Tiltak etter angrep av stankelbein

27.05.2019 (Oppdatert: 27.05.2019) Ole Arnfinn Røysland

Mange har opplevd angrep av stankelbein i attlegg, eng og beite i år. Og mange lurer på kva tiltak som er mest fornuftig framover. Som med så mykje anna, må dette tilpassast til det enkelte bruket. Her kjem likevel nokre skisser til ulike tiltak:

Beite totalt rasert av stankelbein. Foto: Ragnvald Gramstad

Uansett kva tiltak ein vel, er det viktig å vente til godt uti juni med å så. Bakgrunnen for dette er at larvane ikkje slutter å gjere skade før i slutten av juni. Dersom ein til dømes sår nye frø kring 10. juni, vil graset ikkje rekke å spire noko særleg før kring 24. juni. Då har truleg mesteparten av larvane lagt seg til i pupper, og gjer ikkje meir skade. Tilrettelegging som pløying og anna jordarbeiding kan gjerast før denne tid.

Aktuelle tiltak vil variere med omfanget på angrepet. I mange tilfelle vil det vere aktuelt å vente til etter 1. slåtten med å gjere noko. Dersom det bare er snakk om enkelte småflekker, er det aktuelt å gjennomføre ei grunn jordbearbeiding (harving, eller fresing) og så i flekkvis for å reparere dei skada områda. Direktesåing i dei daude flekkane er òg aktuelt, men ei grunn jordarbeiding vil oftast gi sikrare og betre spiring.  Med denne løysinga er det mest aktuelt å så i med same frøblanding som resten av stykket.

Dersom enga er gammal og gir lite avling er det aktuelt å fornye heile enga. Sprøyting ei vekes tid etter slått, for så å pløye vil gi som regel gi det beste resultatet. Men dersom jorda laus og fin i toppen, kan fresing eller harving òg gi eit brukbart resultat. Då vil ein kunne ta ein slått på omlag 400 kg ts/daa i haust. Hugs å sjekke pH og bestemme behov for kalking.

Dersom ein har ein pressa fôrsituasjon, og treng maksimal avling i år, er det aktuelt å satse på eittårige grønfôrvekstar. Eittårig raigras, eventuelt i kombinasjon med bygg eller havre vere mest effektivt. Her kan ein så 10-18 kg korn/daa i kombinasjon med 4 kg eittårig raigras/daa. Kornet vil vere klar for hausting etter om lag 50 dagar, og raigraset vil så vere klar til slått etter 4 nye veker. Etterpå er det aktuelt med haustbeiting. Dette kan gi avlinger i storleiken 600-800 kg TS/daa (ein standard rundballe inneheld 200 kg TS). Hugs at korn er meir kravstor til jordstruktur, såbed og pH enn gras. Det vil seie at det er uaktuelt å direkteså korn.
Havre er mindre kravstor enn bygg, men bygg vil sleppe meir lys ned til raigraset og gi raskere spiring og slått (om lag 5 dagar).

Eit anna alternativ er å så 20 kg havre eller bygg/ daa for så å ta ein slått på dette. Etterpå kan ein lage eit hustattlegg for å ha ei ny og fullt ytande eng til neste år. Denne modellen kan gi opp til 600 kg TS/daa.

Dersom det er eit attlegg som er angrepet, så er alternativa jamt over dei same som nemnt over. Her er overflata ofte opparbeida til eit fint såbed. Dermed kan køyre såmaskinen direkte ut på attlegget. Òg her har ein valget mellom å så varige engfrø, eller eittårige vekstar som nemnt ovanfor.

 

Dersom det er beitet som er angrepet, er handlingsrommet mindre. For at nye frø skal spire, er ein avhengig av kontakt med jord. Dette er vanskeleg å få til i eit beite. Ein kan spreie ut nokre frø og håpe på at dyra trakker dei ned og gir dei kontakt med jord. Ein kan til dømes styre dyretrafikken med slikkestein eller tilsvarande. Eventuelt er det mulig å blande frø i hevda og håpe at plantane klarer å etablere seg. Men sjølv om nye planter spirer, har dei mange gonger vanskar med å etablere seg skikkeleg, og dermed greier dei ikkje vinteren. I varige beiter vil det naturleg ligge ein frøbank i jorda som etter kvart vil byrje å spire. Dermed kan kalking og gjødsling for å legge forholda til rette for edle beitegrasartar vere av dei beste tiltaka.

 

Ta gjerne ein telefon til din rådgivar og diskuter kva tiltak som er mest aktuelle på din gard.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.