Tid for lyngbrenning

15.02.2018 (Oppdatert: 12.08.2019) Annlaug Fludal

Brenning er ein gammal metode for å fornya utmarksareal. Mange plasser på kysten har dette blitt tatt opp på ny. Når lyngen har blitt stor og grov, eller brake og småbjørk har overtatt utmarka, kan brenning vera ein god måte å «nullstilla». Røyk stimulerer òg frøa slik at lyngen spirer betre. Dyra likar seg på nybrente område og det kan vera ein måte å styra beitemønsteret på. Ope landskap vil òg vera viktig som eit brannforebyggande tiltak nær sentra.

Brannen blir starta langs eit gjerde. Vindretningen mot høgre i bildet. Foto: Annlaug Fludal.

Været er avgjerande og gode forhold for brenning er mangelvare. Ein tørr haustdag kunne vore ideelt, men i praksis er etterjulsvinteren beste sesongen.  Planlagt brenning bør ikkje skje for seint på våren av hensyn til dyreliv. 15.april har vore rekna som ei absolutt grense for å få lov å setta fyr i utmark.

For dei som har planar om brenning, er det greitt å ta organiseringa i god tid. Tidsrommet frå «for vått» til «for tørt» kan ofte vera kort.  Det er ulike krav og ønske frå brannvesen i dei ulike kommunane. På Haugalandet er det mange rutinerte brennarar og dialogen med brannvesenet har vore svært god. Det som bør med i ein søknad / varsling til det lokale brannvesenet:

  • Kartskisse med namn over område der det er planlagt brenning
  • Kontaktinfo til den ansvarlege for gjennomføringa
  • Oversikt over mannskap for å gjennomføra brenninga

Dette bør meldast inn i god tid, gjerne for all brenning ein ønsker å gjennomføra i løpet av vintersesongen. Når det ser ut til bli muligheter kan ein samla medhjelparane og diskutera i detalj kor ein skal starta og kor ein har avgrensingar som kan stoppa brannen; vatn, vegar og terrengformasjonar. Ein må sikra nok brannvifter og anna sløkkeutstyr. Kontoret i Haugesund har over ti år organisert utlån og tatt opp fellesbestilling på brannvifter frå firmaet Egenes. Som tennarar blir vanlegvis brukt gassbrennarar  produsert med tanke på ugrasreinhald i hage. Nå held ein på å bygga opp eit organisert nettverk av erfarne brennarar, «Haugaland lyngbrannreserve» som har overtatt mykje av formidlinga av utstyr. Ove Stumo har vore nøkkelpersonen her. Det har blitt testa ut ulike typar sløkkeutstyr til bruk i terrenget. Ryggtåkesprøyte kan vera effektivt, men tung å bæra. Lette, motoriserte lauvblåsarar har vist seg å fungera godt under sløkkearbeid.

Når forholda er rette er det viktig å ha tett dialog med lokale brannvesen og brannvakt. Start og avslutning må meldast inn samt eventuelle forandringar i planane undervegs.

 

Lokale kontaktar for lyngskjøtsel:
Sør: Birgitt Harstad. Mobil: 970 14 117.

Midt: Ane Harestad. Mobil: 941 64 528

Nord: Annlaug Fludal. Mobil: 948 45 427

 

«Kilden» er ein god nettstad for å skriva ut kart. Ein kan velga flyfoto eller andre typar kart og velga eigedomsgrenser, hus, vegar mm.  

https://kilden.nibio.no/?X=7334000.00&Y=400000.00&zoom=0&lang=nb&topic=arealinformasjon&bgLayer=graatone_cache

 

Følg med på brenneaktivitetenpå Haugalandet på facebook: https://www.facebook.com/groups/1810280152550019/

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.