Skjøtsel av lyng på Lygra

19.06.2018 (Oppdatert: 12.08.2019) Ane Harestad, Annlaug Fludal, Birgitt A Harstad

Brenning, tørkestress, einstape og lyngbladbille var nokre av emna som vart diskuterte då om lag 40 deltakarar var med på samling for det norske lyngheinettverket. Deltakarane kom frå Norge, Sverige, Danmark og Skottland. Lyngheisenteret ligg i Lindås kommune i Nordhordland, og var ein god plass å samlast for å utveksle kunnskap og erfaringar om lynghei.

Lyngheisenteret – formidling, forsking og skjøtsel

På 1950-talet vart det meir eller mindre slutt på tradisjonell drift av lynghei i Nordhordland. Landskapet starta å gro igjen, og kunnskap om tradisjonell skjøtsel vart fjern.

Lyngheisenteret på Lygra er eit kunnskapssenter som gjennom aktiv drift skal verne lyngheilandskapet, formidle tradisjonar og gje gode opplevingar til besøkande. Gjennom samarbeid med universitet i Bergen er det også undervisning og mange forskingsprosjekt knytta til Lygra. Ei stifting eig bygningen, medan fem gardsbruk på Lygra står for skjøtselen av lyngheia med beiting og brenning.

Mons Kvamme og Peter Emil Kaland guida deltakarane i lyngheia på Lygra. Av programmet elles var det interessante innlegg frå alle deltakarlanda.

Utegangarsau

Om vintrane går det 30-34 vaksne villsau på 340 daa lynghei på Lygra. Sauene føretrekk å beite på nybrende areal. Med å brenne i mosaikk, blir beitinga meir jamn. Brann tek livet av mykje insekt og mikroliv. Brenning i mosaikk er med på å få det biologiske mangfaldet raskare opp igjen.

Det er gjort registreringar som syner at ein treng 4,9 kg fersk røsslyng for å få ei fôreining (FEm).

Brenning på Lygra

Einer er ein art som ofte tek over når det blir slutt på skjøtselen. I utmarka på Lygra er det er sett av eit mindre område for å syne kva som skjer når arealet korkje blir rydda, slått eller brend. Der er eineren blitt stor og grov.

Brenninga blir gjort under gunstige forhold haust og vinter, men ikkje seinare enn 15. april.

Dersom lyngen er blitt gammal og veldig grov, kan det vera aktuelt å brenne med få års mellomrom.

Etter brenning spirer røsslyngen både frå frø og brend lyng. Nord for Stadt er det foreløpig berre observert spiring frå frø.

Røyk stimulerer frø av røsslyng, klokkelyng, tepperot og nokre grasartar til å spire. Etter ein brann er det gjerne open jord, gode konkurranseforhold og ei gunstig tid for spiring. Einer og sitkagran toler brann dårleg.

Ung røsslyng toler tørke betre enn gammal lyng

På Lygra registrerte dei at det først og fremst var den gamle røsslyngen som gjekk ut i den kalde og tørre vinteren i 2014. Ung lyng tolte tørken mykje betre.

I tørkeforsøk som er lagt ut i røsslyng på Lygra har tørkeskade berre vist seg på gammal lyng, medan ung lyng til no ikkje har fått skade. Same forsøket er lagt ut i kystlynghei i Nord-Trøndelag og i Nordland.

Truleg vil ei lynghei takle godt at det blir våtare klima, men tørke med få års mellomrom kan bli langt tøffare.

Lyngbladbille

På Lygra er det angrep av lyngbladbille som har teke knekken på ein del lyng. Det er larven som et lyngplantene. Sjølv om billa er funnen over alt i heia, er plantene skada berre på nokre stader der det er fuktig.

Lyngbladbilla legg egg som overvintrar i fuktig mosesjikt. Det er lite og ikkje skade av lyngbladbilla i ung lyng, medan det er utgang av gammal lyng. Frå utlandet er det kjend at lyng med god næringstilgang, til dømes frå nitrogen i nedbør, er utsatt for billeangrep.

Er plantene skadde av frost eller tørke vil blada vere grå og daude. Eit billeangrep kan ein kjenne att med at blada er etne opp.

Einstape - to gonger slått per år fleire år på rad

Einstapa er eit ugras i lyngheia som det kan vere nødvendig å gjera tiltak mot. Det er gode røynsle med å slå einstapen to gonger i sesongen fleire år på rad. Beste tidspunkt er når blada er fullt utvikla i slutten av juni samt på gjenveksten når blada har komme opp igjen, om lag 7 veker etter første slått. Einstape har jordstengel som ligg djupt i jorda (20-30 cm). Han får såleis vatn frå djupare jordlag, slik at tørken i mai/juni i år har favorisert einstapen.

Frå gammalt vart einstapen hausta, tørka og brukt som strø under dyra.

Det er sett av eit mindre område for å syne kva som skjer når arealet korkje ikkje blir rydda, slått eller brend. Her er eineren blitt stor og grov. Foto Ane Harestad. 

Her er det tre år sidan lyngen vart brend. Lyngen er ung og gir eit godt beite. Foto Ane Harestad.

Her er det ti år sidan lyngen vart brend. Lyngen gir framleis eit godt beite. Foto Ane Harestad.

Mons Kvamme og Peter Emil Kaland guida deltakarane i lyngheia på Lygra. Her står dei på areal brend i 2018. Foto Ane Harestad.

Frå brannfelt 2018. Ny røsslyng spirer frå brend plante. Foto Ane Harestad.

 

Det er gode røynsle med å slå einstapen to gonger i sesongen fleire år på rad: når blada er fullt utvikla som her samt på gjenveksten, om lag 7 veker etter første slått. Foto Ane Harestad.

 

Sitkagran – kolossal frøproduksjon

Sitkagran kan starte frøproduksjon berre 5 år gammalt. I ei undersøking var gjennomsnittleg alder 14 år då frøproduksjonen starta. Desse trea kan såleis på få år dekke lyngheia i nærleiken av plantefelta. Særleg etter at lyngen er brend kan det kome opp mykje sitka. Frøa er nakne og har kort levetid, berre eit til to år.

Frå programmet, 13.-15. juni 2018

  • Mons Kvamme og Peter Emil Kaland: Omvisning i lyngheia på Lygra.
  • Vigdis Vandvik: Ild - et brennaktuelt tema.
  • Annlaug Fludal og Ove Stumo: Erfaringer og praktisk gjennomføring med lyngbrenning på Haugalandet
  • Anders Braanaas: Utfordringer ved brenning av myr i verneområder på Værlandet.
  • Deborah Davy: Moorland hill sheep and pony grazing in the Highlands of Scotland.
  • Mattias Lindholm/Anne Hermansson: Regionale presentasjoner (3 stk) fra Vestkusten.
  • Carina Lundquist: Regional presentasjon Halland.
  • Annette Holmenlund: Øster Lem Hede i Vestjylland, hedepleje med afbrænding og fåregresning.
  • Audun Steinnes/Monica Dahlmo: Forvaltning av kystlyngheiene i Rogaland. Erfaringer og utfordringer.
  • Heidi Saure: Fra granplanting til kystlynghei. Erfaringer fra restaureringsprosjekt i Nord-Rogaland.
  • Inger Elisabeth Måren/Peter Emil Kaland: UNICEF, Nordhordland som nytt Biosfæreområde.
  • Torhild Kvingedal: Orientering ullprosjekt/ullutstilling på Lyngheisenteret.
  • Siri Vatsø Haugum/Liv Guri Velle/Vigdis Vandvik: Introduksjon til LandPress.
  • Mandusfilmen. Peter Emil Kaland: Om menneskene i filmen og landskapet de tok vare på.
  • Ekskursjon med buss rundt Lurefjorden. Stopp i Fonnastraumen, Krossøy og Fosnstraumen.


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.