Sluttfôring av lam på håbeite

14.08.2017 (Oppdatert: 12.08.2019)

Det nærmar seg september, og dermed eit av året sine høgdepunkt for mange: smalen kjem attende frå heia. Sjølv om det vert rapportert om fine forhold i heiane om kring, vil det likevel vere naudsynt å sluttfôre ein del av lamma for å få dei slaktemodne. I år som i fjor har slakteria lagt opp til ei bratt priskurve og det er viktig å få lamma raskt slaktemodne.

Beiting av fulldyrka areal er ein god metode for sluttfôring av lam utover hausten. Forsøk frå Bjerkreim og Gjesdal i 2014 og 2015 viser at graset her held 0,90-1,00 Fem/kg TS og 20-25 % råprotein ut oktober. Ein reknar at lamma treng om lag 15% råprotein i rasjonen for å oppnå optimal tilvekst. Dermed vil denne type beite dekke lamma sitt behov til både energi og protein.

Ein tommelfingerregel er at enga treng 1 kg N/daa/veke for å oppretthalde produksjonen. Dette kan graset hente frå etterverknad av husdyrgjødsel, omdanning av organisk material i jorda eller via tilført næring frå mineralgjødsel. Ei overgjødsling med 34 kg kalksaltpeter / daa eller 19 kg 27-0-0 /daa etter 2. slåtten vil tilføre enga 5 kg N og gi graset tilstrekkeleg næring for oppfôring av slaktelamma. Alternativt vil 17 kg/daa med 30-1-1 eller 28 kg/daa med 18-1-2 helgjødsel gjere same nytte. Sistnemnte kan òg fåast med ekstra tilsett kobolt. Det er ikkje gjort forsøk med haustgjødsling med kobolt, men koboltgjødsling på våren har vist bedra koboltstatus hjå lamma utover beitesesongen.

Dersom enga er systematisk gjødsla med husdyrgjødsel etter både på våren og etter 1. slått både i år og føregåande år, vil dette i mange tilfelle gi nok nitrogentilførsel for tilfredsstillande vekst i enga. Nemnte forsøk frå Bjerkreim og Gjesdal delte enga i to. Den eine delen vart gjødsla med 5 kg N/daa etter 2. slåtten og den andre delen ikkje vart gjødsla etter 2. slåtten. Både i Bjerkreim og i Gjesdal hadde enga blitt tilført husdyrgjødsel på våren og etter 1. slått. I desse forsøksfelta kunne ein ikkje finne skilnad i grasvekst mellom dei to felta, men den gjødsla delen av felta viste eit markant høgare innhald av råprotein i graset (25% råprotein mot 20% råprotein).

Ved for stort opptak av protein, må lamma skilje det overflødige nitrogenet ut via urinen. Dette er ein energikrevjande prosess. Dette er energi som lamma dermed ikkje får nytta til tilvekst. I verste fall kan difor for sterk nitrogentilgang for planta føre til redusert tilvekst hjå lamma. Det betyr òg at dersom ein har litt lite beite, og ynskjer å tilleggsfôre lamma med kraftfôr, vil det vere fordelaktig å velje eit proteinfattig kraftfôr (kraftfôr med lav PBV verdi) som suppleringsfôr. Det er òg viktig å hugse at lamma skal ha fri tilgang på vatn på beite. Dette er god dyrevelferd samstundes som lågt inntak av vatn vil hemme fôropptaket og auke risikoen for urinstein. Ved tilgang på saltslikkelstein eller mineralslikkestein vil ein stimulere til ekstra vassopptak og redusere sjansen for urinstein ytterlegare.

For å sikre at enga får ein god overvintring, er det viktig at den ikkje vert for hardt beita utover hausten. Som ein hovudregel bør det stå att minimum 10 cm gras når veksten er avslutta for sesongen. Ein bør òg vere varsom med for sterk N-gjødsling utover hausten. For sterk N-gjødsling resulterer i at graset ikkje stopper veksten og startar vinterherdinga i tide. Både for sein vinterherding og for sterk beiting på hausten vil redusere graset si evne til overvintring og resultere i at enga kjem tregare i gang neste vår.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.