Målet med forsøka er å undersøke om våtsåing med eitt- og toårig raigras første våren, og deretter eittårig raigras neste vår, kan opne opp grasdekket nok til at våtsåing med timotei og kløver tredje våren blir vellukka. Det skal også prøvast ut harv påmontert såutstyret.

Dronebilete av felta brukast for å teste algoritmar, som med tida kan gå inn i eit dataverktøy for bonden for vurdering av fornyingsbehov for enga.

Vatsaing bjorgkarin dysjaland 2
Våtsåing av raigras, med horvtindar som skal hjelpa frøet å få jordkontakt. Foto: Bjørg Karin Dysjaland

Denne sesongen var den andre av tre for forsøksfelta som ligg fast hjå Arnstein Njærheim, Nærbø, Asle Dagsland, Skjold og Lars Johan Flatebø, Etne. Behandlingane var dei same som året før, men såfrøet var i år reint eittårig raigras:

  1. Kontroll (gjødsling utan frø)
  2. Våtsåing med frø
  3. Våtsåing med horv og frø

Tabell 1: Avlingsresultat i dei tre felta i prosjektet for sesongen 2021, oppgjeve i kg TS/daa.

Bjorg tabell

Det var ikkje signifikant skilnad på totalavling mellom behandlingar på nokon felt denne sesongen.

Går ein meir grundig til verks og ser på kvar slått, ser me at det er ein tendens til at behandlinga det er brukt såharv på har lågare avling i førsteslått og høgare i tredjeslått. Felta i Etne og på Nærbø har ein signifikant samspelseffekt mellom behandling og slått.


Forsøket held fram i 2022.

Forsøka er gjennomførte i samarbeid med Agromiljø AS, Agrosense AS, Felleskjøpet Rogaland Agder og NIBIO Særheim, og er del av det treårige prosjektet «Klimasmart og kostnadseffektiv fornying av eng». Statistisk analyse av avlingsresultat er utført av NIBIO. NLR Rogaland er prosjekteigar og samarbeider med dei ovanfornemnde om prosjektet. Det blir støtta av det nasjonale klima- og miljøprogrammet.

Vatsaing bjorgkarin dysjaland 3
Me observerte spiring både i 2020 og 2021. Foto: Bjørg Karin Dysjaland
Vatsaing bjorgkarin dysjaland 4
Ettårig/toårig raigras i skyting før tredjeslått. Ein såg godt forskjell på der det var sådd og ikkje sådd, til og med i kvekerosene. Men jamt over hadde me ønska oss betre tilslag på alle felt. Foto: Bjørg Karin Dysjaland