Skotske lyngheiar

08.10.2018 (Oppdatert: 05.11.2018) , Birgitt A Harstad , Ane Harestad , Annlaug Fludal

På studietur til Skottland var det mykje flotte lyngheiar å sjå. Om lag 70 % av lyngheiane i verda ligg i Storbritannia.

Bløminga av røsslyng var over 26. september 2018. Her blomstrar purpurlyng framleis. Foto Ane Harestad.

Om lag 70 % av lyngheiane i verda ligg i Storbritannia.

Vi var inn- og utføre Cairngorms Nasjonalpark. Jakt på hjortedyr er knytta til lynghei, men rypejakt er den viktigaste årsaka til lyngskjøtsel. Det er fire ulike typar ryper/skogsfugl. Skjøtsel av lyngheia blir i hovudsak gjort med brenning. Nokre stader blir lyngheia i tillegg nytta til sauebeite. Utvikling av lyngen blir nøye følgd slik at han ikkje rekk å bli for gammal før brenning, men heller ikkje blir brend for ofte. Rypene likar best ein variert lyngbestand. Det blir difor brend i mosaikk for å halde lyngen vital og i ulike aldrar. Der lyngen veks raskast, kan det vera nødvendig å brenne kvart 7. år. Der lyngen veks seint, kan det gjerne gå 20-30 år mellom kvar brenning.

I eit prosjekt for kartlegging av lynghei, blir lyngen registrert kvart 3. år for plantehøgde, dekning, beiting av lyngskot. Det har synt seg at dersom meir enn 40 % av lyngskota er beita på, blir lyngbestanden redusert. Når det berre er hjortedyr som beitar, er det svært sjeldan at ein registrerer at så mykje som at 40 % av skota er beita på.

Vi fekk omvising på eit prøvefelt der IUCN prøver å reparere lynghei. Det er utprøvingar med å jamne ut torva og legge eit lag med strø av vegetasjon med lyngfrø oppå. Spiring og etablering går tregt, men litt lyng har spirt. Forventninga er at meir skal spire og dekke torva igjen.

Vi fekk høyre om ulike interesser når det gjeld lynghei, der jordbruket ønskjer å få inn meir gras i staden for lyng, ulike verneinteresser har smale biologiske vinklingar medan jaktinteressene er gode på lyngskjøtsel med mosaikkbrenning.

Det er problem for lyngheia at myndighetene gir tilskot til skogplanting, og at det ikkje er reguleringar for kvar skogen kan plantast. Rypene treng også ope landskap, og held seg langt borte frå skog.​

Når det berre er hjortedyr som beitar, er det svært sjeldan at ein registrerer at så mykje som at 40 % av skota er beita på. Foto Annlaug Fludal.

Utprøving med å jamne ut torva og legge eit lag med strø av vegetasjon med lyngfrø oppå. Foto Ane Harestad.

Nybrend lyng nederst. Etter kvart vil lyngbrenning på den øvste delen ta trea. Foto Ane Harestad.

 

Brenning i mosaikk held lyngen vital og i ulike aldrar. Foto Birgitt Harstad.

Rypejakt er den viktigaste årsaka til lyngskjøtsel. Foto Ane Harestad.

 

Les meir frå studieturen i skotske lyngheiar.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.