Rypa reddar skotsk lynghei

02.11.2018 (Oppdatert: 05.11.2018) , Ane Harestad , Birgitt A Harstad , Annlaug Fludal

70 % av lyngmarka som er igjen i verda finn ein i Storbritannia og særleg i det skotske høglandet. Her er det ein ubroten tradisjon å halda landskapet ope. I dag er det utleige av jakt som gjer det økonomisk lønnsamt å stella lyngheia.

I Caingorms nasjonalpark, lynghei med mosaikkbrenning. Foto Annlaug Fludal

I slutten av september var tre rådgjevarar frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland på studietur til Aberdeenshire i Skottland. Alle tre har lyngskjøtsel som arbeidsoppgåve.

Kultivering og skogplanting

Gjennom organisasjonen Heather Trust fekk me gode kontaktar. Malcolm Hay driv saman med kona Debbie ein stor eigedom i nærleiken av Huntly, ein times køyring vest av Aberdeen. Malcolm hadde vore styreleiar i organisasjonen i ti år, nå var han nestleiar. Han gav oss god innsikt i diskusjonar om det skotske landskapet. Sidan krigen har arealet av lyngmark nesten blitt halvert, mest på grunn av skogplanting og oppkultivering. Planlaus gjengroing, slik me har overalt i Norge, er ikkje vanleg. I den offentlege debatten blir skogkledde Norge likevel trekt fram som eit ideal av mange fortel Malcolm. Det er òg seriøse forslag om å innføra ulv i den britiske naturen igjen.

Malcolm May har restaurert krater etter tidlegare uttak av torv. Foto Birgitt Harstad.

 

 I dag er økonomien i landbruket så dårleg at oppgjødsling er liten trussel for dei skotske lyngheiane. Støtteordningar for oppdyrking er så godt som borte. Derimot kan ein få støtte til spesielle restaureringstiltak. Malcolm viste oss to slike prosjekt på eigedomen. Eit stort grøftesystem med opne kanalar var fylt igjen med torv for å få tilbake våtmark. På eit høgdedrag 600 m.o.h. hadde det blitt tatt ut ekstra verdifull brenntorv til bruk i whisky-industrien. Torvskjæra som hadde vore store krater i naturen, var nyleg planert slik at ny lyng kunne spira.

Skogplanting får støtte og er i dag ein større trussel enn kultivering. Ein stor naboeigedom var planta til. Spirer av sitkagran kom opp der me stod, fleire kilometer borte. Lyngmarka til Malcolm blei beita av svartfjes, men sitkaplanter måtte fjernast mekanisk der ein ikkje fekk brent i tide. Han prøvde å få sju års intervall mellom kvar brenning, men det var vanskeleg å finna nok dagar med passe vær.

Rypejakt er den økonomiske motoren

Den viktigaste grunnen til at den gamle tradisjonen med lyngbrenning aldri blei avslutta i Skottland, er rypejakta. Dette visste me på førehand. Men at jakt på fugl og hjortedyr gav så store økonomiske ringverknadar på landsbygda var overraskande. Første dagen møtte me ein ung "gamekeeper» (skogvaktar / viltvaktar). Han la til rette for jakt på eigedomen der han arbeida. Om våren fôra han opp fasankyllingar som blei sett ut i tusental. Ryper går ikkje å avla i fangenskap og derfor er rypejakt ei mykje meir eksklusiv jakt. Populasjonen har sine naturlege svingingar, enkelte år blir det totalt kollaps. Derfor er det vanleg å plassera ut medisin mot snyltarar i forsøk på å få ein jamnare populasjon av rype. Flåttbehandling av sau som gjekk i lyngmarka blei rekna for å vera ein indirekte måte å få ned flåttproblem på dei ville dyra.

Glen Tanar – gammalt gods med nye bein

Lyngbrenning er normalt ein del av «gamekeeperen» sin jobb. På Glen Tanar møtte me eigaren Michael Bruce som etter ein stor villbrann fatta spesiell interesse for brenneteknikkar. Me fekk sjå «brannstasjonen» på eigedomen. Michael har vore aktiv med utprøving av nytt utstyr og driv opplæring og konsulenthjelp for andre lyngbrennarar i tillegg til eiga drift.

For å få eit godt rypeterreng er det viktig å ha lyng av ulik alder. Derfor blir det ikkje brent store felt om gongen. Normalt blir det sett fyr på ei 30-50 m brei gate som får følga terrenget oppover eit stykke før brannen blir avslutta. Ei veldriven skotsk lynghei ser ut som eit lappeteppe av ny og gammal lyng. Det meste av lyngbrenninga som skjer på norske-kysten i dag ville nok skottane ha kalla «restaurering».

Glen Tanar, som ligg inne i den store nasjonalparken Caingorms, er ein arbeidsplass med rundt 20 tilsette. Dei har satsa på turisme, selskapslokale, skogbruk, jakt og fiske i tillegg til jordbruksdrifta. Jordbruket var etter kvart den økonomisk minst viktige delen. Lyngmarka blei brent regelmessig, men ikkje beita av sau.

Mange av dei gamle bygningane på eigedommen var bygd om til utleige. Claire Bruce hadde hand om denne biten av drifta. Det er populært å vera norsk i Skottland. På Glen Tanar kjende me oss ekstra velkomne, ikkje berre fordi eigaren hadde norsk bestemor og «gamekeeperen» Colin hadde jobba ti år på Evenstad. Dette virka til å vera ein plass kvar enkelt blei tatt godt imot sjølv når det var stor aktivitet. (Facebooksida røpa at BBC var på besøk for opptak berre eit par dagar etter vårt besøk.)

 

Refleksjoner etter turen

Eit viktig mål med turen var å knyta kontaktar. Sjølv om historia er ulik forstod me kvarandre svært godt når me diskuterte brenning og gjengroing. Det var inspirerande å sjå det opne landskapet som truleg kan minna om Norge før 1950-talet. Utmarka i Norge gror igjen og dei økonomiske verkemidla som er sett inn kan berre ta vare på «frimerke» av det som var. Meir midlar til inngjerding og betre ordningar for bruk av utmarka er nødvendig om ein vil ha ope landskap. Det hastar!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.