i drektigheitsperioden er i mykje same situasjon som søyer midtvinters. Fôrbehovet er ikkje så høgt, men det er utruleg viktig at dyrevelferda er ivareteken med tanke på at dyra kjenner seg mette. Slåttetidspunkt kring begynnande blomstring kan sikra at det vert nok struktur/fiber i fôret. Eit anna alternativ, om slåttetidspunktet vart for tidleg, er å kjøpa ammoniakkbehandla halm. Då sikrar grovfôret næringstrongen medan halmen sikrar kjensla av å vera mett.

Eg ynskjer med dette å understreka at tre naboar, som driv tre forskjellige husdyrproduksjonar, ikkje kan hausta grovfôret sitt samstundes. Trongen til dei dyra som skal eta opp dette fôret må avgjera kva som er rett slåttetidspunkt.

Så lenge ein kjenner fôrkvaliteten om hausten, så kan ein tilpassa den totale fôrrasjon dyret får enten med kraftfôr eller med grovfôr av ein annan kvalitet. Sommaren i fjor var spesiell, det var vassmangel og plantene skaut for tidleg, noko som førte til ein mykje større del av ufordøyeleg fiber (iNDF) enn det som er akseptabelt. Når ein då fôrar som tidlegare, og forventar at «ein kubik silo er ein kubik silo, og ein rundball er ein rundball» blir det rett og slett fôra med mindre næring denne vinteren enn førre. iNDF tek opp plass i vomma og dyra kjenner seg mette, men dei taper hold. Dette er fleire sauebønder som har erfart etter sist vinter.

Kjenner du vekta og kvaliteten av grovfôret ditt så er du langt på veg til å finna ut kvar du ligg no, og du kan setja deg eit mål om kvar du vil når det gjeld grovfôrproduksjon din. Tilfører du i tillegg litt om kor mykje innsats du har lagt ned for å produsera det, så kan økonomirådgjevarane i NLR Vest rekna på kva grovfôret ditt kostar gjennom programmet vårt Grovfôrøkonomi. Mi personlege meining her er, at me er opp til fleire grovfôrprodusentar i vårt område som har forbetringspotensiale på dette området, og som kan auka botnlina i grovfôrrekneskapen vår. – Og no ber eg dykk leggja merke til at den siste setninga skildrar at ME er fleire i same båt.

Få hjelp til å berekne dine grovfôrkostnadar