Sortsforsøk mais 2020

08.02.2021 (Oppdatert: 08.02.2021) Odd Ingebret Paulsen

Sjølv om 2020 temperaturmessig gjennom sesongen var omtrent på snittet, blei det takket være ein lang og fin haust eit bra maisår. Me såg store avlingar medan kvaliteten var litt varierande.

Trond Vistnes i Randaberg har hatt et sortsprøvingsfelt for fôrmais over flere år. I 2019 blei det ikkje tatt avlingsregistrering på dette feltet, men i 2020 var NLR tilbake igjen og stod for avlingsregistreringa. Trond utfører ellers alt det praktiske arbeidet med etablering og stell av feltet. FKRA har levert frø av ulike sorter for prøving. I 2020 var det sortane Prospect, Ambition, Zeta 102, Zeta 140, Wizard og Wizard m/StarCover, som var med i forsøket.

I sortsfeltet var det to gjentak per sort som kvar besto av to planterader med 75 cm radavstand. Frøa vart sådd med ein ettfrøsåmaskin, med om lag 12 cm planteavstand . Avlingsregistreringa vart utført ved å hauste og vege ein oppmålt lengde på to meter i to parvise rader per gjentak. Stubben var om lag 20 cm. Feltet vart hausta 15. oktober 2020. Prøver frå kvar sort vart tørka og registrert tørrstoffavling på, og alle seks sortane vart sendt til FKRA for analyse.

Tall for gjennomsnittsavlingar for dei ulike sortane i prøvinga i 2015, 2016, 2017, 2018 og 2020 er gitt i figur 1. Kvalitetsanalysane frå 2020 er gitt i tabell 1. Avlingsnivået på mais i 2020 må seiast å ha vore bra.  Av årets sortar er det Prospect som kjem best ut med tanke på avling, men kvalitets messig er den ikkje like sterk. Avlingsnivået til sorten Ambition er missvisande frå årets hausting, det var problem med frøa og spiringa på denne sorten i vår og det blei ein del færre planter enn ønskja. Kvalitetsmessig kom Ambiton bra ut så dette er ein sort som bør vera med vidare. Sorten Wizard var også bra i år, men her var det overraskande stor variasjon i kvalitet på beisa og ubeisa frø, frøa som var ikkje var beisa med StarCover enda opp med høgast stivelseinnhald.    

 

Figur 1 Gjennomsnittsavlinger for kvart av åra 2015, 2016, 2017, 2018, 2020 og gjennomsnitt for alle fire sesonger.

 

Tabell 1 Analysert kvalitet av de ulike sortene i sortsprøvingen i 2020

Sort

Tørrstoff

Stivelse

Sukker

NDF

Protein

Ford.Org.stoff

FEm

avling

 

% av fôr

% av ts

% av ts

% av ts

% av ts

% av ts

/kg ts

kg TS/daa

Prospect

27 %

12 %

6 %

62 %

10 %

71 %

0,84

1787

Ambition

28 %

31 %

7 %

65 %

9 %

79 %

0,93

1238

Wizard

26 %

28 %

8 %

65 %

9 %

78 %

0,92

1626

Wizard m/Starcover

27 %

16 %

8 %

63 %

8 %

73 %

0,86

1763

Zeta 140

26 %

13 %

8 %

62 %

8 %

71 %

0,83

1322

Zeta 102

26 %

38 %

5 %

58 %

10 %

80 %

0,93

937

 

Figur 2. Viser avling og stivelsesinnhold i 2020  for dei hausta sortane.

 

Sjølv med veldig jamn tørrstoffprosent og lågt sukkerinnhald ser me stor variasjon mellom sortane når det kjem til innhald av stivelse.

I vekstsesongen vil maisplantene respondere med veldig god vekst i varmeperiodar (temperatur over 20oC), og desto meir stagnasjon i kalde periodar (under 150C). Dette betyr at maisplantene er mer følsom for temperatur enn for eksempel vanlig eng. Med bakgrunn i denne vekstrytmen er det utviklet noe som kalles Ontario Mais Varme Enheter (MVE) som erstatning for vanlig varmesum når vekstforholdene skal beskrives. I figur 3 sammenlignes sesongene 2018, 2019 og 2020 med kverandre. Sjølv om det ikkje blei heilt 2018 nivå har ein varm og fin haust ført til relativt gode maisforhold, også i 2020.

Figur 3. Akkumulert maisvarmeenheter (MVE) for vekstsesongen (1.5-30.10.) 2018, 2019 og 2020. Berekna på bakgrunn av døgnmiddeltemperatur i 2 meters høgde på Særheim.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.