Sølvbunke – reduserer kvalitet på beitet

30.03.2020 (Oppdatert: 30.03.2020) Annlaug Fludal

Sølvbunke er eit gras som blir rekna som ugras. I beitene blir den vraka, særleg av sauen. Etter nokre år byggjer det seg opp tuer. Dersom beitet er heilt dominert av sølvbunke-tuer bør ein ha ein plan på total fornying. Kraftig beitepussing eller å fresa bort dei dei største tuene kan vera ei mellomløysing. Ugras i grasfamilien er alltid vanskeleg å bekjempa kjemisk. Forsiktig punktsprøyting med glyfosat-preparat er einaste alternativ.

Om våren viser sølvbunke-tuene særleg godt. Bildet er frå midten av april. - Foto: Annlaug Fludal

Botanisering i eit beite kan visa ein stor andel sølvbunke-gras utan at det er problem. Men når det dannar seg tuer av graset, må ein vurdera å gjera noko. Dette skjer særleg i sauebeite. Det er fleire gras og halvgras som kan danna tuer i beite. Sølvbunke er eit grovt gras som kan bli bortimot ein meter høgt og har mørk blomsterstand. Graset har stive hår på undersida, og den som drar ei bladplate mellom leppene, kan forstå kvifor sauen lar graset stå igjen. Om sølvbunke har auka i omfang, skal vera usagt. Tidlegare var det mykje fokus på dette ugraset, men dei siste åra har det kome i skuggen av sivtuene. Om våren viser tuene godt. Etter ei avbeiting vil òg tuene visa godt. Ei god beitepussing, gjerne etter avbeiting, vil setta sølvbunka tilbake og gjera dei nye spirene meir attraktive for dyra.  

Gammal eng som kan i enkelte tilfelle vera heilt dominert av sølvbunke. Om denne enga blir hausta og ensilert tyder praktisk erfaring på at sølvbunka ikkje blir vraka av sauen på same måte som på beite.   

Når ugraset er i nær slekt med kulturplanta, er selektiv kjemisk bekjemping vanskeleg. Det finst ingen aktuelle middel for breisprøyting mot sølvbunke. Forsiktig, skjerma punktsprøyting med glyfosat i kvar tue er einaste kjemiske metode. Som skjerm rundt dysa, kan ein bruka ei avkutta plastflaske med tuten opp. Enkelte bruker òg denne metoden til sprøyting i tistel-rosettar og enkeltplanter av siv. Det er viktig å ikkje laga store sprøyte-sår i grasdekket, då det vil gi plass for nye ugrasplanter. Er arealet heilt dekt av sølvbunke-tuer, bør ein vurdera brakking og nytt gjenlegg der det er praktisk mogeleg.  Sølvbunka krev høgare dosering ved brakking enn kveka og dei vanlege eng-grasa. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.