Store variasjonar i husdyrgjødselkostnaden

06.08.2018 (Oppdatert: 23.08.2018) , Bård Oliver Gjellestad

I masteroppgåva mi vart husdyrgjødselkostnaden granska. I prosjektet Grovfôr 2020 som NLR er ein del av, vart det samla inn interessante tal om økonomien hjå over 200 engasjerte bønder, der eg hadde gleda av å undersøke kva som verka inn på økonomien i handteringa av møkka.

Slangespreiing er ein effektiv måte å få ut møkka på og gir låge kostnadar. Foto: Kyrre Vasstveit

Om ein vil redusera kostnadar knytt til grovfôrproduksjonen er funna frå prosjektet klare, heile ein tredjedel av dyrkingskostnadane er knytt til husdyrgjødsla. Og variasjonen er stor, så her er noko å ta tak i!

Avstand og storleik er viktig

I oppgåva såg eg på korleis metode verka inn på kostnadane. Funna stadfestar det dei fleste er klar over, det viktigaste for kostnaden er køyreavstand til teigane og storleik på bruket. Storleiken på bruket er målt i kor mange tonn ein handtera i året og er viktig for kostnaden per tonn fordi ein har høge faste kostnadar til maskinar og utstyr.

No er det jo ikkje berre å redusera avstandane eller utvida garden, men det seier oss kor me må setja inn støyten. Dette kan til dømes visa oss at me det er pengar å hente på å sjå etter rimelegare transportløysingar og å utnytte stordriftfordelane betre sjølv om me er små.

Sagt på ein anna måte kan samarbeid om bruken av skiten, bruk av store vogner eller lastebil til transport, eller å redusere bruken av husdyrgjødsel på jorde langt vekk, alle vera tiltak for å redusere transportkostnaden. Når det gjeld stordriftfordelane, er det eit viktig prinsipp å ha god kapasitet, men låge faste kostnadar, til dømes gjennom sameige eller leige.

Slangespreiing er billig!

Det viste seg også at kva metode ein brukar er avgjerande for kostnaden, der slangespreiing kom ut med ein klart lågare kostnad. Av dei 183 bruka som var med i analysen hadde dei 31 bruka som berre brukte slangespreiing ein kostnad på 23 kr per tonn, mens snittet for alle var 45 kr/tonn. Dette viser at slangespreiing er ein effektiv måte å få ut møkka på og gir låge kostnadar. Men dette er som oftast bruk med korte avstandar og også mange gonger relativt store bruk. Slik er ikkje dei fleste gardsbruk, mange har både lange avstandar og små teigar og slangespreiing er på ingen måte eigna overalt.

Men når ein veit at slangespreiing gir låge kostnadar, bør bruk der forholda ligg til rette for slangespreiing vurdere dette. Det er også viktig å huska på at med mellomlager og til dømes lastebiltransport kan det vera aktuelt sjølv på bruk med lengre avstandar. Det ein må huska på er at slangespreiar krev mykje utstyr og er nok relativt dyrt, men som analysane mine viser tilpassar bøndene seg med å eiga ustyret i lag og utnyttar på denne måten ein stordriftsfordel.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.