Rapport frå to dyrkingsprosjekt

12.07.2016 (Oppdatert: 23.01.2017) ,  Lars Kjetil Flesland

Som rådgjevar og planleggar er det lite som slår det å få besøke ferdige areal ein har vore med på å planlegge. Å få sjå prosjekt bli fullført, noko lunde i tråd med planane gjer denne jobben så utruleg interessant! Som alltid er det ting under vegs og i etterkant vi legg merke til. Utfordringar vi har forutsett, men også slike vi ikkje har tenkt på.

Prosjektet vi her viser til, ligg i Etne og er eigd av Sjur Aakra. Arealet er vel 43 dekar, der 29 dekar er nydyrka. Før fulldyrking var arealet brukt til beite og skogsmark. Nedre del av arealet ligg på marine avsetningar, terrassar med leire silt og sand. I øvre del finn vi morene med mykje stein. Gjennomsnittleg fall frå topp til botn er 17%. Under planlegging var det lagt stor vekt på å hindra erosjon i leire og silt. Det var fleire vassig og småbekker inne på feltet, samt ein større bekk som kryssa teigen.

Prosjektet vart starta ved å grave ei djup avskjeringsgrøft i øvre kant av feltet. Denne skar av vassig og småbekker. Det vart også grave ein steinkanal som vart fylt opp med dyrkingsstein. Denne fungerer også som drenering. I alle opphavelege vassig og småbekker vart det lagt ned røyr.

Den mest kritiske delen av dyrkinga vart gjennomført vinteren og våren 2016, heldigvis i uvanleg tørt vær. Då vart det nedre arealet med terrassar av silt og leire planert. På deler av teigen var det leire som under planering vart plastisk og byrja å sige. Dette området vil bli tatt opp att når massane igjen har fått stabilisert seg.

For å hindra overflateerosjon er det viktig å få etablert eit plantedekke så for som råd. Undergrunnsjorda er tung, næringsfattig og med liten biologisk aktivitet. Etter kalking vart det difor køyrt på husdyrgjødsel både før og etter jordarbeiding, samt brukt noko handelsgjødsel. Det er sådd Spire surfôrblanding normal, og bygg som dekkvekst. Grasfrøet spirte jamt og godt, men kornet ser vi lite til.

Sjur Åkra har ei stor grisebesetning, som krev stort spreieareal. Han leiger jord over heile bygda, med til dels lange transportavstandar for husdyrgjødsel og avling. Dette dyrkingsprosjektet er gjennomført også med tanke på å redusera dette transportbehovet. Men dyrking her kostar, og han har lagt ut om lag kr. 30.000,- pr dekar.


På to tilstøytande eigendomar er Magnus Moe Osvåg i ferd med å dyrke eit tilsvarande areal. Her er det mindre marine avsetnader og meir morene. Også her starta prosjektet med å lage kanal opp mot utmarka. Oppå kanalkanten er det laga driftsveg som fortset rundt heile feltet. Jorda er så grave om  med gravemaskin, og stein rista ut. Denne vert deponert i steinkanalar, likt naboteigen.

Driftsveg rund feltet. Det er praktisk å ha driftsveg rundt feltet til å koma seg inn- og ut av teigen. Dette fører til mindre køyreskadar og det er lettare å koma til for vedlikehald av kanalar.
Steinkanalar kan fungere godt som drenering, og er ein fin måte å bli kvitt dyrkingsstein. I denne kanalen kunne ein ha vurdert fiberduk mellom steinfylling og jorda over, for å hindra jorda å forsvinne inn blant steinmassane.
Store flater i skrått terreng kan gje mykje overflatevatn ved nedbør. Å få etablert eit vegetasjonsdekke raskt etter planerig og jordarbeiding er viktig for å binda jorda.
Her er overflatevatnet styrt mot inntakskummen med hjelp av låge jordvollar.
Ved planering av leirmassar har denne på dette feltet blitt plastisk, og har byra å sige. Ein har vald å  så til med gras. Arealet vil så bli tatt opp att og jamna til når jordmassane har fått stabilsert seg etter eit år eller så.