
Vi har gjennomført forsøk med tidleg tildeling av lettløyseleg nitrogen- og svovelgjødsel. Resultata viser ein tendens til liten, men usikker avlingseffekt.
Klimaforskarane lovar oss høgare temperaturar og kortar vintrar. Vekstsesongen, tida der gjennomsnittstemperaturen er over 5 grader har blitt lengre. Seinhaustes er det sannsynlegvis lyset som avgrensar planteveksten i ytre strok av Rogaland, ikkje temperaturen. Våren er litt annsleis, ofte med gode lysforhold frå februar av, før temperatur i jord og luft er høg nok for plantevekst.
Når startar vekstsesongen. Tabellen under viser dato for når middel lufttemperaturen har vore over 5 oC i 5 dagar, der også jordtemperaturen er over 2 oC
|
2018 |
2019 |
2020 |
Særheim |
8. april |
27. mars |
6. april |
Hjelmeland |
8. april |
28. mars |
6. april |
Etne |
10. april |
28. mars |
6. mars |
Med tanke på gode lysforhold og mildare vintrar: Kan tidlegare vårgjødsling med lettløyseleg nitrogen og/eller svovel auka avlingane? - eller klarar enga seg med reservane som er lagra frå tidlegare?
I samarbeid med NIBIO og andre avdelingar av NLR har vi dei siste tre åra hatt forsøk med tidleg vårgjødsling i etablert eng. Desse tre åra har vi hatt milde vintrar og god overvintring på enga. Heile forsøket kan du lese i Års- og forsøksmelding 2020, som du vil få i posten om ikkje så alt for lenge.
Og resultatet?
Alle resultata er ikkje klare enda, men alt tyder på at tidlegare vårgjødsling har liten effekt på avlingane. Vi ser ein tendens til auka avling på enkelte felt. Blant anna såg vi i Suldal ein effekt av tidleg svovelgjødsling i 2020. Men effekten er liten og sjeldan statistisk sikker. Under har vi tatt med resultatet frå dei to felta vi hadde i 2020.
Feltet i Suldal, Indre Ryfylke: Avling i kg TS/daa på 1. slått 2020, hausta på eit tidleg stadium og ved bonden si slåttetid, etter delt gjødsling med N og S. (Ulike bokstavar bak avlingstala tyder at det er signifikant forskjell mellom ledda, p=0,05.)
Ledd |
Behandling |
Tidleg slått 19.05.20 |
Vanleg slåttetid 10.06.20 |
1 |
5 t/daa storfegjødsel, 20. april |
96 b |
394 b |
2 |
10 kg N + 1.4 kg S, 6. april |
169 a |
528 a |
3 |
10 kg N + 1.4 kg S, 27. april |
135 ab |
513 a |
4 |
Halv mengde N 6. april, resten 27. april |
151 ab |
496 a |
5 |
Halv mengde N og heil mengde S 6. april, resten 27. april |
161 a |
533 a |
Feltet i Lund, Dalane: Avling i kg TS/daa på 1. slått 2020, hausta på eit tidleg stadium, og ved bonden si slåttetid, etter delt gjødsling med N og S. Ikkje signifikante skilnadar.
Ledd |
Behandling |
Tidleg slått 26.05.20 |
Vanleg slåttetid 11.06.20 |
1 |
3,5 m3 storfegjødsel blaut, 27. april |
161 |
481 |
2 |
10 kg N + 1.4 kg S, 31. mars |
239 |
614 |
3 |
10 kg N + 1.4 kg S, 22. april |
218 |
560 |
4 |
Halv mengde N 31. mars, resten 22. april |
247 |
608 |
5 |
Halv mengde N og heil mengde S 31. mars, resten 22. april |
238 |
579 |