Suksesskriterium ved isåing i eng

05.04.2018 (Oppdatert: 05.04.2018) ,  Ole Arnfinn Røysland

Vinteren er i ferd med å sleppe taket, og mange vurderer nå om ein skal så i ekstra frø på halvsvake areal. For å lukkast med isåinga, er det viktig å ha kontroll på suksesskriteria.

Det er viktig at frøa får god kontakt med jord for å lukkast med direktesåing. Foto: Ane Harestad

Som i all anna dyrking, gjeld det å legge forholda til rette for den planta me ynskjer å få fram. For at eit direktesådd frø skal spire, har det følgjande kriterium:

  • God kontakt med jord
  • Fukt
  • Tilgang på lys og varme
  • God spireevne = rett grasart
  • Andre forhold

 

God kontakt med jord

Kontakt mellom frøet og jord er essensielt for at frøet skal kunna etablere seg. Dette betyr i praksis at ein må køyre over med utstyr som roter litt i torva og blottlegg jord. Om utstyret heiter Einböck, Vredo, Underhaug direktesåmaskin eller er ei ordinær harv som ikkje roter meir enn 1-2 cm, er underordna. Poenget er at frøet skal komme i kontakt med jord og ikkje bli liggjande oppå torva, eller i bladverket til andre planter.

 

Fukt

For at eit frø skal spire, er det avhengig av fukt. Normalt kjem denne fukta frå jorda. Det vil seie at frøet ikkje berre må leggjast på/i jord, men jorda bør pakkast rundt frøet slik at frøet får nytta fukta i jorda. I praksis betyr dette tromling. Eit anna alternativ er å køyre tynn hevd oppå frøet. Vil ein blande frøa inn i hevda, kan det vere lurt å sette grasfrøa i vatn over natta før ein blander dei inn. Då vil dei lettare blande seg med hevda. NB! Sjølv om ein køyrer frøet ut samstundes med lorten, gjeld framleis regelen om at frøet treng kontakt med jord.

 

Tilgang på lys og varme

For at ei ny spire skal kunne overleve, er det viktig at ho får lys. Ho må få minst mogleg konkurranse og skygge frå dei øvrige vekstane på arealet. Dette at ein må få ut frøa så tidleg som mogleg slik at det etablerte graset har kome lite i gang med veksten. Set i gang så snart jorda er lagleg til å køyre på med den lettaste traktoren du har. Dersom ein gjødsler hardt frå våren av, vil dette i fyrste rekke vere ein fordel for det etablerte graset som vil skyte fart og skyggelegge dei nye spirene. Ei lett vårbeiting med sau vil òg sette tilbake det etablerte graset og kjøpe dei nye spirene noko meir tid til å etablere seg.

 

Sjølv om frøet spirer, er det ikkje gitt at det klarer seg dersom det øvrige graset vert for dominerande. Foto: Ragnvald Gramstad.

God spireevne = rett grasart

Å konkurrere seg inn som ny plante i eit etablert eng er ikkje for alle. Dersom ein skal lukkast med direkte isåing, er det viktig å velje frø av planter som er aggressive. Planter som har store frø, vil òg ha meir energireservar i frøet. Dermed har dei meir å gå på før dei må stole på eige rotsystem og bladverk for å få fatt på energi. For isåing i eng betyr dette at det er raigras og raudkløver som er aktuelle artar. Forsøk med andre artar vil truleg ende med fiasko. Sjølv ved bruk av fleirårig raigras er det sprikande resultat i forsøka på kor vidt dette har gitt avlingsauke. Nokre gonger får ein tilslag, medan andre gonger vert raigraset konkurrert ut sjølv om det spirer frå våren av. Ei blanding av eitt- og toårig raigras (til dømes 1/4 eittårig og ¾ toårig) gir størst utsikt til å lukkast med isåinga. Men med dette regimet bind du deg til å fortsette med isåing om våren til neste gong du skal pløye. Her må ein vurdere kva som er rett på kvart enkelt areal.

Andre forhold

Dersom det er andre ting på arealet som ikkje er i orden, vil sjølvsagt dette hemme etableringa av dei nye spirene og favorisere ugras. Her tenkjer ein på kalktilstanden i jorda (pH), tett jord, dårleg drenert jord og liknande. Dersom ikkje desse tinga er på plass, vil ikkje direktesåing vere noko vidunderkur som løyser problema med dårleg avling.